[Tidender.] Belgia.


Dei trur, at Striden millom Høgre og Vinstre i Belgia vil verta endaa kvassare og heitare, enn han er. Det er inkje i Belgia, som det er her, at det er Bønderne og Landsfolket, som gjeng fremst i Striden for Framstig og Utvikling. Det er der i Landet som alle Stader, der Utviklingi er sunn og naturleg, Byfolket og dei lærde, som er Berarar av Framstiget. Det ser ut for, at Høgre og Ministeriet no vil stydja seg paa Fleirtalet i Tinget og utan Skaansel bryta ned alle dei Umbøter, som dei frilynde fekk i Stand, endaa dei fyrr hev fenget vita, kvat eit sovoret Arbeid hev paa seg.

Fyrste Gongen Bakstrævet kom til Magti var i 1857. Dei tok til paa Lag daa som no med aa leggja alt under Paven og dei katolske Prestarne. Fraa alle Kantar av Landet kom det daa som no den eine Adressa etter den andre, som mislikad Styringi si Framferd; men Statsministaren, Malou, pukkad paa Fleirtalet og var inkje tenkt paa aa retta seg etter andre. Men det skulde han inkje gjort. Folk vart so uppargad, at dei skamfor Prestarne paa Gata og brende fleire Kloster, ja det hende og, at dei tok Munkarne og kastad dei inn paa Varmen, og yver heile Landet skreik dei: Ned med Malou.

So kom Aaret 1871. Ein stor Bank spilad upp, og det viste seg, at fleire av Høgrekaksarne hadde faret svikfult fram; men Styringi nektad aa lata desse Mennerne verta dømde. Innanriksministaren, Jakobs gjekk endaa so vidt, at han gav dei skulduge høge Embætte. Men daa var inkje Folk kar for aa halda seg lenger. I Brüssel gjekk store Flokkar dit Ministrarne budde og gjorde Narr av heile Styringi. Jakobs svarad med aa leggja 30,000 Soldatar utanfor Hovudstaden, og Herføraren gjorde seg reide til aa skjota paa Byen. Borgarne samlad seg daa og gjekk med Borgarmeistaren i Fyreenden til Slottet for aa tala med Kongen. Borgarmeistaren talad djervt og greidt mot Styringi si Framferd og 8000 væpnade Menn skreik Bravo. No skynad Kongen, at det var Aalvor i Leiken, og ein Time seinare var inkje Jakobs Ministar lenger.

Det er mangt, som tyder paa, at Striden skal verta likso kvass no, som daa, kanskje kvassare og.

Dei trur, at Kongen vil leggja seg imillom, so det inkje kjem til Borgarkrig.