1184-1884
(Del 5 av 7.
Fyrste delen.)
(Framhald.)
Naar det hev voret ein
sterk Samfunds-Strid og politisk Strid i eit Land, so plar det fylgja
eit stort Lovgjevar-Arbeid etterpaa.
Soleids fekk
Frankrike etter den store Revolutionen sin fyrste Landslov under
Napoleon; fyre Revolutionen hadde det voret 384 ulike Retts-Reglar,
coutumes differentes,
slik at det, som var Rett i eit Landskap var Lovbrot i eit
annat.
Sameleids fekk Norig
etter den lange Innanlands-Ufreden sin Landslov under Magnus
Lovbøtaren, og Loverne vart forandrad etter dei nye Tilstand.
I gamle Dagar, daa det var
Sjølvstyre i Bygderne, hadde Bønderne og Lendmennerne greidt
Rettssakerne sine sjølve. Men no, daa det vart liksom eit tomt Rom
etter Lendmennerne, laut ein annan taka detta Gjerefaret paa seg, og
det vart Kongen.
Daa det no var 4
Lagting men berre
ein
Lov, vart det heretter berre Landsstyringi, Kongsmagti, som stellte
med Lovgjevingi, og Bønderne sluttad med aa møta paa Lagtingi, for
dei hadde ikkje nokot der aa gjera.
Retten til aa lata til
Pengar var det ingen, som hadde. Vilde Kongen hava større Skatt,
laut han tinga med kvar Bonde og høyra etter, um han vilde unna
Kongen større Skatt liksom ei Venegaava.
Kongen var suveræn,
men kvar Bonde var og suveræn. Daa Bønderne no ikkje hadde
nokor politisk Magt, korkje dømande, lovgjevande elder Retten til aa
lata til Pengar, kom dei reint utanfyr det offentlege Livet, livde
kvar paa sin Gard, nøgde med den Retten, dei hadde, at ingen kunne
gaa dei for nær.
Den offentlege Magt, som
var i Landet, den hadde Kongen; men han var langtifraa ikkje
einveldig, aa kalla fyr, han kunne i Grunnen litet gjera. Hans Rett
sluttad der, som Bondens Rett byrjad, og han var meinbunden paa alle
Kantar.
Daa dei gamle Stor-Ætterne
ikkje hadde nokot til aa liva etter, so døydde dei ut den eine etter
den andre. Sistpaa avlyste Haakon Magnusson den eldre
Lendmanns-Namnet.
Mange hev lastat han fyr
det. Dei hev sagt, at han tok Stormennerne fraa Landet og gjorde det
hovdinglaust, so framand Adel kunne strøyma inn.
Men ein tarv ikkje
nasekasta Kong Haakon. Hadde det voret Livskraft i Lendmenenrne paa
den Tidi, hadde dei ikkje latet seg avlysa ved ei kongeleg Rettarbot.
Elder trur nokon at Menner som Einar Tambeskjelvar og Erling
Skjalgsson hadde gjevet Svigt fyr ei kongeleg Forordning?
Lendmanns-Veldet fekk
ikkje Slutt, fyrdi Kong Haakon avlyste Lendmanns-Namnet, men han
avlyste Lendmanns-Namnet, fyr di det var Slutt paa Lendmanns-Veldet.
Dei, som legg all Skuldi
fyr det, som hadde hendt, paa Sverre, Haakon den gamle, Magnus
Lovbøtaren og Haakon Magnusson den eldre, korleids vil dei greida
det, at paa Lag det same hende ved same Leitet i Tyskland og
Frankrike? Var Sverre og hine Skuld i det og?
Norig fylgde i
Millomalderen godt med, naar nokot gjekk fyr seg ute i Europa, og me
finn same Utviklingi paa Lag fleire Stader.
I Frankrike og Tyskland
hadde Lensvæsenet utviklat seg. Etter den romerske Rett gjekk all
Magt ut fraa Kongen, og han skifte Landet millom Mennerne sine. Han
vart Lensherre, hine Vasallar. Desse Vasallarne tvingad sine
Undergjevne til aa verta Vasallar under seg att, og desse
Undervasallarne fekk Vasallar under seg att, og soleids nedetter, til
dess det berre var Bønderne att. Daa byrjad dei lægste Vasallarne
Ufred med den frie Jordeigedom (Allodialgods) og trugad Bønderne til
aa taka sine Gardar til Len og verta Vasallar. Soleids vart det Slutt
paa den frie Jordeigedom; Leiglendingar og andre Smaafolk vart
Liveigne. I Norig hadde Harald Haarfagre freistad paa det same, men
der heldt Bønderne seg frie.
