Nokre Ord um Kvendesaki.


(Del 2 av 2.  Fyrste delen.)
 
(Slutten)


Nokot Krav paa aa koma inn i Tinget vilde vist inkje verta gjort i vaart Aarhundrad og kannhenda inkje i eit annat helder. At Kvendi inkje misbrukar sin Røysterett, der dei hava fenget honom, viser vel eit Fyredrag, som var haldet i Filadelfia av Guvernøren i Teritoriet Wyoming, John Hogt. Eg hermer dette:

Det er ei Heppa, at Amerika eig Menn, som hava havt Vit og Hjartelag nog til aa ganga med i Kampen fyre Frigjeringi av Kvendi og som hava kjempat fyre denne Saki radt ifraa 1848. Nokre tru, at berre den politiske Røysterett vil setja Kvinna istand til aa hjelpa seg sjølv, til aa faa seg den Retten, ho treng, yver Borni sine og Eigedomen sin og den Innverknad paa Samfundsspursmaali, ho heve Rett til. Andre vil gjeva deim alt dette, men vil inkje gjeva deim Røysteretten.

Freistnaden vart gjort i Wyoming i 1869 med fyrst aa gjeva Kvinna politisk Røysterett. Tvo Aar etter vart det inngjevet Fyreslag um aa taka Logi attende, men det fall, og sidan hev Kvinna i Wyoming ikkje berre havt Røysterett, men heilt og haldet like Retter med Mannen. Ogso paa andre Stader er Saki i Framgang. I Massachusetts og New Hampshire hava dei gjevet Kvinna Røysterett i Skulesakjer; likaeins i New Yorks Landsbygder. I Pensylvania hava dei gjenget ein annan Veg: dei hava gjevet Kvinna Sæte i Skulestyret og bruka henne som Tilsynsmann. I Indiana stend Saki som i dei Stater, eg fyrst nemnde; men dei er iferd med aa vidka Røysteretten og hava vedtekjet aa bitala Lærarar av Kvendi jamhøgt med deim av Menn. I Illinois, Wisconsin, Minnesota, Jowa, Missouri, Arkansas, Nebraska, Colorado og Oregon stend Saki ved ymse Lid paa Framvokstren, allestader paa frilynd Leid. I Massachusetts er det yver 100,000 Kvende, i Ohio 200,000, i Indiana 180,000 og i dei andre Stater eit tilsvarande Tal, som alle hava sendt inn Adressur um aa faa den politiske Røysterett. Fyrutan denne Verksemd av Kvendi byrjar no ein stor Deil av Bladi aa hugleggja Saki.
 
Kvat er daa Grunnen til, at me maa bida so lenge paa det sidste Stiget? Mange meina, at Kvinna si Røysterett vilde skipla Jamvigti i Samfundet. Dei tru, at Heimarne vilde verta upprivne av politisk Strid, so der i Røyndi inkje lenger vilde vera nokon Heim. Eg kann avsanna dette ved 13 Aars Røynslur fraa Wyoming. Sjølv heve eg voret der 4 Aar, eg heve granskat Saki paa det grannaste, men eg heve aldri set nokot, som kunde gjeva Rett til ein slik Tanke. Dei hava der fengjet Vissa fyre, at det inkje er i Vegjen fyre, at Mann og Kona kann hava kvar si Meining.

So tenkja dei seg og, at naar Kvendi fekk Røysterett, vilde dei alltid jaga etter offentlege Umbod, og at dette vilde verka attende paa Heimom, so det vart Mannen, som maatte passa paa dei smaa, og sy Skjorteknapparne i og gjera ei heil Mengd av desse kjeidsame Smaating som han fraa sin høgare Sess tykkjer er honom for ringe. Men dette er likaeins berre eit Skræmebilæte, som ingen Grunn heve i Røyndom. I Wyoming hava tvo elder tri Kvende gjort Tenesta, ei som Tilsynsmann ved Skularne, dei hine som Medlemer i Juryen (Lagretta); sidan eg kom derut, heve ikkje ei einaste synt Hug til aa treda fram offentleg. Men der er daa Kvende med so framifraa Givnad, at dei vilde vera ei Pryda fyre Domarstandet elder Stortinget. Naar det finst nokor Kvinna med so sjeldfengd Givnad elder med meir enn aalmenne Evne og ho heve Vilje til aa tena det offentlege, so lat henne berre faa gjera det.

