Det er langt fram.

 

(Del 1 av 3.)

 

 

Det gjekk 70 Aar fraa det at me fekk Fridomen vaar paa papiret til at me fekk Brevet paa honom i vaare eigne Hender.

 

Ein fær vona, at det inkje kjem til aa ganga so mange Aar, fyrr me fær lært aa bruka og nytta honom heilt ut med Lut og Lunnar.

 

For ingen maa tru, at me er framkomne med det, som til dessa er gjort. Det er berre Fienden utanfraa, som me hev vortet kvitt, Stellet hjaa oss sjølve er det endaa snaudt paateket med. Og no er det Folket sjølv, som det stend paa og gjeldst um; me maa verta mykje annleids, skal me koma fram i Verdi.

 

Me norske Folk hev stødt gildat oss med det, at me var eit framifraa Folk i alle Delar og me hev teket imot utruleg mykje Gjølur i so Maate utan at me hev raudnat.

 

For eit Bil sidan var det mest Forfederne me hadde aa rosa oss av, so vart det Hendingarne i 1814, me sette Æra vaar i, og no sist 9de Juni 1880 og 26de Juni 1884.

 

Det er inkje det, at me er gilde av slikt, som eg mislikar, og hell inkje det, at me hevdar Sjølvvyrdnaden vaar og Ærekjensla, den kann verta baade sannare og sterkare, men eg meiner, at Glederusen ogso maa taka ein Ende, at me maa faa ei meir roleg og sindig Syn paa oss sjølve, so me ogso held Auga med dei laake Sidur i Folket vaart.

 

So mykje meir treng me um aa vera gløgge paa oss sjølve ogso i den Vegjen, fordi at av det Forfederne gjorde hev inkje me annan Ros, enn at me er Bonni deires; og i 1814 var det meir Hendingarne i Samtidi og Skyn og Dugleik hjaa faae Menn enn Krafti og Vitet i heile Folket, som gjorde at det gjekk som det gjorde; og naar ein skal sjaa paa dei siste Hendingar i Politikken, so er det for litet til aa fylla oss med Stormodstankar, at me hev vunnet eit Framstig ved aa vera seige og stive i Paahaldingi av det gamle imot dei som vilde taka det burt og innføra nokot nytt. Meir Fortenest hev væl dei som eggjad oss upp enn me sjølve, for av oss sjølve hadde me snaudt iddest taka slike grepalege Framstig som me no hev gjort.

 

Det hev daa voret Menn hjaa oss og, som hev slegjet paa andre Strenger og laatet um at me inkje var so fullkomne. Wergeland var ein av dei fyrste, som elskad Bonden og det norske Folket so mykje, at han vart var Lyti vaare, Folket var kjært for honom som hans eiget Kjøt og Blod, og han vilde heila Saari.

 

Men so sidan kom den Tid, daa Bonden inkje vart paaagtad etter det som han no var, men set paa som ei Openberring av gamle Tider, som ein Attestandar og eit fagert Minne, som berre kunde vera til ei grum Leike og straala for Bymannen liksom blaae Tindar langt burti Lufti.

 

Bjørnson hadde leset dei gamle Sogur og gav seg til aa setja Bondelivet fælt upp i Høgdi, til des at Høgdi vart so stor, at det heile ramlad ned att, og Bjørnson skreik paa det, at Bonden var berre nokot, som dugde til Reaktion, og sidan sleng han baate her og der.

 

Ibsen det var Guten, som inkje sparad, han skar upp Remsur etter Ryggen vaar og straadde Salt og Pepar i han. Ein fæl Tvilar og Landøydar, som hev skruvat sund Hovudet paa mange Folk og fylt Landet med Seminaristar aa kalla for, som han sjølv er den fremste av. Men no skulde det vera Slutt med dei gamle Forkasting- hell Upphøgjingstiderne, me vil setja av baate Tvilarar og Gjølarar og halda oss til Menn, som hev meir Vit og betre Hjartelag.

 

Naar det er ein som segjer tunge Sanningar utan aa tvila og forkasta og brukar Vællæta utan aa lyfta til Skyi, so er Mannen truande og verd aa agta paa.

 

Det er eit langt Framstig me hev gjort fraa Henrik Ibsen til Arne Garborg, fraa ”Per-Gynt” til ”Bondestudentar”.

 

v.

 

 

(Meir.)

 

Frå Fedraheimen 23.08.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum