I Danmark og her.
I
Danmarker Vinstrepartiet kløyvt i fleire
Greiner og difor inkje so samhaldugt som her. Det er allvist tvo
større Delar, dei
evropæiske
med
Brandesog
Hørupi Fyrienden, og danske nasjonale
med
Bergi
Spissen, der Grundtvigsflokken held seg. Dei fær no kvar sitt Blad.
Her hjaa osser
det vistnok ogso tvo slike Drag, dei som vil byggja alt paa
utanlandske (helst franske og engelske) Tankar og so dei norske, som
held Utviklingi paa heimleg Grunn for det fornæmste, men det hev
endaa inkje vortet til nokot Tvidrætte hell Bending millom dei. Dei
hev tvertimot innverkat paa kvarandre, dei evropæiske hev havt Syn
og Samhug for det nationale t.d. for Maalsaki (soleids Bladi
Dagbladet og Verdens Gang) og ved det hev den Flokken
baate tøygt seg etter vaare Høve og fenget ei fastare Stelling i
Landet
_
og dei nationale hev inkje havt Fyridom imot utanlandske Tankar
(soleids Fedrah.), men soget Kraft og Næring av dei til eit
rikare Liv for seg sjølve. Me hev soleids
her ein Mann i
Arne Garborg,
som er ein merkjeleg Midlar millom desse tvo Leider, som han arbeider
for baade.
Det er daa uvist
korleids det vil ganga med oss paa Lengdi. Stellingi til Religionen
vil avgjera det. Soframt dei evropæiske legg iveg paa det harde imot
Kristendomen, i den Meining at han maa burt, fyrr det kann verta
nokot sant Framstig (soleids som Bjørnson tykkjest meina), so er det
Faare for at det vert ei meinsleg Sprunge i Vinstreflokken. Men etter
Dagbladet aa døma no mot fyrr, ser ein heller Teikn til at den
fredelege Stelling til Religionen hev vakset, og det vøre væl.
o.
Publisert