Ei Takk og ei Utgreiding som kjem Petersbrevet ved.


O. Bj. nordan Fjellet skal hava Takk for dei hjartelege Ordi sine aat meg. Dei hava gledd meg myket, med di dei hava sagt meg det same, som eg sjølv fraa fyrst av hadde tenkt med Arbeidet mitt. Aa lata upp Augo for den Samanhengen i Petersbrevet, som er forsiglad med sju Innsigl i den autoriserad Umsetjingi skulde vera som aa reinska utor ei Uppkoma av den Elvi som renn gjenom Verdi fraa Gud; Huset med Livsens Vatn aat alle dei, som tyrste er. Eg treng um aa gjeva Takk atter til den fyrste Venen, som uppi Folksaugom ber ho fram til meg paa ein so voren Maate, at det er skynande, at Umsetjingi mi kann gjera Fullnad for litet vetta av det, ho var etlad til. Eg voner at sovorne Vener treng ikkje verta bedne um aa hjelpa med aa spreida henne ut Folk imillom, naar ho no kjem i Bokselnaden. Dei gjera det korsomer.

Men det kjem ikkje til aa ganga fort med aa halda fram; endaa um Fedraheimen ogso heretter vil taka gjestmildt imot Arbeidet og hjelpa det fram, som han hev gjort. Fyrst maa Utvinningi for Spraakgranskingi av fyrste Petersbrevet verta gjenomarbeidd, og so kjem Raden til seinare Petersbrevet, som um mogeleg er gjort endaa meire flokutt enn det fyrste. Mangt annat hev eg og, som ikkje toler vanskjøytast og ingi-sterk Helsa attaat, so ei Tid av Aaret lyt eg kvila reint. Kann eg til næste Vaar, um eg annars lever, faa seinare Petersbrevet ferdugt, so er det alt eg vonast.

Eg fekk ogso hjaa Stortinget eit stutt Nei paa Søkingi mi um aa verta studd med Pengar til aa halda fram med Arbeidet. Daa eg i Fyrehand gjorde Tinget vis paa, at eg ikkje var viljug aa lata Boki dømast av nokon nemnd elder Komite og soleids ikkje kunde venda meg til det norske Samlaget, so fann Komiteen ingen Grunn til aa ganga nærare inn paa Saki sjølv; Søknaden vart ikkje trykt som Stortingsdokument, alt Tilføre til saklegt Ordskifte avskoret, altihop gravlagd i Komiteen og moldkastad i Tinget. Og med di maatte daa Folk tenkja, at Kravet mitt etter Pengar utan Tilsyn var so stridvoret og eg sjølv ein sovoren Stridbukk, at det var ei raadlaus Sak aa sleppa meg paa det lause burti Statskassa. Sidan eg no hev fengjet Tilføre, so lat meg med same greida ut, kvifor Søkingi mi var soleids stilad; eg meinte, at Tinget skulde havt Tid nog til aa finna det ut av seg sjølv.

No nyss hev Prof. Schjøtt sagt i den liberale Forening: Vi er blevne ledede af et System. Og det er det, at Folket skal regjeres, ikke regjere. De som skal styre, er de Sagkyndige, de som sidder inde med en autoriseret Visdom, som vi andre Lægfolk i politisk Forstand skal bøie oss for. Det er dette System, som nu skal bæres til Graven.

Eg sannar desse Ordi av fullt Hjarta; men det er ikkje berre det politiske Liv som hev stadet _ og stend enno _ under Verjemaal og autoriserad Formynderskap. Det same gjeld store Stykke av vaart aandelege Liv den Dag idag.

