[Tidender.] Fridomens fyrste Krav.

 
Programmet aat Vinstreforeiningi fær ein hard Dom her av Arne Garborg; me trur at alle Maalmenn maa sanna det han segjer. Me hadde ventat nokot annat.

Veto er me no kvitt. Etter 60 Aar hev Fridomen vunnet fram og fenget sine Menn.
Er det kanskje berre eitpolitisk Parti, som hev vunnet yver eit annat eit?

Nei det er det norske Folketsom hev vunnet, og fenget att sin gamle Rett, den som Aarhundrad hev løynt, og som 1814 gav oss Namnet paa. No er han vaar.

Ei Vending so sæl og rik paa Fylgjur, Umyndugskapen ligg bak oss som eit Klædeplagg me hev vakset utor, og fyre oss ligg eit Liv som me sjølve kann raada.

Skulde me daa inkje i slike Fagnadstunder fyrst og fremst vera tenkte paa med Manndoms Kraft aa fri oss fraa dei Trældoms Kaar som endaa heng ved? fri oss fraa alle skitne Flekkjer, reinska vaar Æra fult ut, lyfta vaart Hovud og standa staut fram millom Evropas frie Folk? Den 26de Juni meldte vaar Frigjeringhøgt og klaart for alt Landet. Var det daa inkje høveleg Takk og Svar um det norske Folket samstundes forkynte si fulle Sjølvhevding, og ein Gong for alle let etter seg si største nationale Skamm bak dei gamle Trældoms Murar?

Hell kanskje du trur, at all vaar nationale Skamm sokk saman med Vetoet?

Det er mangt uhøvelegt, som ein maa tola hjaa den umyndugeog ufrie, men naar han vert friog fullmyndug, daa vert det den største Skamm.

Skammi aukar for kvar Dag som gjeng, fyrr det vert ropad ut og godkjent av alle Magter:

Fridom, Fridom for det norske Maalet !

Tru inkje, at her kann ventast, at det norske Folket skal kunna hevda seg sjølv, fyrr det veit at det kann ferdast trygt med sitt eiget Maal baate som Borgar og som Soldat¹) og som Embættesmann. Fyrr kann ingen med godt Samvit segja, at han høyrer til det Folket, som raar i Norig, men maa endaa finna seg i aa verta kallad for Veslegut og verta reiknad til dei undergjevne.

Norges Vinstreforeining var væl helst den, som paa Folkets Vegner skulde svara med aa nemna dette Fridomens fyrste Krav hjaa oss.

Men nei det ser ein inkje nokot til!

Fyrst set dei upp Folkedomstolar(Jury) likesom det gjekk an aa gjeva Folk Domarvyrdnaden, som endaa her paa national Skjemsla!

Og so Folket i Vaapen , likesom ein kunde venta, at Folk skulde hava Kjærleik til aa verja eit Fedraland, som inkje unner Folk Maalet sitt ein Gong!

Og slik med dei andre Ting ogso.

Nei lat fyrst Folket faa si fulle Sjølvhevding. Daa fyrst kann ein vona, at Evne og Dugleik skal koma fram til Landsens Bate.

Skal ein kanskje tru, at det var Menn i Styringi, som inkje hadde Syn for Saki?

Ingen sann Vinstremann kann vera mot Maalsaki, for daa var han Fridomens Fiende, og det rann inkje norskt Blod i Aadrom hans. For um ein ogso inkje er Maalmenn sjølv, so maa ein daa skyna at her gjeldst det ei Fridomssak av fyrste Rang. Men Maalsaki hev daa ogso av sine beste Talsmenn i dette Styret! Likevæl hev dei berre sovidt nemnt Landsmaalet millom andre Ting som Vedtak i andre Rekkja.

Ein kunde tru, at dei forstod inkje kor store Ting her no er hendt , sidan dei gjer so smaae Sprang, berre tek upp att de nærmaste Krav fraa Aari her fyrr, som inkje hadde like Vilkaar med vaare Dagar. Dei hugsar liksom inkje paa, at Norigs Soga er lenger enn fraa igaar, og at det er gamle Mein att aa grøda her . Det burde dei minnast, at Meinet er inkje mindre um det er gamalt. Det et um seg des meir.

Me er inkje nøgde.

Men me vonar, at alle dei Vinstreforeiningar, som duger nokot, vil vita aa gjera Vedtak i denne Saki, som reiser Folkeæra vaar heilt upp att.

Krevje: Full Fridom for det norske Maalet .

For no endeleg er dei Tider komne, daa det norske Folket skal visa si Kraft.

Heilt fram med Maalsaki!

Hugse Wergelands Ord: Eit nytt norsk Maal, fyrr Aarhundradet er til Ende !

Vinn me inkje fram no, so gjer me det aldri. For no hev me Raadsmagti sjølve; ingen annan hev me aa lita paa enn paa oss sjølve.

Det segjer me hugheilt, at duger me inkje til dette, so duger me inkje til aa vera eit sjølvstendugt Rike; daa var det likare at me gav Veto til Kongen straksog bad Svenskarne koma og styra oss; for det vart so til det lel; og det var inkje verdt aa fara klussa og stella lenger for oss sjølve og spilla vaar Kraft paa det faafengte, men me fekk sjaa Lagnaden vaar i aa ganga upp i eit større, stautare og sterkare Folk og freista aa gløyma oss sjølv og vaare gamle Minne.

Og so skal Folket vaart kanskje faa det Ettermælet, at den Tid det kunde berga seg med aa skrika Nei, var det nokso flinkt, men aa segja eit kraftigt Ja _ til det vart Mælet for veikt!

Norske Folk, Maalmenn i By og Bygder avsanne desse Ordi! Velte burt Trældoms Skammi!

Lat oss hevda Folkeæra vaar, fyrr det vert for seint
 
 
¹) Me maa beda Styraren for Armedepart . granska etter, um han finst endaa den Ordenen fraa
Kristiansandske Brigade (1881), som forbyd Herfolket aa bruka norskt Maal. Um so er, lyt det attrast
straks.