[Tidender.] Um Maaltilstandet ved Kristianssands Seminar.


(Brev til Fedrah.)


I 1878 var Læregutarne so glupe, at dei fekk stellt Maalreisningssamlaget. Dei skaut ihop Pengar og kaupte inn heile Landsmaalsbokavlen, og Bokssamlingi auka dei fyre kvart Aaret, ettersom det kjem ut norske Bøker. Det heve voret nokre Samrødor og Fyredrag um Maalsaki, iser heve Seminarlærar Skjeveland, som er ein framifraa Maalman paa sin Maate talat varmt og kveikjande fyre Saki. 14 Seminaristar hava i Aar haldet Fedraheimen, og ein henta Karen er nog ogso Medlem i det norske Samlaget.

Det er vel gjort alt ihop; men eg totte, det kunde voret gjort meir. Dei fleste av Gutarne koma fraa rett gode Maalbygder, so eg meinte, Kristianssands Seminar laut vera med dei beste i Maalvegen. Det galnaste av alt er, at dei mest allesaman sleppa Modermaalet sitt og tala Dansk, so godt dei vinna, endaa dei skal læra ifraa seg paa Norsk, naar dei koma ut i sitt Yrkje; _ ja dei tala Dansk, endaa det heiter um deim, at dei er Maalmenner mest kvar einaste Mann. Dette kjem av, at dei er for likesæle og dovne i Hugen til, at dei fyre Aalvore kann gjeva seg i Kast med Maalspursmaalet. Dei veit inkje klaart, kvat dei vil, og vil inkje heilt, kvat dei veit. Dei hava inkje lært aa skilja millom Knudsen og Aasen, millom Dansk-norsk og Norsk, og solenge dei inkje hava fylkat seg visst kring ein av desse Merkesmenner, er det inkje ventande, at dei taka til med fylgje-strengt (konsekvent) Maalarbeid. Eg totte hellest, det kom meir heilvaksne Gutar heim fraa Seminaren fyre nokre Aar sedan enn no.

Sanka dykker saman, Seminaristar, i Maalreisningssamlaget til Dryfting baade av Læregreinurne dykkar og andre Spursmaal, det lærer ein likeso mykjet av som av aa sitja yver Boki stødt og stendigt. Tak til med eit litet handskrivet norsk Blad og framum alt lyt de tala dykkar eiget Maal baade i Maalreisningssamlaget, paa Skulebenken og ute i Byen. Egder
og Ryger maa vera likeso hæve Karar i Kristianssand som Horden og Sogninger paa Stord¹).

Aust-Agder i August 1884.

S _ .


¹) Heve eg tekjet i Miss her i nokot, so er det alltid ein, som kann retta det. Eg heve inkje
gjenget paa Seminaren, men eg skriv likavæl, avdi ingen annan vilde fram. S _