Prestarne


skulde ein tru maatte alle verta glade i det nye Ministerium, fyrst fordi det vil føra Freden attende i Landet og skilja all saar Politikk burt fraa Kristendomsordet; for det andre fordi Prestarne no hev fenget so stor Magt i Kongens Raad, som dei aldri fyrr hev havt det, dei hev nemleg fenget tvo Teologardit inn. I gamle Dagar fanst det inkje Teologar ved Kongens Bord, det var Riddervold, som var den fyrste. Men no, daa det er skriket so høgt um, at denne Radikalismen med Johan Sverdrup vilde støyta ned all Kristendom og Kyrkje i Landet _ no naar Johan Sverdrup sjølv hev komet til Magt, ser me tvertum, at Kyrkje og Kristendom hev fenget so sterk ein Studnad, som dei aldri hev havt fyrr: ein Prest og ein Professor _ no skulde ein daa hava ventat at dei ottesame Prestehjarta hadde vendt seg med Takk og Lov til Gud, fordi Radikalismens Aand hadde vortet magtlaus og Otten deira til inkjes. Me tok for oss Luthersk Ugeskrift for aa sjaa um Fagnadljoen inkje alt hadde fenget seg Ord og Tone.

Men me maa segja, at me aldri hev vortet so skjemde yver vaare Prestar som daa. For det stod væl eit Redaksjons-stykkje um den nye Regjering, men det var nokk alt annat enn Pris og Samletonar.

Stykkjet heiter:

Vanviddets Dage .
 
Det bliver Storm idag;
thi Himlen er rød og mørk.
Math. 16, 3.

Ja sanneleg ser det inkje ut til, at Vanviddets Dage er komne til Luthersk Ugeskrift no lel; det er Storm der, og det til Gagns!

Det er Presten Jakob Sverdrup det gjeldst. Dei skjemmer seg inkje for aa segja, at dei likeso gjerne vilde hava ein openberr Fritenkjar i Spissen for Kyrkjestyringi slik ein som Prof. Sars t. D. Dei kann inkje negta, at Jak. Sverdrup er ein flink Prestog ein god Kristen, men for Kirken forringes ikke derved Faren i mindste Maade. Tvertom er det forsaavidt værre, som hans formodede Kristenliv gjør det lettere for ham at blænde mange Umyndiges Øine.

Hu for Ord, og det av ein Prest!

Jak. Sverdrup kallar dei for ein Mann,

der fremfor alt vil virkeliggjøre Vantroens Program i Kirkens Liv.

Det er ufatande at ein Kar som Heuch kann vaaga aa skriva slikt. Er daa personlegt Hat, politisk Fanatisme og prestelege Einvaldslyster verkeleg so fastgrodde i honom, at det so heiltupp skyggjer burt alle andre Umsyn til Land og Folk og kyrkjeleg Utvikling og Tarv?

Kvat meiner nemleg Heuch med dette Vantroens Program, som han segjer at Jak. Sverdrup vil virkeliggjøre som Statsraad? Jau han greider det ut, og daa er det inkje annat enn det, at Jak. Sverdrup vil, at Kyrkjefolket i Norig skal koma til meir Vokster og Magt; med andre Ord, at Kyrkjelivet skal verta meir friskt og sterkt; at inkje berre Prestarne skal faa raada som dei vil og dei andre fylgja etter som uvitande, umynduge Hopar.

Det Liv og den Rørsla, som den daude Kyrkja vaar so saart treng, um inkje Kristendomen skal lida Mein, dette som nettupp Jak. Sverdrup hev sett upp for seg som eit Livsarbeid _ deter det som Heuch kallar for Vantroens Program.

Ja, soframt inkje Syndi var komi inn i Heimen, so kunde dette endaa ganga an, segjer Heuch. Likesom me hadde nokor Vissing for, at Prestarne berre var dei lytelause og syndefrie, men heile den store livande Kyrkjeflokk var søkt ned i det vonde og berre kunde bergast upp att ved Prestens Naade og Fyribøner.

Me vilde ynskja, at Heuch var den einaste presten, som her turvte granska sitt Hjarta, fyrr han kom fram med sine strenge fordømande Ord.