Fraa Skulesoga.


(Ved Matias Skard.)
 
(Framhald.)
 
(Del 3 av 7. Fyrste delen.)  
 
 
Juni 1884.

IX.


Kjære Ven.

Av det fyrre Brevet¹) saag du, at med alt det, som fraa Frankes Tid vart gjort fyre Folkeskulen, naadde han ikkje alt so høgt i det fyrste Aarhundradet. Dei gode Skular som einskilde Menner orkade i Kjærleik aa byggja, dei var sjeldsynte; og Trass i alle gode Skulelovar og Reglar stod Skulen i det store syrgjelege laagt. Den som les dei Skuleordningar, som vart kungjorde og altid paa nytt forbetrade og uppattnyade i alle tyske Land og Byar i det 18de Aarhundradet; den som høyrer um, kor dei alle Stader strævade med aa hjelpa upp Folkeskulen _ maatte tru, at mot Enden av Aarhundradet var der i det minste naatt ein toleleg Tilstand i Folkeskulen. Men det var ikkje so lika vel.

So vidt eg kann sjaa er Hovudgrunnen den, at Skule- og Upplysningssaki endaa ikkje var ei Folkesak. Difyre var det fyrst gjevet vaart Aarhundrade, Folketidi, i so Maate aa gjera Verk med Vend. Me standa midt uppe i Arbeidet fyr ei retteleg Folkedaning; og Dag fyr Dag siga dei folkelege Tankar inn og fornya Anden i Folkeskulen og brøyta dei gamle Former inn etter Livet sine Krav.

Og som Innskrift yver det 19de Aarhundrad sitt Skulearbeide stend Namnet Henrik
Pestalozzi
.

Pestalozzi er Sveitsar, fødd i Syrik 1746. Faderen som var Saarlækjar misste han alt i 5 Aars Alderen. Guten vart daa uppdregen av Moderi og Tenestegjenta, Babeli, som Faderen paa sitt sidste bad, at ho fyre Guds Naades Skuld ikkje maatte ganga fraa hans Kona. Det lovade ho. Og _ fortel Pestalozzi sjølv _ hennar Ord gav min døyande Fader Ro; hans Auga ljosnade, og med den Trøyst i Hjarta gjekk han burt. Og so gav dei tvo Kvinnor seg i retteleg Moderkjærleik inn i eit Liv av Offer og Saknad fyre dei smaa si Skuld. Henrik hadde ein eldre Broder, som døydde snart, og ei yngre Syster. So voks daa Henrik upp retteleg som Guten hennar Mor; men alt det vantade som den mannlege Kraftutvikling i den Alder so saart treng. Aar etter Aar sat han i Omnskroken.

Det synte seg snart, at Henrik var eit gaaverikt Barn. Serlege var det Hjartelivet og Kjenslorna, som var hans Styrke. Det som rørde honom fraa den Sida, det feste seg fyre alle Tider. Men alt, som ikkje det gjorde, det gleid honom utanum, som um han aldri gaadde det. Paa Skulen førde dette til, at i sume Ting var han langt baketter, men i andre Ting langt framum dei andre; og Lærararne fann, at han dugde ikkje. I det heile livdehan ut av det, som kvar Stund tok hans Hjarta, og tok Livet so lett, at han difyrevart so gamall, meiner han sjølv.

I alt det som Smaagutar serlege leggja seg etter, var han udugeleg og den mest styvne i all Leik. So han vart vel mangein Gong til Løgje millom sine Jamlikar, og dei kallade honom Henrik Undarleg fraa Torliken. Men elska maatte dei den venlege, tenestviljuge Guten. Daa han gjekk paa Latinskulen i Syrik, vart det ein Dag eit svare Uppstyr. Det fall slik ein undarleg gul Ljoske inn gjenom Glasi, og Huset riste. Det er Jordskjelv, ropade Læraren, og bleike og forskræmde sprang dei fraa Bøker og alt og radt heim. Men nokre var det, som stadnade utanfyre Skulehuset og hugsade Sakerne sine, som dei endelege skulde hava med seg, men ikkje vaagade aa henta. Aa kjæraste Henrik, gakk etter Frakkom vaare du. Ikkje sannt Pestalozzi, du tek med Sakerna mine til meg ogso; eg er so rædd, at eg vaagar ikkje aa ganga derupp; Troppi kunde detta ned. Men deg Undarleg hender det visst ikkje nokot; du er no altid ein svare Kar, som vil hava nokot framfyre oss du _ so leet det fraa alle Kantar. Og Henrik var snart i Vegen og kom atter med eit heilt Fangan Bøker, Frakkar o.s.v. Mange Takk Veslebror. Ja hadde me ikkje vaar Henrik Undarleg, so vilde mange av oss umframt den Rædsla, me alt hava kjennt, hava fenget Juling heime fyre Bøkerna, me hadde gløymt. Der kom ein ny Jordskjelv, og dei sprang heim alle _ glade og takksame lika vel, at han Henrik var so undarleg.

Ei Mils Veg ute paa Landet budde Bedstefaderen, og hjaa honom fekk so Henrik vera i sine Fritider fraa Skulen. Der ute i det fagre Landskapet livde den gamle gudelskne, evangeliske Presten og lagde heile sitt Liv i Prestegjerningi, og til den høyrde ogso Umsuti fyre Folkeskulen. Her fekk vel den unge, hjartevarme Guten lagt Grunnen til den Kjærleik til dei smaa og ringe, som vart Livsmagti i honom til det sidste. Han vann seg mangein kjær Leikebroder millom dei unge der. Men daa han nokre Aar seinare saag deim, kor dei hadde bleiknat og slaknat under Livet med Bomullspinning o.s.v. daa kjende han, so det aldri gløymdest, at her trongst der Hjælp. Menneskja i dei ringe Kaar hadde vunnet hans Hjarta.

Og so kom i hans 17de Aar (1862) Rousseaus Emil. Daa Emil kom _ fortel Pestalozzi _ vart mitt overlag upraktiske Draum-Sinn glødande gripet av denne lika so overlag upraktiske Draumbok.

Han vilde lesa til Prest, men dei fyrste Prøvar paa Preikestolen lovade ikkje det beste. Ein Gong gjekk det i Tull fyre honom ofta i Preika og tilmed i Fadervaar; ein annan Gong braut han ut i Storskratt, best som han stod og preikade. Tredje Gongen kom der ikkje nokot slikt Hefte paa, og Pestalozzi dreiv paa i tri Timar, til der ikkje fanst fleire i Kyrkja enn han og Klokkaren. Nei det var ikkje Vegen fyre honom.

So tek han fat i Rettslæra, um han paa den Vegen kunde naa betre til aa hjælpa sitt Folk fram. Han studde seg med denne Tanken til sin Ven, Sakførar Bluntschli, som just hadde den praktiske Dug, som Pestalozzi vantade. Men Bluntschli døydde, og Pestalozzi var reint utrøysteleg. Dei maatte riva honom burt fraa Liket, at han ikkje skulde missa Vitet; og han vart sjuk. Ute paa Landet kom han seg, medan ogso hans Kjærleik til Landlivet og Landsfolket livnade upp, og han vil verta _ Landmann. Hjaa ein stor Gardeigar nær ved Bern lærde han so Landbruk _ eit Aar. 1768 fekk han kaupt seg Jord i Argau og bygde seg der ein stor, gild Gard, som han kallade Neuhof (&dvs; Nygard). Der liver han daa glad og full av store Voner. Enno fullare vart Gleda, daa endelege Foreldri til hans kjære Anna Schulthess ikkje lenger sette seg imot, men leet honom faa føra henne heim som si Brud (1771). Eit Brev, som han skreiv til henne, endaa fyr Foreldri vilde vita nokot av honom, lærer oss i mangt aa kjenna den unge glødande, ærlege Mannen. Her nokre Stubbar utor det. ... I den næmaste Tid vaagar eg litet aa vera deg nær... Eg heve ingen Dug til aa dylja mine Kjenslor... Eg vilde ikkje vera i Stand til aa vera saman med deg ein halv Aftan, utan at dei vilde sjaa mi Uro _ endaa dei som ikkje var gløgge til aa sjaa. Han finn det aa vera si Skylda aa fortelja henne alle dei Lyte og Brester, som han veit med seg sjølv og føra henne so djupt inn i mitt Hjarta, som eg sjølv trengjer inn. Serlege gjeld det daa dei Sidor ved honom, som med Tidi kunde valda henne tunge Tider. Dernæst skylder eg deg det ærlege Ord, at eg altid vil halda mine Pligter mot mi elskade Kona for ringare i Samanlikning med Pligterna mot mitt Fedraland, og at, um eg enn vil vera den kjærlegaste Ægtemann, vil eg lika vel halda det fyre mi Skylda aa vera ubøygjande yver fyre Kona sine Taarar, um ho nokotsinn med deim vil halda meg attende fraa endefram aa uppfylla mi Borgarpligt, kvat der so enn kann fylgja av det. Kona mi skal vera min Hjartans Medvitar, takande Deil i mine løynlegaste Raader. Ein stor, ærleg Einfald skal raada i mitt Hus... heile mitt Hjarta tilhøyrer mitt Fedraland; eg vil vaaga alt, um eg kann mildna Naudi og Vesalskapen i mitt Folk... Eg elskar deg av Hjarta;... eg er rædd fyre aa missa deg, naar du ser meg, slik som eg er... Mitt Samvit ropar høgt til meg, at eg var ein Forførar og ikkje ein Elskar, naar eg vilde dylja fyre mi elskade eit einaste Drag i mitt Hjarta elder ein einaste Ting, som eingong i Framtidi kunde gjera henne uroleg og ulukkeleg.

Og snart steig der Skyer paa den klaare Himmel. Pestalozzi dugde ikkje til Landmann; for stort og dyrt hadde han bygt; Jordi var daarleg, Styraren hans var ein hard Mann, som støytte Folk burt; der kom Dyrtid, og hans Landbruk drog bakyver. Grunnen til Ulukka laag berre i honom sjølv, fortel han, i hans praktiske Dugløysa. Kvar Mann kjende den, berre ikkje eg. Mitt Livs Draum, Vonerna um eit stort, velsigningsrikt Verke-Umkverve kringum meg, eit Umkverve som skulde finna ein Midpunkt i ein roleg, still husleg Kring _ det var no heilt burte.

Men han vil hjelpa sitt Folk. Og 1775 opnar han eit Fatighuspaa Nygard. Der vilde han riva dei smaa Born ut av det Liv, som Dag fyre Dag drog deim meir ned i det laage. Dei skulde læra Jordarbeide, Handgjerning, Hovudrekning, og dei skulde faa Øving i aa maalbera seg. Han vilde gjera deim dugelege til si Stilling i Livet. Men yver alt dette stod det store aa gjera deim til Menneskjor. Det var Hjartat han vilde naa, det vilde han vinna fyre alt godt og sannt. Og so var alt det andre berre Dygtiggjering av Menneskja. Men paanytt syner det seg, at hans Dug svarar ikkje til hans Hug; han fortel sjølv, korleides han tok det bakvendt, ja i Grunnen gjordedet, som han lærde, at ein ikkje skulde gjera. Steg fyre Steg fraa Grunnen av, _ fraa det lettare til det vandare _ so var hans Grunntanke; og so set han i Røyndi dei smaa inn i det vanskelege, fyrr dei hadde lært det lettare o.s.v. Der var store Vandar, som han ikkje hadde tenkt seg. Eg kjende det slett ikkje, som eg skulde, at der Tidsanden er imot ei god Vending av Undervisningsstellet i det heile i alle Lag, der er han det ogso i kvar einskild Menneskja og i dei lægste Folkelag som i dei høgste. Det fatige Folk, som liver i det laage, kann uendeleg vandt verta endefram og naturhøvande uppdreget, der Uppdragingi av alle deim, som ikkje liva i Armod og Naud, er til det høgste Maal naturstridande og kunstig. I 5 Aar dreiv han det lika vel i undarleg Kjærleike; sjølv aat han det laakaste, at Borni kunde faa den beste Maten. Men han hadde med dei 50 Fatigborn teket seg Vatten yver Hovudet. Og i 1780 maatte han leggja ned, daa han fyrst hadde brukat upp dei Pengar, han hadde fenget med Kona, og som ho glad gav. No var han sjølv fatig paa Gull, men rik paa Hjartelag. Just fraa denne Tidi fortelst det, at han ein Dag maatte ut reint av Naud, og han fekk laant eit Par Gullstykkje, som han daa glad gjekk heim med; men paa Vegen møtte han ei Fatigkvinna, og ho _ fekk deim. Ein annan Gong, som han ikkje visste annat aa finna paa, gav han ein Fatigmann Sylvspenni utor Skoom sine, som han so batt ihop med Straa.

Men hans store Tiltak hadde mislukkast, og det gjekk meg so, som det gjeng kvar den, som ved eigen Feil vert fatig. Han misste all Tillit. Ja det gjekk so vidt, at hans eigne Vener bøygde av inn i Sidegator, so dei skulde sleppa aa møta honom og nøydast til aa spilla Ord paa ei Menneskja, som ikkje stod til aa hjelpa; Ord som berre vilde gjera deim vondt utan aa gagna meg. Ja hans beste Ven fortalde honom ein Dag, at hans gamle Vener gjengs væntade, at han skulde enda i Daarehuset. Det var ei Tid som kunde ganga til Hjarta; men hans trufaste Kona stod offerviljug og kjærleg ved hans Sida. Og ho styrkte honom. For um det enn kunde leita paa, naar endaa Pestalozzi sjølv var mest utor Trui _ det kunde vel tyngja ned; men ho sleppte ikkje Trui paa honom.


¹) Du maa orsaka, at ymse Tilhøve hava gjort det umogelegt fyre meg paa so lang Tid aa
senda deg nokot Brev.  
 
(Meir.)