[Tidender.] Arbeidarrørsla.


Nokre Arbeidarar ved Akers mekaniske Verkstad hev teket upp Arbeidet att, so det ser mest ut til, at Streiken inkje var til nokor Hjelp for Arbeidararne. Grunnen til, at Utfallet vert slik, ligg for ein stor Del hjaa Arbeidararne i det heile. Dei hev endaa inkje lært aa halda saman og stydja kvarandre. Det vilde soleids vera ei lett Sak for Arbeidararne Landet rundt aa upphalda dei 500 Mann, som no hev gjort Streik sjølv um det so var eit heilt Aar, naar dei berre var komne solangt, at dei skynad sin eigen Bate.

Men dersom Arbeidararne ved Akers mekaniske Verkstad inkje fær annat enn Skam og Skade av Streiken sin denne Gongen, so ligg inkje Skuldi hjaa Arbeidararne aaleine. Vinstre yver heile Landet hev Skuldi, og det kann og henda, at dei kjem til aa ljota taka ein Del av Skaden og. Det er inkje ofte, at den norske Arbeidar minner Folk um, at han er til, og me synest, at det like til var Vinstre si Plikt aa stydja honom, so godt det let seg gjera naar det trefte, at han ovrad paa seg litet Grand. Og serleg denne Gongen. Folk tek meir og meir til aa tru, at det er Politikk, som ligg til Grunn for Nedslaget i Løni ved Akers mekaniske Verkstad, og Høgre si Fortid er inkje ljosare, enn ein kann godt tru dei til nokot sovoret. Det ymtast um, at Arbeidsgjevararne vil faa det tilaa sjaa so ut, at Ministeriet Sverdrup er Skuld i, at dei lyt slaa Lønerne ned. Um det er, som Ordet gjeng, elder inkje, det kann me inkje segja nokot um; men me trur vel, at her er Arbeidsgjevarar, som er raa nokk, til aa fara slik fram, sosandt dei ser seg Utveg til det, for det gjeld for dei Kararne aa faa Arbeidaren fraa Vinstre til komande Val. Men nettupp fordi Tiderne er slike, burde Vinstre Landet rundt hava studt desse Arbeidararne, som gjorde Streik, sovidt dei kunna halda seg heilt skadeslause. Men det hev Vinstre inkje gjort. Me hev paa Vinstresida rødt mykje um, at me er Arbeidarvener og slikt nokot; men det er Synd aa segja, at me hev synt aa vera det no. Me hev gjort Synd mot Arbeidararne, og denne Syndi kjem som all Synd til aa hemna seg paa oss sjølve. Me veit alle, korleids Høgre ved siste Valet bar seg aat for aa faa Arbeidaren til aa stemma med Høgre, og ein hev all Grunn til aa tru, at dei vil gjera like eins til komande Val og. Naar so Arbeidarne ser, at Vinstre inkje bryr seg um honom elder gjev honom nokon moralsk Studnad, naar han vaagar eit Slag for det, som han trur er Retten sin, so er ingen Ting rimelegare, enn at han gjer Røystekretur av seg og læt Arbeidsgjevaren køyra med honom, som han vil. Som sagt, me trur inkje, at Vinstre hev stor Bate av Framferdi si mot Arbeidararne ved Akers mekaniske Verkstad. Arbeidararne tek alt til aa faa Mistru til Vinstre, og er det fyrst komet so langt, so gjeng dei snart heilt til Høgre.

Her hev no voret haldet fleire Arbeidarmøte, sist i Gaarkveld. Salen i Arbeidarsamfundet var mest full af Folk. Hr. Jon Hol var Ordstyrar. Det vart daa rødt um aa faa istand eit Arbeidarblad og eit Arbeidarsamlag for heile Landet. Til Slutten vart dei samde um eit slikt Uttal:

Forsamlingen slutter sig til Organisationskomiteens Tanke om at stifte et Arbeiderorgan som Grundlag og Forbindelsesled for et norsk Arbeiderforbund og bifalder, at Komiteen i det Øiemed har udstedt Indbydelse til Aktietegning samt anbefaler denne paa det bedste. Dog mener man, at Aktieforetagendet ikke bør sættes igang, før 3000 Aktier og altsaa ligesaamange Abonnenter er tegnet.

Berre det kunna verta nokot av denne Tanken. Arbeidararne er mange nokk og megtuge nokk til aa hava eit eiget Blad, berre dei hadde Vit nokk. Men sjølv um inkje Arbeidararne er komne so langt, so bør heile Vinstre vera med aa stydja til. Me lyt visa, at me kann gjera meir for Arbeidaren enn ropa Hurra for honom 17de Mai.


_ r _.