[Tidender.] Fraa Landvik.


(Brev til Fedrah.)

Tidenderne um Kompromisforhandlingerne hans Broch vart mottekne med Gleda her baade av Høgre og Vinstre. Me var trøyte av Striden. Daa so Johan Sverdrup vart Riksstyrar, vart me fulle baade av Undring og Gleda, ja endaa Høgre var tolleg nøgd med det, avdi det kom so mange maatehaldne Menn ved Sida hans. Det heve i Grunnen ikkje voret stort annat enn Vetospursmaalet, som heve skilt Høgre og Vinstre her. No er dette ute av Soga, difyre kunna me alle gleda oss yver, at Floken er løyst, at Fred og Framgang er komen att i Norig. So vil Røynsla læra Folk, um desse Umvølingarne, som det heve voret stridt so kvasst um, er til Landsens Bate elder inkje. Me faa no røyna, kvat Sverdrups Styring duger.

Her er mangt aa vøla paa i Norig; men me venta av Riksstyret, at det ikkje vil ganga for fust og braadlege fram, men berre vøla i Samhøve med Framvokstren og Tidarkravet. Sumt hastar det likavel med. Korlenge skal me sitja yrkjeslause og sjaa paa, at dei øyda det norske Folks Pengar og Krafter til aa tyna det norske Maalet paa Skular, i Kyrkjor, i Rettargang og paa Eksismoarne? Me venta av Storting og Riksstyre, at Gamall-Norsk og Ny-Norsk skal faa eit annat Rom i Skulen enn fyrr. I Folkeskulen lyt det norske Maalet benkjast i Høgsætet. Me kunna inkje tru, at Riksraad Blix skal gløyma Maalet. Framleides venta me, at Kyrkjelyden skal faa eit Ord med aa segja i Prestevalet. Likaeins at Riksstyringi er rettferdug og upartisk i Embættsutnemningar. Bankstyrevalet i Stortinget iaar likad me soleids fælt litet. Og so venta me, at dei skal spara paa Landsens Pengar og letta nokot paa den økonomiske Byrdi, som mest kvar Mann kjenner tyngre Aar fyre Aar, eg meiner det dyre Herstellet vaart. Dei lyt knipa inn paa Utgifterne til dette og til altfor feite Embætte og helder leggja paa til Maalreisingi, til praktiske Landbruksskalar og Folkeskular og i det heile til det, som kann fremja vaare Næringsvegjer og vaar Folkeupplysning.