Endeleg hava dei meint, at Kvinna sjølv vilde lida ved aa faaast med Politikken. Dei kunde inkje tenkja seg henne i Samband med dei staakande Partimøti og med heile den tjukke og stinne Maskin, som Politikken maa arbeida seg inn i. Lat henne vera fri fyre alt det Tullet, tenkja dei. Eg sjølv tenkte eingong so halvt um halvt det same. Eg var og ein av Verjararne um Kvinna! Det tykkjest daa, at Kvendi i Wyoming inkje hava lidet ein Grand av aa koma med Politikken.

Ein av dei fyrste Dagarne, etter eg var komen til Wyoming, var det Val paa kommunale Umbodsmenn i Byen og paa Landet. Valet stod i Hotellet, som var ein svært fager Byggnad. Tvo Kvende og ein Mann sat innanfyre Vindaugat til aa taka imot Røysterne. Utanfyre var det stellt til Uppstig, so dei, som kom køyrande, greidt kunde stiga ut og ganga burt til Vindaugat med Røystesetlarne. Skrivaren var ei Kvinna. Det var helder livande Rødor og Umrødor derute, som eg stod og lydde paa, daa eg med ein Gong høyrde ei sterk Hyssing. Kvat skal dette tyda? Eg snur meg og ser nokre Kvende, som koma fyre aa røysta. Der vart reint stillt, dei gjekk til Sides, og ein Mann sprang fram til aa opna Vogni fyre Kvendi. Daa desse steig ut og gav si Røyst, lyfte Mennerne paa Hatten og hjelpte deim vyrdsamt attende i Vogni. Eg sagde til meg sjølv, daa Vogni køyrde burt: Desse Kvende taka sanneleg inkje Skade av aa røysta. Kvar Gong, Kvende kom i Syne, hende det same uppatt, anten dei kom gangande elder køyrande; der vart gjort Rom, dei hyssad paa einannan, og det vart so stillt, at ein kunde høyra ei Knappenaal detta til Jordi. Det var likt til, at Kvendi gledde seg yver den vyrdsame Fagningi; dei kjende, at dei hadde fenget ny Vyrding og ny Magt.

Daa dei i dei eldste Statom plaga nemna Folket i det nye Landet fyre raatt og umodigt i si Ferd, var det reint uventande fyre meg, som var framand, aa finna so mykjet sann Levemaate der.

Eg kjenner eit elder tvo Kvende, som let vera aa røysta, men ellest var dei fleste med. Serlege er dei Kvende, som ganga fyre dei fremste, og som er kjende fyre aa hava høgare Daning, verksame i Vali. Eg trur, ein kann med Vissa segja, at der er likeso mange Kvende som Menn etter Maaten, som røysta.

At me i Wyoming, avdi Kvinna heve Røysterett, hava betre Logjer, betre Institusjonar og betre Embættsmenn, meiner eg, er urikkeleg Sanning. Mennerne veit, at dersom dei setja upp uverdige Menn aa velja paa, vil Kvendi vera ved Valurna og leggja si Meining fram i Saki. Dei er inkje soleids knytte til Partibaten, at dei vilde gjeva si Røyst til ein Undermaalsmann, dersom det paa hi Sida stod ein Mann, dei kunde faa Lit til.

Skulestellet er framifraa, Skularne verta styrde av Menn fraa dei austlege Høgskularne, Lærararne er mest Kvende, og av deim er mange upplærde i Normalskularne paa Austlandet. Skulegangen er tvungen, men dei kunna mykjet utan Hjelp av Logi draga Borni aat seg. Me hava Skulebyggnadar, som hava kostat store Pengar, og dei er alltid ferduge til aa punga upp, naar det gjeld Skularne.

Um Sundagarne er Brennevins- og Ølutsali stengde. Sundagen er heiltupp roleg.
Eg heve aldri høyrt so mykjet som eit Skrik paa Gata der um Sundagen. Det er inkje berre fyre Kvendi si Skuld, at me bør gjeva deim deira fulle Rett. Det er likeso vel fyre Mannens Bate. Ei Kvinna, som berre er halv Kvinna, kann inkje vera alt det fyre Mannen, som han treng um. Eg talar difyre likeso mykjet til Mannens Bate, naar eg talar fyre Kvinna. Eg vil kunna lyfta Hovudet mitt friare, naar eg veit, at Kvinna heve fengjet sin Rett, eg vil kjenna meg meir som Mann, naar eg veit, at me inkje neita henne nokot av det, ho heve Rett til.

Kvendesaki tek no til aa faa Framgang og vinna Fyrekjemparar i mange av dei frie landi og kvifyre skulde daa Noreg koma etter her og? Kunde det inkje ein einaste Gong verta bland dei fyrste?


Ei Kvinna.