Sidan sette den germanske
Retts-Tanken, upp mot denne Skipnaden; for den germanske lagde mest
Lag paa kvar Manns personlege Rett. Bønderne var so nedtrælkad, at
dei var det ingi Raad fyr, men dei store Vasallarne gjorde seg mest
sjølvstendige og gjorde Kongen til ein rein Skugge, liksom
Lendmennerne hadde ætlat seg til aa gjera i Norig under
Innanlands-Ufreden.
So kom Fredrik den 2dre i
Tyskland og Ludvig den 9de i Frankrike, ved same Leitet som Sverre,
med Krav um, at Kongedømet hadde sin Rett fraa Gud, og den franske
Kongen vann paa Vasallarne, liksom Sverre paa Lendmennerne.
Men endaa var Skilnaden
stor paa Norig og Frankrike. Naar den franske Kongen og
Etterkomararne hans tynte Vasallarne, so hadde dei Folket i si Hand;
for det fanst ikkje eit fritt Bondestand. Difyr kunne den franske
Kongen segje: Riket, det er eg.
Men um den norske
Kongen vann paa Lendmennerne, hadde ikkje det so mykje paa seg.
Lendmennerne hadde ikkje, liksom Vasallarne, voret mest sjølvstendige
Hovdingar. Dei hadde voret Hovdingar
fyrBønderne, ikkje
yverdei, dei fyrste millom Jamningar. Daa
dei laag under i Striden, hadde ikkje den norske Kongen dermed Folket
i si Hand, for Odelsbonden var att: han aatte si Jord med likso full
Rett, som Kongen aatte sitt Kongedøme.
Etter europæisk Mynster
set Landsloven hans Magnus Lovbøtaren Kongen i agande Stordom høgt
yver Folket og segjer, at Kongen eig alt Landet; men detta er berre
store Ord; Bonden eig Jordi, og som sagt: Kongens Rett naar ikkje
lenger enn til der Bondens byrjar.
I Frankrike vart heile
Riket umskapt etter den romerske Rett, men i Norig heldt den gamle
innfødde germanske Retten seg i Bondesamfundet. Her møtest nokot
nytt og nokot gamalt. Grunnlaget i det norske Samfundet er det gamle
germanske, i Toppen er det eit Kongedøme lagat etter den romerske
Rett.
Norig er det einaste,
heiltupp det einaste Landet i Europa, der Samfundet vart lagat paa
denne Maaten, og nettupp detta gjer Norigs Soga so reint framifraa
merkeleg.
Dei segjer, at det
Landet er det sælaste, som ingi Soga hev; kor som er hev Norig
fenget svida hardt, fyr di det hev ei merkeleg Soga. Men leggja
Skuldi paa
einMann
_
det
er skire Uvitingskapen og Faakunna.
I 1814, daa Kongen sagde
fraa seg Landet, og dei skulde tymta til nytt Hus her heime, daa fann
dei det gamle Grunnlaget liksom gjøymt under Moldi; like friskt var
det endaa som i gamle Dagar.
Det vart under
Riksretts-Debatten sagt i Odelstinget av ein Høgremann, at i 1814
var det Einvalds-Kongedømet som stod att, og at Eidsvolls-Mennerne
berre knappad det inn nokot (Bang: det modificerede Enevælde). Av
det fekk dei daa ut det absolute Veto.
Fyr det meste gjeng det
vel so til, naar eit Hus ramlar ned, at Grunnlaget vert att, men det
er Toppen, som ryk. So var det vel i Norig med. Einveldet var det,
som rauk, det bestaaende var det gamle norske Samfundet.
Og detta gamle Samfundet,
som fyrst bygde detta Landet og sidan vaagad Liv og Blod fyr det, det
hev Husbondsretten med, og det kjenner ikkje til nokot absolut Veto.
Um Nikolaus Bisp og
Luthersk Ugeskrift aldri so mykje segjer, at dette er aa setja seg
upp mot Guds Autoritet, so hjelper det aldri Grandet. Folket kjenner
Retten sin.
Fyrste Gongen det norske
Folket arbeidde med fullt Medvitande fyr ein politisk Tanke, fylkte
det seg um Sverre.
Andre Gongen um Sverdrup.
(
Meir.)
Publisert