Tidender.

 
Kristiania, den 22de August.


Statsraadet. Statsministar Ole Richter hev fenget Orlov fraa den 22 d. M. Han vil taka ein Tur til Odelsgarden sin i Trøndelagen.
Statsraad Jakob Sverdrup er reist til Stockholm.
Statsministar Sverdrup er komen att fraa Danmarksturen sin.
Statsraadarne Daae og Arctander hev fenget Orlov. Dei vil taka seg ein Heimtur.
Statsraad Haugland er komen til Kristiania att.


I Bremanger stiftad dei ei Vinstreforeining 3die Pinsedag. Pastor I. Høyem vart vald til Formann.


Kongen kjem til Stockholm att med det fyrste.


Krunprinsessa hev vondt i Halsen. Ho skal reisa til eit Bad i England med det fyrste.


Statsministar Sverdrup fær framleides mange Lukkynskjingar fraa Folk umkring i Landet.


I Aasnes i Solør held dei Folkemøte idag. L. L. Daae, Yngvar Nielsen og Løvenskjold er reiste dit um Morgenbl. er truandes. Bladet nemner inkje nokot um, anten Løvenskjold drog avstad i eit elder tvo Par Brøker.


600 Mann av Telemarkens Bataljon hev sendt Joh. Sverdrup ei Adresse. Dei takkar honom for det, han hev gjort og ynskjer honom Lukka for Framtida.


Kolerasjuken er framleides i Frankrike og Italia.


Kong Alfonso av Spania skal vera sjuk i Lungurne.


Jordskjelte hev det voret i austre Luten av Nord Amerika. I New York, Boston, Filadelfia og fleire andre Stader fekk Husi inkje so liti Skaking av Skjelta, og mange Folk vart mest vitskræmde.


Frankrike og Kina er inkje forlikte endaa. Kina hev ingen Hug til aa ganga inn paa det Frankrike krev, og Frankrike vil inkje gjeva etter. Det ser soleids ut for, at Vaapni kjem til aa avgjera Tretta.


Uver med Hagl og Storm hev det voret i austre Luten av Frankrike. Vindruvurne er øydelagde mange Stader.


I nordre Luten av Dakota, Amerika hev voret eit skrekkjelegt Uver. Aaker og Eng er mange revne. Fleire Menneskje hev vortet fordervaslegne.


Gamall Mann. Methusalem var ein gamall Stader reint øydelagde, og mange Hus er ned-Mann; men han døydde likevel i Ungdomen, naar ein skal likna honom saman med Parthama Radja. Dersom dei heilage Bøkerne i Kina er truande, so var Partnama Radja inkje mindre enn 2,000,000 Aar, daa han vart Konge. Han styrde i 16,300,000 Aar, og daa han inkje hadde Hug til aa vera Konge lenger sagde han fraa seg Kruna. Endaa livde Mannen i 100,000 Aar fyrr han slapp herifraa.

Kinesararne hev inkje stor Greida paa Tal, ser det ut for.


Athen Hovudstaden i Grekarland hev no 84,903 Ibuarar. I 1856 hadde Byen berre 30069 Menneskje.


I Mynchen hev nokre Tjovar stolet inkje mindre end 140,000 Mark fraa Posten.


Bismark er greten paa Noreg no. Styringi her hev paabodet, at alle Skip, som kjem fraa tyske Hamner ved Nordsjøen skal ettersjaast for Kolera si Skuld. Daa Bismark fekk høyra det vart han sint og sagde, at Skip, som kom fraa Noreg til Tyskland skulde ettersjaaast paa sama Maaten, endaa han snaudt kann venta, at Kolera kjem fraa Frankrik og Italia til Tyskland yver Noreg.


I Skutari liver ein Mann, som er 127 Aar gamall. Han er endaa so rask, at han gjeng seg ein Tur kvar Morgon.


Den eldste Kann. Paa Slottet Clay i Frankrike fann dei for nokre Aar sidan i ein djup Brunn ein Kanon med Aarstalet 1258. Fyrr hev dei trutt, at den fyrste Kanonen vart arbeidd i 1324.


Streiken er slutt. Imorgo Kl. 6 f. M. tek dei til med Arbeiet til nedsett Løn.