Det var ei Tid daa Staten hadde teket seg Serrett til aa driva alskens Næring for eigi Reikning; Landsens Krefter laag unøytte, Folk svalt, Kappstig og Tevling var uloglege, men Kongen tente litet vetta. Det er sidan Folk fekk Friheiti til aa næra seg med sine Henders Arbeid, at me er komne til Velstand, og no vilde ingen Statshushaldar falla paa eit sovoret Stell. Men enno skøyta dei heile det aandelege Livet paa den gamle Visi. Staten hev eignad seg Serrett til det aandelege Arbeidet; driv heile Skuleverket, godkjenner(au- toriserer) alle Bøker som skal brukast. Han forbyd likvel ikkje lenger, men underbyd paa alle Kantar det private Tiltaket; dei som hava fenget serlegt Kall til sovoret Arbeid, lyt anten gjeva det upp elder ogso bøygja seg under Statens sagkyndige. Kor myket Staten tener paa denne Serretten sin veit ikkje eg; men det veit eg, at det gjeng ei Ovmengd av Krefter til spilles. Staten kann vel for ei billeg Pening finna nog av lydige Tenarar, som arbeida for Betal og etter Befal; men friviljuge og frilyndte Arbeidskarar fær han minder og minder utav; dei korkje kann elder vil gjera blindt etter som han segjer fyre; dei lyt sjaa seg Herrar yver baade Midlar og Maal, skal dei arbeida til Gagns. Heile Staten sit Stell gjer det friviljuge Arbeidet til Meins; det kann ikkje halda seg imot dess Serrett; og so gjeng det til spilles, som skulde hava fyrste Rangen, avdi det er sprottet av Livsevner og Aandsgaavor, som ikkje er fale for Pengar. Det ser ut, at det trengst svært lang Tid fyrr dette vert skynad; endaa det er ogso her aa merkja Framgaang til det betre. No er det ikring hundrad Aar sidan at dei styrande skynte, at Diktarar var ei Folkelukka; dei var daa i Vissa komne paa Moden fraa Frankrike. So prøvde dei paa aa gjera Diktarar etter Uppskrift og Uppgaava, og skrøytte svært av dei, som hadde fenget Prisen hjaa dei utnemnde Prisdomarar. Det hjelpte litet, veit me no; dei fekk ingi likevel; fyrr dei kom av seg sjølv; og no hava me Diktarar med Diktarløn; men utan kongelegt elder akademisk Kallsbrev. No lata dei Diktaremni tevlast og hjelpa so mange som dei hava Raad. Og der sit ingen kongeleg nemnd som dømer og stemplar Arbeidet deira. Det vert teket med Takk, som dei hava aa gjeva.

Men det hende for ikkje meir enn 7 _8 Aar sidan, at Arbeidet til ein av vaare beste Tonediktarar var aat aa koma under Verjemaal. Ludv. M. Lindemannhadde lagad Melodier til Landstads Salmebog; dei vart utgjevne med Statskostnad og brukte ei Stund. Men dei skulde stemplast fyrr dei vert tekne i Bruk for godt, og den kongelege Nemndi, som skulde døma og autorisera fann paa aa setja fram mange avbrigde, som stod beint i Strid med Lindemans musikalske Yvertyding. Skynad dei daa inkje, at det var ikkje berre Diktarens eige dei gjorde til Meins, men dei Sereigne som gjorde han til Diktar og som stend attum all aandeleg Eiga? at slikt var aa halda Aanden si Gaava for eit Rov og taka ho med Vald. Elder reiknad dei ikkje Tonediktaren for Diktar? Elder er det ikkje so, at kvar og ein som hev ei Sereign som hev merkt ut Kallet hans aat han, han er Diktar inom og paa sit Vald, og veit det med seg sjølv, so han vert harm, naar han ikkje fær arbeida fritt, der han hev heime framfor andre? Sannt aa segja, den Uniformeringi av heile det aandelege Liv dei stræva med, ho høver ikkje vaar Tid. Den Uppfinningi med Prisdomarar til aa godkjenna det beste Arbeidet smakar sterkt av Upplysningstidi si Aandløysa. Deira Autorisation er eit daarlegt Vederlag fyre Domen, som Livet sjølv segjer yver deira Verk, som kann kappast i fri Tevling. Den Godkjenningi let seg aldri bruka til aa finna fram det ovgode, men berre til aa halda burte alt det, som Domarne ikkje tykkja um. Og eg hev aldri røynt, at just deira Smak hev voret den beste. Dei kongelege domsnemnde og Autoriseringar er som Rova av Einveldets Censur, dette protestantiske Innkvisitionsverk, som hev tapt Magti si til aa landlysa og bannlysa og straffa paa Tunga, men som hev henne enno til aa krenkja og setja til Sides og skuva undan. Solenge vaart aandelege Liv vert mareridet av denne Attergjenge; kann det ikkje gjera Rekning paa, at dei friviljuge Krefter vil kasta seg med Liv inn i Arbeidet for aa auka det. Dei som skulde gjera Framstiget halda seg elder vert sette undan: so vert det heile som eit lognt Vatn, stilt og utan Straum, tildess det kjem ein Storm atter og reinskar upp.

