Maalsaki vaar.


(Fyredrag i Enebak av J. Vellesen.)
 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.

(Slutten.)


Daa Nordmennerne i 1814 vart eit fritt Folk med eit norskt Storting og ei norsk Regjering, uppkom snart den Tankje, at der laut blaasast ei norsk Livsaand i denne av Mold og Leir nyskapade Adam elder eit indre nationalt Liv i detta yttre Reisverk; for til eit sjølvstendigt Folk høyrer sjølvstendige Tankar og eit sereiget Tungemaal. Diktararne byrjad verta meir og meir norsklynde; men den første, som fyr Aalvor kom fram med Tankjen um eit sereiget norskt Skriftsspraak var Storskalden Henrik Wergeland. I Bladet Bondevennen skreiv han i 1835 blandt Annat:

Oldsprogets Gjenoplivnen, Almusproget, flere mere Dannedes Bekjendtskab dertil, de danske Familiers Hendøen og deres Ætlingers Fornorskelse, flere og dygtige sandt norske Forfatteres Fremtræden, en mulig istandbragt Forbindelse mellem de bedste iblandt dem til Sprogets Uddannelse, Foreningen af fædrelandssindede lærde Mænd for Selvbearbeidelsen af egne Oldskrifter, Fædrelandets Opblomstren, dets politiske Selvstændigheds Fastnen _ alt dette dynge vi sammen, og Seierhaabet lænner sit Anker til dette Bjerg. Vilde og maa end Tiden modne denne Seier, saa overlade vi dog ikke dette til den alene: Vi maa ikke mistvivle om vore Kræfter i en Kamp af saa høi en Moralitet. Historien, Alstyrelsen gjennem den, skal ikke ophæve sine Love og gjøre Norge til en Undtagelse imellem Landene. Thi er den Bemerkning rigtig, at man synes at kunne kræve af et Folks hele Sprog; at det skal gjengive os igjennem Øret noget lignende af det Helbegreb, vi igjennem Øiet og Granskningen have samlet um Folket og Landet _ da fornemme vi i vort nuværende Skriftsprog langtfra dette, saa tydeligen som Folkets og Landets skarpe Charakter fortjener. Men i Almusproget høre vi den; vi finde der vort Norge og den Natur, der fostrede os op. _ Landets Charakter præger sig i Folkets, dettes i Sproget. _ Det er ikke længer Navnet af et norsk Skriftsprog og norsk Literatur, som Nordmændene ville vinde. _ Men nu er det Virkeligheden af et selvstændigt Skriftsprog, som fremæsker Norges Aander. Dette maa Tiden afføde, før Aarhundredet nedrødmer, og saa meget snarere, som Kræfterne derfor forenes. _Ogsaa hos os skal Nytten og Æren af et selvstændigt udviklet Sprog koste en litirær Borgerkrig; thi det er ligesaa meget inden- som udenlands, at Modkjæmperne reise sig, og for mindre ville ikke disse Profeter, som have solgt sig Belial i Vold, lade Fædrelandet gjenvinde dette sit Odelsklenod.

Denne store Skalden brukte tidt det danske Maalet i ei mindre god Form, og heri hev seinare fleire Norsklynde, som gjerna vil faa det danske Maalet avdankat her i Landet og Norsk att istaden, liknat honom. I ei Bok, som han kallad Langeleiken, freistad han aa skriva Norsk, og han fekk det betre til enn ventande paa den Tid.

Tankjen var uppkomen, og den Mannen, som var lagat til aa granska grundigt det norske Maalet og god fyre baade aa skriva det sjølv og læra andre til aa gjera det, vart au funnen. Det var ein Bondeson fraa Møre, Ivar Aasen, fødd 1813. Han dreiv med Gardsarbeid, tildess han i 18 Aars-Aldren vart Skulemeistar. I sine Fristunder samlad han Blomar og Urtar og skreiv upp Bygdanomni paa deim, og so sende han detta til Vitenskaps-Sellskapet i Trondheim. Blomarne kjende dei Lærde fyrr; men Nomni var nye fyr deim og styrkte deim i den Trui, at det gamle norske Maalet endaa livde umkring i Bygdarne. Dei gav han Ivar eit aarlegt Stipendium og fekk honom til aa granska Bygdemaali fyrst i Heimbygdi og sidan andre Stader. Stortinget totte au snart, det høyrde til aa taka seg av Saki. Det gav honom ei aarleg Løn av Rikskassa, so han kunde ferdast Landet runnt og leggja seg etter Bygdemaali, kor han vilde, og naar han inkje hev voret ute paa Ferder, hev han sidan 1847 havt Bustaden sin i Kristiania. I 1848 gav han ut Det norske Folkesprogs Grammatik, som Historikaren Prof. P. A. Munch kallad eit Nationalverk, af hvilket det hele Folk kan være stolt, og 2 Aar etter kom han med si Ordbog over det norske Folkesprog. Beggje hev han sidan vølt paa og gjort større og betre. 1864 vart Maallæra hans prentad paa nytt og fekk Namnet Norsk Grammatik, og andre Utgaava av Ordboki kom ut 1873 under Namn av Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Av Bygdemaali sette han upp ei Mynsterform, som han i 1853 lagde fram i sine Prøver af Landsmaalet. Han drog liksom ut Generalnemnaren av dei ymse Brøkkar. Sjølv kallar han det eit Forslag, og det er au eit svært godt Forslag til aa leggja til Grunn fyre det nationale Arbeid. Du kann vera einig med honom i Hovudsaki, sjølv um du kunde synast, ein og annan Smaating kunde hava voret betre. Aa utvikla eit Skriftspraak er inkje ein Manns Verk. Skal ein skriva i detta Maalet, tykkjer eg, det er best aa halda meg til det Bygdemaalet, eg er væl inni, og so stava Ordi etter dei Reglarne, Aasen hev set upp i Maallæra si. Gjerer ein det, vert der inkje minnste Sanning i det Paafunn, at Landsmaalet skulde vera et lavet Sprog; før Stavereglar lyt det vera i alle Bokmaal. Med likso stor Rett kunde den danske Bonde paa Sjæland elder Fyen, ja Kjøpenhamnaren med, segja, at det danske Bokmaal er et lavet Sprog, for bokstavrett uttalast det ingen Stad i Danmark, so vida eg heve faret. Ja, eg trur inkje, eg tek iminst, naar eg torer segja, at der er likso stor Skil paa sjælandsk Bygdemaal og danskt Bokmaal og Landsmaalet slikt, som Ivar Aasen skriv det. Naar dette nye norske Bokmaal vert meir utviklat, vert det likso høvelegt fyr Noreg, som Dansk er fyr Danmark. Det er inkje det same som Oldnorsk. (Prøver vart daa upplesne baade av Oldnorsk og Landsmaalet.) Det gjeng inkje an aa gaa so langt tilbake i Tidi. Ein fær halda seg til det, som no liver. Folkeaandi stend aldri still, og so kann ein helder inkje venta, at Folkemaali gjerer det. Um det gamle norske Maalet stødt hadde voret i Bruk her i Landet, og der inkje hadde voret noko Dansketid, vilde det likavæl hava voret anderleids, enn det var paa Kong Sverres Tid, liksom Islandsk no er anderleids enn Oldnorsk. Dansk var au anderleids fyr nokre Hundrad Aar sidan enn no. (Prøver vart upplesne til Døme paa det). Det, som skil danske Bygdarmaal fraa norske elder det danske Bokmaalet fraa Landsmaalet, er:

1. Norsk hev 3 Kyn, Dansk 2, (Eks. ein Mann, ei Kona, eit Hus). Detta vert ei stor Brigd, naar Ordi skal bøygjast. (Eks. eit Aar, Aaret, Aari, Aare, Aars, Aara, Aarom, _ ein Dag, Dagen, Dagar, Dagarne, Dags, Dage, Daga, Dagom, _ ei Grein, Greini, Greiner, Greinerne, Greinar, Greina, Greinom, _ og so eit Ord av vaart eiget Bygdarmaal: ei Vyku, Vykua, Vykur, Vykurne.)

2. Mange norske Ord hev Tvi-Ljod, som gjev Maalet ein god Klang. (Eks. Steik, Leik, Røyk, Øyk, gløyma, gøyma, laus, naus, blaut, taut.)

3. Norsk hev harde Medljod, Dansk blaute (Eks. Fot, Rot, Mat, lat, Fat, Gata, baka, skaka, Kaka, raka, tapa, rapa, ropa.)

4. Gjerningsordi ender i Nemnemaaten i dei meste og beste norske Bygdarmaali og i Landsmaalet med a, i Dansk paa e. (Eks. skøyta, bløyta, røykja, lesa, skriva, rekna.)

5. Settningsbygnaden og Plassen aat Ordi er ulik, og umfram Namnordi bøygjest au Eigenskapsord, Talord, Byteord (Pronomen) og Gjerningsord anderleids i Norsk enn i Dansk.

So lyt ein au koma ihug, at der er Skil paa sjølve Ordmengdi. Væl kunde ein taka inn mange norske Ord i det danske Bokmaalet, som nokre arbeidar fyre; men dermed vart Maalet inkje norskt, solenge Bøygingarne er danske. Paalag 20 av 100 Ord i det danske Bokmaal er laante fraa framande Maal, mest fraa Tysk, og likavæl er Maalet danskt, fyrdi desse Framandordi vert bøygde som dei danske. Inkje faa danske Ord hev fenget Inngang her i denne Bygdi, som ligg so nær Hovudstaden; men lika væl hev Bygdarmaalet alle dei 5 nemnde norske Kjennemerkje, so det vilde vera ei stor Vinning her au aa faa Landsmaalet til Bokmaal, og høver det her, skyna de, at det er endaa meir høvelegt i Fjellbygdarne, som er mykje norskare. Fekk me eit norskt Bokmaal, vilde det vera lettare fyr Born aa læra lesa og skyna det, dei leser. Væl veit me, at det gjeng an fyr norske Born aa læra Katekisma og andre Bøker paa Dansk og tilmed skyna deim; men lett gjeng det inkje, det torer eg segja, som hev voret Allmuskulelærar alltifraa eg var 16 Aar og no er 42. Ein kann koma fram paa mange Slags Maatar, veit de. Kanskje ein fyr Naud Skull kunde berga seg med Skulebøker paa Tysk liksom i Slesvik og Elsaass-Lothringen , naar der inkje var onnor Raad. Men no er her ingen Ting i Vegen fyre aa bruka det norske Maalet, berre me sjølv vil.

Og so veit de no, at Folk inkje lenger kann berga seg paa ein skikkeleg Maate med det Vesle, dei lærde fyrr. Der maa meir til.Det er inkje lenger berre dei Studerte, som skal læra aa skriva aa tala fyre seg; men sjølve Bonden skal au kunna det. Ja, eg meinar no inkje berre aa kunna teikna Bokstavar, for det hev lenge voret i Bruk, men aa kunna stila elder setja ihop, og daa kjem han til kort med eit framant Maal. Hev nokon av dykk t. D. leset Tysk elder Engelsk, veit han, at det let seg godt gjera aa kunna læra aa skyna ei tysk elder engelsk Bok; men skal han halda ein Tale elder skriva um inkje annat enn eit skjikkelegt Brev paa eit av desse Maali, daa vert det verre. Mest likeins er det med norske Born, naar dei skal læra aa skriva Dansk. Det gjeng inkje an aa tenkja paa den same Maaten, dei er vande med. Tankjen lyt vera dansk, skal han faa sit rette Uttrykk paa det danske Bokmaalet vaart, og detta er inkje greidt aa faa til fyr oss Norske. Kver einaste ein av dykk, som hev røynt seg i dansk Stil, vil kunna sanna det. Eg hev _ som Stipendiat _ havt Tilhøve aa leggja meg etter Skulegreidur baade her i Landet og i Danmark, og eg kann segja, at dei danske Skuleborni lærer mykje lettare aa skriva fyre seg enn dei norske. Paa gode Skular hev eg set yver Stilebøker i Hundradtal baade her og i Danmark og kann fortelja, at dei danske stend mykje yver dei norske. Det kjem seg inkje berre av det, at Danskarne hev lenger Skuletid, for her er Skular her i Landet med likso lang Skuletid som i Danmark; men det kjem seg allra mest av sjølve Maalet. Dansk trivst betre paa dansk Jordbotn enn paa norsk. Mest likeins vert det, naar ein skal likna norske Skular med svenske. Skal me i Framtidi kunna hamla upp med Grannarne vaare i Upplysning, so lyt me byggja paa norsk Grunn og faa eit Bokmaal, som er likso norskt, som det danske er danskt og det svenske svenskt. Difyre er Maalsaki ei svært vigtig Sak, og difyre er det, at mange arbeidar fyr henne.

Sidan han Ivar Aasen stod fram, hev me fenget fleire andre Diktarar og Bokskrivarar, som nyttar norskt Maal. Me kann nemna Namn som Vinje, Janson, Krohn, Arne Garborg, Jørund Telnes, John Lie, Hans Mo, Høyem _ ja, me kann inkje nemna deim alle, for Rekkja er lang, og mange vil helst vera unemnde.¹) 2 Lag er skipade fyr aa arbeida fyre Saki, Vestmannalaget i Bergen og det norske Samlag i Kristiania, og hertil kjem fleire mindre Lag umkring i Bygdarne.

Vil no du arbeida fyre Norskdom, so tal fyr det Fyrste Morsmaalet dit, og ven deg av med Knot! Faa deg so au norske Bøker! Hev du Raad til det, so meld deg inn i det norske Samlag, som hev gjevet ut so mange gode norske Bøker! Det kostar 4 Kr. um Aaret; men du fær Bøker fyr Pengarne og væl det. Naar du hev leset Norsk ei Rid, vil du lett kunna læra aa skriva det, naar du fær litt Greida paa Maallæra, og korleides Ordi skal stavast.

Blad er mykje i Bruk i desse Dagar, og du lyt faa deg eit norskt eit. Fleire hev freistat aa senda ut Blad paa Norsk. Vinje gav ut Dølen, Krohn styrde Ferdamannen i Veg, Vestmannalaget Tidsskriftet Fraa By og Bygd, nokre Studentar i Kristiania sende Svein Urædd ut, Utgjevaren av Norigs Soga freistad aa vekkja det norske Folket med Andvake osv.; men mest Framgang hev Fedraheimen havt, og han er til enno og trivst betre Dag fraa Dag. Motstrævararne kann inkje no skulda honom fyr Fritenkjarskap; for den nye Utgjevaren stend paa kristeleg Grunn. Detta Bladet burde alle Norsklyndte halda. De ser soleids, at de kann taka ei Hand med aa hjelpa fram Norskdomen allesaman, baade Unge og Gamle, Kvende og Mann.


¹) Sogeskalden vaar inkje aa gløyma. Bladst.