[Tidender.] I Sverik
held dei paa med aa
velja Riksdagsmenn no.
Den svenske
Politikken hev aldri havt nokot forvitnelegt for oss; det er nokot
dei stridast um, som me litet forstend av. Politikken der hev endaa
inkje eingong
fenget
greidt
upp paa
Programmet sitt slike store Folkesaker, som me alt hev stridt fram,
det er inkje klaare Parti der endaa. Norig er det som er komet lengt
i Politikken, so kjem Danmark og sist er Sverik. Det er til stor Ære
for oss Nordmenn, at Svensken no for aa hava nokot aa driva med, maa
setja Forholdet til Norig og den norske Politikken upp som ei
Merkjesak, so stor er den nationale Armodsdomen der. Storsvensken er
ovundsjuk paa Landet vaart, som skal hava slik Fridom og
Sjølvstyring, og dei fæler for at Fyredømet vaart skal draga etter
seg i Sverik. Difor hev dei lagt alt sitt Hat mot dei Menn, som stod
paa Sida vaar, daa vaare politiske Ri-der var som hardast, allvist
hev daa denne Øsingi samlat seg i Ropet: Burt med
Hedin,
Riksdagsmann fraa Stockholm, Norigs varmaste Talsmann, ein sann
Fridomens Ven. Og Bladi skreik paa, at dei maatte skilja Samlag med
slikt eit Land som Norig.
Staaket og Styren fyri
Valet var stor og mykje Raaskap kom til Syne.
Laurdagen var Valet i
Stockholm.
Hedin og Flokken
hans vann
med stort Fleirtal.
Sveriks Hovudstad kastad
Formyndarskapen fraa seg, hevdad sin Vyrdnad og heidrad Norig og
Politikken vaar.
Naar vil Norigs Hovudstad
gjera sameleids?
Publisert