Skuggsjaa.


Her i Landet bur ein Mann, som heiter Emil Stang. Ein av Valmennerne her i Byen hev sagt, at han er Sokneprest, men so vidt eg veit, so er det ingen, som hev set honom i Samarie elder høyrt honom preika i Kyrkja. Derimot segjer Folk, som kjenner honom, at han er Advokat, og det held seg meir trulegt. Eg veit og, at han vart vald til Tingmann den Gongen, Friele vart var, at Høgre laag under i Debatten. Eg hev og høyrd, at det var Emil Stang, som Morgenbladet serleg trudde var den, som hadde fenget Givnad til aa føra Høgres Sak fram til Siger. Han skulde tala slik, at alt Folket skulde faa Augo upp og segja: Friele og Stang er no dei Kararne, som hev rett, lell. Sidan hev eg mangein Gong havt den Æra aa høyra Stang i Tinget, og kvar Gong hev eg tenkt ved meg sjølv: der er han, som skulde sigra i Ordskiftet. Og eg hev havt so mykjet lettare for aa minnest dette, som han Emil Stang hev eit eiget Lag, naar han talar. Han ser seg fyrst ikring til alle Sider, og so fester han endeleg Augo paa den, han tenkjer seg til aa fara verst med. Der ligg nokot i heile hans Framferd, som liksom vil segja: No stangar eg deg kvekk ihel, for stor er eg som ingen annan, og sterk er eg, og godt Vit hev eg og, so eg veit kvar eg skal raaka deg, so du stupar. Og so set han iveg med slikt eit Braak, at ein kunna tru, han inkje aaleine kom til aa tyna den han søkejr etter, men og setja igjønom Veggen og langt ut paa Gata. Men det er undarlegt med det, han Emil Stang gjer aldri nokor Mors Sjæl Mein. Naar han kjem nere er det liksom han misser Fotfestet, og so vert han standandes aa smaaskubba med Kollen sin. Og av slik Smaaskubbing hev endaa ingen livandes Skapning fenget Ilt. Men sjølv trur han vist, at han tyner og det tilgangs. Iminsto hev eg jamt, naar han etter ei slik Ferd, hev gjenget til Sessen sin, tykt aa sjaa Augo hans segja: No hev eg sigrat i Ordskiftet, derom kann vel ingen tvila. Naar so Motmannen hans reiser seg, som ingen Ting var, og tek Ordet, daa er det løglegt aa sjaa Stang. Han set up ei Mine, som vilde han spyrgja: Nei men du godaste min er det Liv i deg endaa? Ja, at so er, vert han no sjeldan i Tvilsmaal um. Men Stang vil inkje gjeva seg han. Hev han inkje fenget kverka Motmannen sin fyrste Gongen, so er han stød paa, at han skal greida honom den andre. Han strekkjer seg fyrst, so skyt han ut baade Brøstet og Magen og leg iveg hardare og segersvissare enn fyrr; men altid fær det sama Endskapen. Eg minnest so vel, korleids det gjekk honom ein Gong i Vet. Det var Johan Sverdrup, Arvefienden hans, som daa skulde til Veggen. Stang hadde aldri i sine Levedagar høyrt slikt Sammensurium og slik Forvirring med Hensyn til juridiske Begreber, som han hadde høyrt av Sverdrup. Men Sverdrup likad inkje slikt. Han kvistad Fyren fraa seg, og det gjekk fort. Ja, so var det ingi Raad der; men Haugland skulde daa til, det var skraasikkert. Hr. Haugland har altsaa sagt tok Stang frami, og so kom der daa ei lang Regle um det, som Haugland skulde hava sagt. Men Haugland reiste seg og sagde, at nokot sovoret hadde han aldri sagt, og alle me som høyrde paa kunna vitna, at so var. Hr. Emil Stang sigrad i Ordskiftet den Gongen nett paa sama Maaten, som Høgre hev segrat dei sidste tjuge Aari. Han hadde stangat i lause Lufti baade i Aust og Vest, net liksom Reinbukken, naar han kjetar seg. Men Høgre tykte vist, at han hadde gjort det godt. Iminsto saag eg inkje nokot til, at Pastor Schjørn fraa Sarpsborg arbeidde med Penneskaftet sit.

Morgenbladet hev i lang Tid rødt um eit Rikje, som er usams med seg sjølv. Eg hev grunnat mykjet paa, kvat for eit Rikje Morgbl. hev meint; eg hev leset alle Tidender fraa Inn-og Utland, som eg hev fenget Tak i; men endaa hev eg voret like nær. Jau endeleg no for eit Bil sidan hjelpte Morgbl. og Fædrelandetmeg or Knipa.

Fædrelandet let en høit æret Indsenderfaa Lov til aa skjemma paa Morgenbladet. Naar Morgbl. refererad, sagde Innsendaren, so tok det det, som det likad; men strauk yver det, som det mislikad. Det var no serleg K. Motzfeldt, som hadde voret Stykbarnet hans Friele, og det var rimelegt og, meinte han, daa mykjet av det, som Motzfeldt hev havt aa bera fram inkje høver i Morgenbladets Kram.

Og Morgenbl. tok upp heile denne Regla. Det vilde syna Lesararne sine, hvad liden Fatteevne og maaske ond Vilje kunna koma med, sagde det.

