Fraa ei Sumarferd.

 

(Av Bernt Støylen.)

 

(Del 2 av 4. Fyrste delen.)

 

(Framhald.)

 

 

Finnland i August 1884.

 

”Vil du sjaa, kor langt fram Folk er komne, so sjaa etter kva dei les”, høyrer ein ofta Folk segja; men her i Finnland er det ikkje godt aa faa Rettleiding paa den Visi helder, for mange kann ikkje lesa i Bok eingong. Kjem du inn paa eit Hotel elder ei Skjenkjestova, der det pla vera so fullt av Blad og Tidender, so ser du jamnaste ikkje ei Avis nokonstad, men du lyt oftaste be um aa faa sjaa ei, vil du vita noko nytt. Paa ein stor Gard ein liten Mole ifraa Byen budde der ei 6_7 rike Kaksar, men der fannst ikkje eit Blad paa heile Garden. ”Her var ein, som heldt ei Tidende ifjor, men so hev han ikkje haatt etter aa be Presten skriva etter den iaar”, sagde ein av dei. Ein fær likevel agta seg og ikkje døma Folk for hardt fyr slike Ting. Hadde me slikt Stell i Norig, som her, so var det vist ikkje so rett mykje likare med oss helder. Finnland stend i so Maate næsten paa same Staden, som Norig stod fyr vel 100 Aar sidan. Det hev vore vanskjøtta baade under Svenskjen og Russen. Finnanne hadde lite og inkje Bøker i sitt eigje Maal, og so gjekk det som i Norig: dei laut bruka det framande Maal sovidt, som dei skyna det. Her i Austfinnland er det mange Stader, som dei ikkje hev Aalmueskule endaa. Bonni skal berre gaa til Presten og læra Katekisma og so lesa ein Smitter. Men det er ikkje so rett mange som kann lesa, og so let Presten det gaa som det er. Styringi hev paabode, at der som Kommunen vil ha Skule kann dei faa det; mange serleg av dei gamle Prestar er imot det, og dei Folk, som ikkje sjølve hev lært aa lesa, tykkjer Bonni ogso kann hjelpa seg utan Bøker. Ein skulde no tru, at der ikkje fannst lutherske Prestar, som hadde noko imot at Folk lærde aa lesa, men jauvist finnst det dei her i Finnland, som arbeider likso hardt imot det, som sume Prestar i Norig arbeider imot den nye Skuleordningi. Her trur desse Prestanne og sume andre Folk med, at Lesnad vil øydeleggja den velsigna ”Samfundsorden”, som dei alltid hev so ansamt med aa stydja. I Vest-finnland er det mykje betre med Skulestell enn her austetter. Di næmare ein kjem Rusland, di verre vert det. Her bur ein stor Riking fraa Rusland her inne i Fjorden. Han eig eit stort Odelsgoss der. Men han kann korkje skriva elder rekna og ikkje lesa helder med noko Grein. Kona held Reknskap og les upp og skriv Brevi aat han, og ein Svenskje styrer med Skoganne og sel Timber. So gale er det daa ikkje med Finnanne likevel. For dei som arbeider seg upp ein Grand, vil svært gjerne skaffa baade seg sjølve og Folket sitt den Upplysning, som dei kann faa.

 

Finnanne er ikkje likesæle anten dei vert Russar elder Svenskar, Nei, dei vil vera Finnar og hjelpa seg sjølve, so deira eigje Maal og Sid kann koma i Høgsæte i Fedrelandet deira.

 

Den finnske Maalstriden er ei av dei Merkjesaker, som det finnske Folket sankar seg um. Fyrr i Tidi brukte dei svensk baade til Høgtidsbruk og til daglegt Bruk; men so kom Russen og vilde eta upp baade Folket og Maalet deira. Daa vakna Finnen. Det Maal han hadde brukt berre til daglegdags, tok han til aa bruka baade i Tale og Skrift, heime og burte. Prestanne laut preika paa Finnemaale og Bøker vart skrivne i det. Og no er dei komne so vidt, at Maale deira brukast i alt offentlegt Stell jamsides med svensk. Endaa Gatenamni stend baade paa finnsk og svensk. Um Sundaganne vert der halde ei Preika paa finnsk og ei paa svensk, og upp i Landet preikar Presten ein Sundag paa det eine og hin paa hitt Maale. Detta høyrest rart ut fyr ukjende Folk; men Skilnaden paa finsk og svensk er so stor, at berre dei som hev noko meir Kunnskap kann greida dei begge. I Norig, der Skilnaden millom det heimlege og det framande Maal er mindre, treng ein ikkje um aa ræddast fyr slikt. Det er elles forvitneleg aa høyra, kor Maalsaki hev kjempa seg fram her. Paa Hogland skyna alle svensk fyrr og mange kunde tala det med; men no brukte dei berre finnske Bøker, og der var det ikkje andre enn Lossanne og Presten, som skyna svensk.

 

Ein annan Stad fortalde ein Bondemann meg, at heime i hans Hus hadde dei vandt seg til aa tala meir finnsk enn svensk, fyrdi Tenestfolki tala finnsk, og han vilde og verta rein Finne; men paa Grannegaren, der han var fødd, skyna dei betre svensk enn finnsk. Slik er det mange Stader serleg meir vestpaa i Finnland. Ja Finnemaale fortenar ærleg, at det vert brukt, for fint er det. Det er slik ein Song og Klong i det, at det er ei heil Moro aa høyra, endaa um ein ikkje skynar Ord av det. Ja det er no ikkje so lett aa skyna helder, for der finnst ikkje Reikje til Liknamente korkje att paa vaart Maal elder dei andre Maal, som brukast i Vest-evropa. Men fint er det aa høyra paa likevel. Naar Baatanne fer roande heim um Kveldanne inn igjenom Sundi og upp igjenom Elvanne, og du berre høyrer Aareslagi og Songen ljoma burt imillom Skogatoppanne, so tek dei fagre Tonanne deg so det varmar i Brjoste. Det Maal, som kann bøygja seg slik etter Tonanne kann venta seg ein ven Vokstr, og det Folk, som syng so fagert i Solarglad um ”dei tusend Sjøars Land”, hev storleg Von um aa faa sjaa ei ven Solspretting og ein varm Sumardag.

 

(Meir.)

 

Frå Fedraheimen 20.09.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum