Bokmelding.


I. A. Friis: Klostret i Petschenga. 176 Sidor. Pris 2 Kr. (Cammermeyers Forlag.) Klostret i Petschenga handlar um eit gamalt Munkesæte, som umkring 1530 vart grunnat langt Nord i russisk Lapland, like ved Skilet millom norsk Finmarken og Rusland, av ein Røvar, som heite Trifon. Det laag nørdst av alle Kloster i Verdi i ein fager Dal, der det var mykje med Fisk i Elvi, som strøymde nedyver og vent og onalegt runnt ikring: høge Fjell med Snog og Isjøklar, ein Himel so klaar som Dagen og Lauvtre i Krullar burtetter Dalen.

Detta Klostret stod berre i umlag 50 Aar. Men i den stutte Tidi kom det seg svert upp, so det paa det siste hadde ikkje mindre hell 50 Munkar og yver 200 Tenarar. Der var digre Bygnader, Kjyrkje og slikt, og Munkarne dreiv mykje med Verksemd i Fabrikkar, dei byggde Baatar og Skip, laag paa Fisking og fanga Kval. So braut dei upp Aakrar og Grasvollar; heldt Kjyr, og fekk seg upp ei Kornmylle _ og so siglad dei like til Holland med Varurne sine og kaupte att det, dei trong.

Pilgrimar og andre Framandfolk kom dit alt som tidast, og allvisst ved Sumarleite var der stor Rørsle.

Men det varad ikkje lengje, fyrr det heile kvarv burt att. Ville Røvarar fraa svensk Finland kom dit um Jolkvelden 1589 og hogg ned umlag kvar Mann og sette Eld paa Rubb og Stubb. So no ligg att berre den eine Myllesteinen som det einaste Merket etter det namngjetne Klostret i Petschenga.

Boki er skrivi efter historiske Kilder og Folkesagn. Grunndragi skal nokk vera sanne.

Men ved Sida av det sanne er det au mykje Dikt og Segn, som Stilaren sjølv hev høyrt av Finnarne deruppe um Klostret og sume av Munkarne. Og mange av dei Segni er overlag vene.

Meistaren er godt kjend av dei mange Bøker, han hev skrivi um Finnmorki og Lapland. Han skriv friskt og maalande.

Gjurd.