[Sitat. Me er so rædde...]

 
Me er so rædde, Folk skal tru, me er barnslege, at me hev ikkje Mot til aa vera vaksne.
S.

_ Velsigning vert Forbanning for dei, som ikkje hev lært aa sjaa, korleids Kulturen ligg mindre i det, som er vunnet, hell i Stræv etter det, som enno er aa vinna.
S. Ibsen.

_ Bøker er dei beste Venarne, um me kjeidast ved dei, kann me alti leggja dei saman utan Otte for aa gjera den vondt.

_ Der det er Kjærleike er det altid Poesi.
L. Dilling.

_ Det er betre aa hava elskat og tapt hell aldri aa hava elskat eingong.
A. Munch.

_ Den, som ikkje i heile Livet sit vann ein einaste Ven, han er det ikkje værd aa helsa paa.
Mirsa Scheffy.

_ Der er ingen Stad mindre Maaneskin enn _ i Maanen.
B. S. Ingemann.

_ Me fødas alle med Særmerkje men døyr alle som etteraparar.
Engelsk Ordspraak.

_ Den, som ikkje stig i Kunskap, han fell.
Hillel.

_ Kva er Ungdom? Ein Draum. Kva er Kjærleiken. Innhaldet i Draumen.
S. Kjerkegaard.

_ Aa, der er mange, som ikkje er trulovad og likevel hev ein Kjærast, mange som er trulovad og likevel ingen Kjærast hev.
S. Kjerkegaard.