Eg stussad so smaatt, daa eg saag desse tvo Kararne i Haari paa kvarandre. Eg viste, at dei hev stadet saman i so mangein Strid, og no heldt dei paa aa skifta Hogg seg imillom. Men so kom eg til aa tenkja paa, kvat Morgbl. hev sagt um Rikje, som er usams med seg sjølv, og no var eg inkje i Tvilsmaal um, at Morgbl. hev meint paa Rikjet hans Chr. Friele.

Ja, det er undarlegt med det, Tiderne skjifta. Fyrr var han Friele Konge yver dei, som Ibsen kallad Efterliggere. Naar Krigsluren tok til aa lyda fraa øvre Voldgata, daa samlade dei seg til Strid baade Aftenposten, Fædrelandet, Budstikken, Stang, Selmer, Schweigaard og mange fleire. Men no er det inkje so. Friele hev blaaset i Luren sin heile Aaret; men han hev inkje fenget mange til aa møta. Og dei faae, som hev møtt hev voret sømntunge og litet velduge til Strid. Stang dugde inkje til aa stanga, Saxe var duglaus til aa klyppa med, Ihlen var inkje kar til aa fløyma over og skylja Radikalismen burt, Birkland vilde inkje grønkast, og Bang vart redd, difor var det ingen Siger aa venta.

Men daa desse Kararne hadde tapt, gav dei seg til aa gjeva kvarandre Skuldi, akkurat som andre gaaverike Folk. Kong Christian Friele hev aldri synt bettre, kor konservativ han er enn no. Han ber seg aat nett liksom dei østerlandske Kongarne i gamle Dagar etter eit tapt Slag. Han skyt Skuldi paa dei, som hev vaagat seg mest for honom, og so gjev han seg til aa tyna den eine etter den andre.

Er so nokon Ting rimelegare, enn at han skriv um eit Rikje, som er usams med seg sjølv?

Slet inkje.

Det er inkje so mange Aar sidan Morgbl. skreiv um at Vinstre var redd Motzfeldts vældige Indflydelse. Eg haurde inkje annat daa, enn at han var ein bra Mann. Og sidan, daa han dreiv med Dagboksuppskrifti si, var han no endaa bettre. Morgbl. viste den Gongen snaudt nokk aa finna Ord, som rosad honom nokk. Men no etter Kapitulasjonenhev Bjølla fenget ein annen Ljod. No ser det ut for, at Bladet hev likso vondt ved aa finna Ord, som er lastande og tynande nokk for honom. No hev han aldri dugt nokot. Det er tvertimot han, som i Grunnen er Skuld i, at Høgre no er slegne. No hev han inkje dugt til annat enn at se Skjæven i sin Broders Øie. No hev han inkje hjelpt korkje Friele elder Styringi. Hadde han og Flokken hans gjenget med, der Friele vilde, so hadde det inkje gjenget, som det gjekk o.s.b. Og kvat Friele vilde, det minnest me alle: Sprengja Tinget, sprengja Riksretten, vera med paa Statskup, stydja det daadlause Styret hans Schweigaard o.s.b. Men ingen av dei Delarne vilde Motzfeldt, difor skal han hava Skuldi for Kapitulasjonen. At Motzfeldt og Flokken hans ved det kanskje hev reddat baade Kongedømet og Friele fraa Undergang, det bryr Bladet seg slet inkje det minnste um. Motzfeldt hev inkje gjort det, som Friele vilde, og det er Syndi hans. Det var no fyrre Sundagen Morgenbl. tok seg til aa straffa honom Ketil Motzfeldt, og Bladet treng inkje mindre enn tvo Rader til det. Stykket sluttar slik:

Det er ikke usandsynligt, at Ketil Motzfeldts Navn vil faa en Plads i de sidste 20 Aars Historie. Men af Laurbær og Egekranse vil det ikke være omvundet .

Nei, nei, det kann so menn gjerne henda det. Eg er inkje so ueinig med Bladet i det Stykkje. Men eg tykkjer Morgenbl. ved det let Folk faa som eit Vink um, at der likvel er nokre, som fær Plass i Soga og Laurbær og Eikekransar attpaa. Og kven det skulde vera kann vel ingen tvila paa. Det maa vel vera dei, som vaagde seg fram med Herropet kor myrkt det saag ut, dei, som hadde Mot lenge etter, at dei andre var motlause. Og kven det var, det veit me. Det var Friele, Ludvig Ludvigsen Daae, Xela, M. I. Monrad, Groserar, Gulbrandsen, Aftenposten, v. Krogh og Munthe.

Ja, ja, desse Mennerne hev vist synt seg moduge nokk og vel so det; men eg hev no endaa mine Tvil um, at seinare Ætter vil gjeva dei Laurbær og Eikekransar.

Men Kransar trur eg dei fær, dersom Soga bryr seg um aa nemna dei daa.

Eg trur dei kjem til aa faa Kransar, som er samanflettad av laaslause Byrsur, slipte Sablar, skarpe Patronar, Kartetsjar og _ Morgenbl.

Og ingen skal missunna dei mindre slike Minnekransar enn nettupp eg.


_ r _.