[Sitat.]

 
_ Aa liva er aa saka.
Heyse.
 
_ Loven for Folkelivet stend aldri still.
Grundtvig.
 
_ Mannen er berre Mold, _ og Drotten berre Mannen med Magti.
Grundtvig.
 
_ Ein sann Konge bør foreine alle Stender i seg.
Oehlenschläger.

_ Ein, som tenkjer yver Kjerleiken, elskar ikkje meire.
Katzebue.
 
_ I Hjartat sit gøymer Mori Barnet sit sikrast.
H. C. Andersen.

_ Ulukka er eit av dei Vilkori, Gud sette, daa han gav Menneskja ei udøydeleg Sjæl.
Ballanche.

_ Kva hjelper det aa hava lært, at det gode ikkje finnst der ein hev søkt det, um ein ikkje set seg til aa tenkja yver seg sjølv for aa finna, kor det er.
Thierry.
 
_ Lukka aat ein stor Mann er aa bera fram betre enn nokon annan i Samtidi dei Tankar, dei Hugmaal og dei Kravi, som er uppe i Tidi.
Cousin.
 
_ Utan Tanken um ei onnor Verd, kann eg ikkje skyna denne.
De. Guerin.