Ein Radikal og ein Demokrat


er inkje plent det same.

Ein Demokrat han vil at Folket skal faa si Meining fram i heile Riksens Stell og Styring; anten so det er dumt hell klokt, anten det er Paahalding hell Framstig, det er det same. Det einast kann verta til Bate for Landet, meiner han, som Folket gjer sjølv; naar dei fær fram Viljen sin er dei tente, og gjer dei ogso nokot som er galet, so hev dei Skuldi sjølve, og lærer nok aa avbøta det i Framtidi.

Ein Demokrat bryr seg aldri um aa driva og agitera og vinna Folk fyre Vali, det einaste er aa greida ut Stellingi og visa kvat det er som gjeldst ved kvar Sak som han kann fara litevetta med. Men han arbeider meir i Fredstider for aa faa Upplysning og ymis Kjennskap inn i Folk og freistar med sin Tanke aa koma inn i Folks aandelege Høve og utvortes Vilkor og prøve aa klaargjera og leggja til rettes for Folk kvat for Meiningar dei naturleg maa og bør hava. Han vil skjerpa Folks Vit for Kravi deires og manna dei upp til Framhug og Kraft. Men aa føra Kravet fram og strida det igjenom til eit Utslag _ det vil han yverlata Folket sjølv aa gjera.

Den radikale han bryr seg inkje so mykje um Folket likt som det er, og kvat Meiningar som kann best falla for det, men alt gjeldst for honom aa støra Folk innaat dei Meiningar og Tankar, som han sjølv held for rette. Um inkje Forstandingi ute millom Folk vert so djup og klaar med det same paa desse Tankarne, so er han likesæl med det for det fyrste, berre han paa eikor Vis kann faa samla eit Fleirtal paa Valdagen, so liter han paa det, at Tankarne vil nok faa si fulle Skyning etterpaa, naar dei fyrst hev komet seg i Stand til aa verka.

Dei radikale vil gjera som Amerikamannen: byggja Jarnvegar langt ut i Øydemarki, der Folk sidan kann dyrka upp Landet; Demokraten er som den, som fyrst vil hava Jarnveg, naar Bygderne hev vortet so rike, at dei kann kosta seg honom sjølve.

Den radikale hev ofte fælt demokratiske Tankar, men dei hev aa kalla sin Heim so langt i Framtidi, at dei gjev seg reint ei aristokratisk Framferd mot Samtidi si, og han vert inkje det Slag folkeleg og umgjengeleg hell ansande paa Smaamannen og viljug til aa hjelpa honom i det Smaae. Slike kann ofra heile sitt Liv paa Tankar, som einast Smaamannen vil hava Bate av, men dei kann inkje bry seg det Slag um aa hava nokot meir Kjennskap med honom. Det er ei Sjeldsyn slike Menn som Henrik Wergeland, som paa ein Gong kann vera baate ein radikal Aristokrat og ein folkeleg Demokrat.

Her i Landet vil det væl verta til det, at Høgre vert demokratiskt og Vinstre aristokratiskt radikalt; hadde det gamle Høgre lagat seg rett, so hadde det for lenge sidan voret demokratisk, men vender det seg dit no heretter vil det hava ei Framtid. Me hev alt set ei Teft av det kanskje i det at dei hev brukat Legdkallar og politisk umyndige i sine Herar.

Ei sann Lukke for oss men ei Vanlukke for Høgre er det, at Maalsaki inkje hev fallet i Henderne paa dei.

Maalsaki er etter sin Tanke demokratisk, men ho hev likevæl maatt laga seg mykje aristokratisk i si Form, hellest hadde ho inkje fenget Augo og Øyro paa seg i dette Landet, der alt demokratisk er haldet for so ugjævt. Men ved aa taka i seg nokot aristokratisk-radikalt Innhald, nye, framande Tankar, hell kvat ein skal kalla det, vil ho faa Tyngd og Jamnvigt til aa føra seg fram etter si demokratiske Meining.

Maalmennerne hev just Framtid for seg, dei hev ei stor Gjerning, den aa sona det nye og framande med det gamle heimslege.

Den gamle Intelligens duger inkje til det, det var som aa setja ei ny Bot paa ei gomol Brok, det kann inkje høva til saman.

Andre Stader vert det anten gamal Fornæmskap hell Fornæmskap paa nye Tankar hell ei national Sjølvguding.

Maalsaki einast hev Ungdomskraft til aa gjeva seg i Kast med dei nye Tankar, soleids at ho kann suga Feita utav dei, soleids at ho kann jamna dei radikale Idear og høva dei til etter vaart Bruk, og det utan at ho gjev upp seg sjølv, misser sitt heimlege Lag og gløymer sitt Folk.

Ho vert Beraren av det sanne Demokrati i Norig.


b