[Tidender.] Det er inkje nok.

 
Ein skal fylgja med, det er Snakket no, kor ein vender seg. Bonden vert uppmana til aa fylgja med i Politiken, so skal ein fylgja med i Bokheimen, i Kunsti og Vitenskapen. Og um ein au tykkjest aa vera komen langt, so heiter det det sama, at ein vinn inkje stort annat, den som skal fylgja med i det, som vert gjort og skrivet baate heime og i Utlandet. Den smaae skal fylgja med i det den store gjer, og dne store skal fylgja med i det den gjer, som er endaa større. Det vert eit Jag paa alle Folk for aa fylgja med og aldri kjem ein so langt, at ein slepp aa høyra detta. Det vert berre nokre faae nedanlands, som slepp detta og som fær arbeida sjølve. Det er væl nok, det at ein skal fylgja med, men alt maa vera med Maate; det maa inkje vera so, at ein brukar all si Tid og si Kraft til det, daa vert det aldri Kar av ein, og inkje vinn han hell aa faa gjort noko større i Livet. Ein kjem paa ein Sleng, det vert inkje att anna enn Forvitna og Minne i honom. Nei ein skal inkje fylgja med stort meir enn han treng for sitt Arbeid, det tykkjest eg kann vera Maaten. Den som hev noko aa arbeida med, han hev og noko aa anka, han hev ein god Kropp, som kann melta det, men dei andre er berre som Matsekkjer, dei kann fylla i seg berre meir og meir, so tilslut vert det att berre Vombi aa kalla for.

Det trur eg, at fyrst fær ein livnæra seg av det Slaget, som heime finnst, det hev ein best av, so kann ein gjerne setja Smak attaat med kvat han vil.

Um det au kann vera ymse Vesaldom ein maa sviva med, so er det aldri Gagn i aa fylgja med so væl, at ein kjem til reint aa hoppa ifraa det, for daa kjem han til aa hoppa ifraa Storhopen, som vert attestandende for seg sjølv.