Er det dette Autoriseringssystemet fraa Høgdi, som no skal jordfestas, so lyt det verta gravlagd her og. Det trengst det so myket meir um, som det er eit Vilkor for Sjølvstyre i alle Maatar, at Folk hava Valet millom all aandeleg Føda, daa det er den, som aukar det Mannavit, som i alle Tilfelle maa til. Ein av dei fremste Orsaker til all den Ustødskap og Skjaasling, som det hev voret i vaart politiske Liv, maa vera aa søkja i det, at her hava me voret fastbundne, medan me heldt paa aa kava for aa sleppa laus paa andre Kantar. No lyt me byrja med aa kasta laus ogso dette Feste; um me onnors meina det aalvorlegt med Framstiget. Me tarv inkje vera rædde, at det heile daa skal bera ut i Villa; der det vert fri Tevling, kjem det samstundes innbyrdes Ettersyn; Livet gjer sine Skil sjølv og dei vert inkje brotne ned.

Det var med sovorne Tankar, at eg tok til aa arbeida med Bibelumsetjing. Me veit allihop, at den me hava er autoriseret, og nokon annan fær ein ikkje lov aa nytta offentleg. Me hava fylgt med Danmark i det Stykket, at ho er vorten ringare og ringare etterkvart ho er vorten revideret. Det er difor ikkje lengje sidan, at nokre danske Prester vart samde um aa trykkja uppatter den eldste Umsetjingi fraa Kristian 3die si Tid; det var daa den beste dei hadde. Og den lærde Jac. Chr. Lindberg arbeidde paa eigen Kostnad ei ny, som naar det gjeld det gamle Testament er eit Meisterverk, og ogso eit stort Framstig i Umsetjingi av det ny. Men den kom ikkje i aalment Bruk. Her hava me inkje havt nokot privat Tiltak. Sumt hev voret gjort for aa skaffa ei ny Umsetjing av det gamle Testamente, men ho ligg endaa som Prøva i ei dyr og utilgjengeleg Form. Og Revisionen av det ny Testament er i det heile inkje til det betre. Daa vart det teket til med aa umsetja Stykke av det ny Testament til Landsmaalet. Tiltaket var fraa det fyrste privat; ei Umsetjing av Markusevangeliet gjekk ut fraa Griegs Boktrykkjeri i Bergen. So gjekk det ei lang Tid; daa søkte det norske Samlaget Stortinget um Hjelp til aa gjeva ut eit elder fleire Stykke av Testamentet paa Prøva og dei fekk Pengar, men under Villkor, at Folk, som Kyrkjedepartementet utsaag, skulde sjaa etter, at Arbeidet var velgjort. Det Vilkoret tok Samlaget imot. Det var no vel inkje mange, som tenkte, at dette skulde innehalda ein Autorisation. Samlaget kunde no velja sine Umsetjarar, og dei kunde umsetja korleids dei vilde, naar det berre inkje var heiltupp rangt. Men daa eg saag, at Samlaget si Prøva tok til aa likna meir ei Umsetjing fraa Dansken enn fraa Gresken, so byrjad eg aa verta mistruen og tok for Aalvora til aa arbeida med Petersbrevet. Skulde det verta Prøvar, var det best um det vart fleire, og so arbeidde eg heiltupp av nytt utan aa vera rædd for aa gjera Umbrøyte kor eg saag det var Umbot.

