Tidender. [Fraa Tinget.]


Kristiania, den 11te Juli.


Fraa Tinget. Fyrre Fredagen hadde dei for seg Framlegget hans Hjort til Umbrigde i Vernepliktsloven. Alle vart samde um, at det inkje skulde gjerast nokot ved det paa dette Tinget.

Likeeins gjekk det med eit Par Framlegg av Sørensen, eit um Umbrigde i Arveloven og eit um Umbrigde i Straffeloven. Loven um Sereige for gjifte Folk og eit Par mindre vigtuge Framlegg til Lovbrigde vart og utsette til komande Ting. Likeeins Saki hans Hol.

I Odelstinget vart det eit kvast Ordskjifte um dei Vaapengreidurne, som Munthe for med i Vet. Høgre freistad paa aa faa denne Saki til aa sjaa nok so fin ut. Munthe hadde inkje gjort annat, enn det, som var hans Plikt i slike Tider, som det den Gongen var, meinte dei. Men dei kom inkje langt med slik Tale. Nemndi hadde inkje lagt Fingrarne imillom i Innstellingi, og inkje gjorde Vinstre i Tinget det helder. Dei heldt greidt fram, at det norske Folk er eit lovlydugt Folk, og naar Munthe tok til aa stella med Vaapni, som han gjorde, so laag det nær aa tru, at Grunnen inkje var nokon annan enn den aa berga Skjinnet sit, um det vart gjort Statskup paa den Maaten, at Riksrettsdomen inkje vart vyrdt.

Det var inkje greidt for Høgre aa forsvara det, som Munthe gjorde, det kunna ein skyna av det, at Stang trudde aa gjera Skyldnaden sin, naar upplyste Folk um, at dei inkje hadde havt Raadleggjing um Statskup ved Kongens Raadsbord.

Nemndi hadde gjort Framlegg um, at det inkje skulde gjerast meir ved desse Greidurne, sidan me hev fenget eit frilyndt Styre, og so vart det og.

Um Laurdagen hadde Odelstinget for seg Protokoldiktamentet og det, at Selmer hadde setet i Statsraadet etter at han hadde fenget Domen sin. Mange Vinstretalarar mislikad Framferdi hans; men dei vilde inkje gjera nokot ved det no, daa alt hev vendt seg til det gode.