Men det hjelper litet, um dei spara i Rikskassa og bruka Riksens Pengar med Vit og Umhug, naar ikkje Folket gjer det same i dei tusund Heimar. _ Her i Landvik heve det gjenget so nokorleides godt til dessa; men no ser det myrkare ut. Skipi leggja upp paa Hamnerne i Mengde; dei hava inkje aa gjera. Ein Skipsførar sagde meg, at hadde Norig berre Helvti so mange Skip, so var det kannhenda Arbeid fyre deim. Slikt verkar som eit Svimeslag paa mest alle vaare Næringsvegjer. _ Bønderne her hava mest livt av Skogbruket. Men Lastepriserne er so smaa og Arbeidsløni so stor, at Bonden, um han skal leiga Bruket sitt fram, jamnan ikkje fær fyre det til aa bitala Driftsløni med, det vil segja, naar det ikkje er større Skog, han driv or. Men av den store Skogen er det ikkje so mykjet att her. Det beste er difyre berre aa driva, sovidt Husbonden og Husfolket heve Arbeid utanfyre Onnetiderne, og lata seg lita med den Fortenesta, som fell. Hellest hava mange, sidan me fekk den nye Vegjen, tekjet til aa driva Ved og Bork. Det er det likaste Prisen paa, og so fær ein reine Pengar fyre Vara. Det er ikkje greidt aa løysa inn nokon Gard no; for i den gylde Tidi her var sette dei upp Taksten paa Gardom i Jamhøgd med Tidi; no er Tidi dotti ned, men Gardsverdet stend umlag lika høgt. Men Taksten lyt nog snart detta; for det kjem visst mange til aa selja Gardarne sine. Solenge dei hadde Skog nog aa driva or, og det var nokon Pris paa honom, kunde dei berga seg, um dei hadde stor Skuld, men no er det Uraad lenger. Det er vondt aa sjaa Lensmannen koma køyrande so tidt, naar ein veit, han anten skal eksekvera elder og selja stundom baade Hest, Kretur, Avling og Grøda fraa den graatande Kona og dei sutrande Borni. Og dette er berre Fyrespilet til aa selja Garden. _ Arbeidsmannen er etter Maaten best faren enno daa. Han krev umlag den same Dagløni, han heve havt fyrr, og fær henne, endaa ho er større enn Bonden etter Innkomurne sine heve Raad til aa gjeva. At Dagløni kann halda seg, kjem vel av, at den friskaste og beste Arbeidskrafti fer yver til Amerika _ um det just ikkje er so svært fraa Landvik, so er det fraa andre Stader, som hava skaffat oss dei fleste Arbeidsfolk. _ Hertil kjem, at Folk turva kaupa mykjet meir Mat og Klæde fraa Byen no enn i den gode gamle Tidi. Folk er for godt vane. Den gull-glimande Tidi her var heve skiplat alle Livskor; no daa ho er burte, heve ho leivt etter seg Mishøve paa mest alle Leider. Men Mishøvi vil jamna seg smaatt um Senn. Denne arme Tidi vil læra Folk aa vera grannvare og liva meir paa den gamle Maaten. Eg minnest Godfar min: kor lite bergad inkje han seg med! Me lyt læra aa eta mykjet meir Bygg- og Havre-Flatbraud, som er mykjet meir friskt og nærande enn Rugbraudet og rein Helsebot i framfyre denne sure Stompen, som mange Lækjarar tru, at all den Bringe- og Magesotti kjem av. Og det er mykjet fermare aa ganga i heimegjorde Klæde enn Byklædi, som kann vera remnade og avrivne, fyrr ein veit Ordet av. At Skogdrifti inkje lenger løner seg, vil nøyda oss til alle som ein aa taka idugt Fat paa Jordbruk og leggja oss etter Feavl. Det gjev Mat og Klæde fyre Arbeidet. Det er slik Hugnad aa sjaa væne gule Kornaakrar, der det fyrr anten laag ville Steinrøysar elder litet og inkje grodde. Og um det kostar stor Møda aa faa brotet upp eit Jordstykkje, so gjev det Mat elder Foder kvart einaste Aar, solenge det er Menneskjehender til aa stella med det. Er Skogen derimot uthoggen, so gjeng det Mannsaldrar, fyrr han kjem att.

Men Orsaki til den tyngjande Armodi millom Folk i Landvik er nog fyrst og fremst Brennevin- og Øldrikkingi. Det er reint syndleg aa sjaa, kor den sterke Drykkjen kann øydeleggja baade Helsa, Viljestyrkje, Arbeidshug og Eigedom aat Mannen. Kunde me faa brotet av denne Giftbrodden, so skulde visst ljosare Tider rinna fyre Folket vaart. Me hava daa i Landvik som so mange andre Stader freistat aa hindra Drikkingi ved aa sanka oss i Avhaldssamlag. Det er 3 slike i Heradet og det største heve uppimot 100 Medlemer. Attaat desse er det eit Good-Templar-Lag. Um ikkje Drikkingi var, so vilde i Sanning mange Klagor yver den laake Tidi tagna.

Væl var det, um denne tronge Tidi baade i Politikken og i Matvegjen maatte hava ei uppsedande og uppdragande Magt yver vaart Folk, so dette berre vart likasom i Vaarkreppa med den grøderike Sumaren i Vente.

Folk i Landvik vilde lika godt aa høyra um Folks økonomiske Kor paa andre Kantar av Landet. Fedraheimengjev vist gjerna Rom fyre like Stykje.

 
25de August 1884.

S _