Og nettupp avdi eg hadde Mistanke um, at Autorisationstanken laag gjøymd attum Ettersynet av det norske Samlaget sit Arbeid, vilde eg ikkje koma under Censur. Eg tykte, at Tidi til aa melda seg var lagleg. Og eg var viss um, at di fleire som tok til aa tevlast, di betre vilde Arbeidet verta. Dessutan _ og det var Hovudsaki _ trudde eg, at det var rette Vegen til aa løysa Folk utor dei skriftklokes Verjemaal, naar det gjeld um aa hava Greide paa kvat som stend skrivet, at me fekk so mange Umsetjingar som mogelegt paa Folkemaalet. Naar det vart fri Tevling, torde ingen umsetja galet med Vitande og Vilje, og dei ymse Umsetjingar kunde daa innbyrdes upplysa og stadfesta kvarandre. Folk kunde daa faa sjaa, kor langt det med Rette kunde finnast Usamtykkje sume Stader, og kvat alle maatte vera samde um. Og so kom Søkjingi mi til Tinget som eit Tilbod um aa hjelpa til med dette. Ho vart ikkje stilad som nokon Tigging etter Pengar; ho var so frihugad og frilyndt skrivet, som eg var god for aa gjera henne. Eg saag det beintfram som mi Skyldnad mot Fridomsarbeidet vaart at eg gav Tinget Tilføre til aa taka eit Ryggtak med den Teologi, som hev stellt seg soleids imot Framstiget i Folket, at han er snart sagt ikkje truande nokon Ting lenger. Eg vilde freista til aa byrja den Kamp, som no i alle Tilfelle maa koma. Det hjelpte til aa gjeva Søkingi si Form. Eg vilde endeleg, at Tinget skulde faa Tilføre til aa reinska seg fraa den Mistanken, at det i si Bevilling til Samlaget hadde bøygd seg under den same autoriserande Sagkyndighed, som det i det politiske Liv drogst med, so Bustu fauk. Gjer det so for Aalvori, so blaaser det kvar Dag Liv i sine slegne Motstandarar. Eg vilde, at det med ei Bevilling det meg skulde verta klaart, at her vart ikkje set nokot nytt Verjemaal, men at det galdt fri Tevling. Gav Tinget Pengar til fleire Tiltak i same Sak, so kunde det ikkje lenger vera i Tvilom. Men Tinget sagde nei. Eg skal orsaka Tinget. Men so, som Tinget hadde stellt altihop so fann eit alt annat enn frilyndt Rigsstyre, at det hadde ingi Faare med Landsmaalsumsetjingi og sette sjølv den Saki paa Budgettet. Og no ser eg, at Samlagsstyret i si Søking held fram at naar en fuldstændig Oversættelse foreligger, antager det, at der ikke længere vil være Spørgsmaal om noget Statsbidrag idet Bibelselskaberne da maa antages at ville besørge prisbillige Udgaver af Bibelen ogsaa paa norsk Folkesprog. Men Bibelselskaberne gjeva ikkje ut annat enn autoriserede Umsetjingar. Det er alltso sannt! Prøvearbeidet skal ikkje vera Prøva lenger. Ho er fraaseggjort. Me ser Byrjingi av ei ny autoriserad Umsetjing! Herre Gud, skal me hava det same gamle Stell uppatter! Eg bed alle vedkomane taka seg i Vare for aa tilsetja eit nytt Verjemaal istaden for det gamle. Det vert berre uppi det verre.

No trur eg det er sumt Folk, som skyner, kvifor eg stilad Søkingi mi, som eg gjorde.


t.d. Nordheimsund, Hardanger 30/ 6 1884.

A. M. St. Arctander .

Cand. theol.