Maalsaki vaar.


(Fyredrag i Enebak av J. Vellesen.)
 
(Del 1 av 2.) 


Godt Folk!

Tidt hev det voret sagt, at den norske Bonden er svært radikal elder rotrivande, at han vil rykkja upp det Gamle med Roti og faa Nytt att istaden. I ymse Blad hev dette voret trolltogget so lenge, at eg tenkjer snart, dei trur det sjølve, endaa Sanningi er den, at den norske Bonde det eine Hundradtalet etter det andre hev haldet fortare paa det Gamle enn nokon annan, og at han enno gjerer det. Hadde inkje det voret Tilfellet, kunde inkje eg no bera fram det eg vil tala um. Det gjeld ei Sak, som de kanskje alle kjenner av Namn _ Maalsaki. Der er ymse Meiningar um denne Sak. Dei, som litet kjenner til henne, trur, ho hev litet paa seg; men hæve Menn, som hev grunda og lagt seg mykje etter denne Sak, meinar derimot, at ho er den største av alle dei Saker, som no er uppe her i Landet, og at ho hev mykje meir paa seg enn baade Statsraadssaki og det absolutte Veto, ja, at ho heng so ihop med Hjarterøterne aat det norske Folket, at ho er ei Livssak fyre det, og at Framtidi aat det norske Folket fyr ein stor Del kjem an paa, korleids det gjeng med denne Saki. Skal me med Rette kunna kallast Nordmenn, lyt me vera norske, og skal me som Folk kunna løysa Uppgaava vaar i Livet, so maa me inkje tyna det, som skiler oss fraa alle andre Folk; for nettupp dette Sermerkte elder Nationale er det, som gjerer oss til eit Folk og nettupp dette er det au, som hjelper oss til aa gjera vaar Gjerning som Folk.

Kvat er det daa, som skiler oss fraa alle andre Folk, elder kvat vil det segja aa vera norsk? Aa gaa med Vadmaalskufta og eta Sild, meinte ein Bymann, og sjølv han Ole Vig, som var ein framifraa norsk Mann fyr si Tid, kunde inkje syngja um egte norsk utan serleg aa nemna Sild og Torsk. Aa ja, Klæder av norskt Vadmaal er mykje i Bruk hjaa oss, Sild og Torsk au; men Norskdomen ligg inkje i det, liksolitet som han ligg i Hyttur og Kjellur, som Storskalden vaar, han Henrik Wergeland, so tidt rødde um, naar Tankjen skulde leidast hen paa det egte Norske. Ved den skotske Kyst fiskar dei au Sild og ved Newfoundland i Amerika mykjet meir Torsk enn ved Lofoten; men dei vert inkje norske fyr det. Um Russen eter upp aldri so mykje Sild, so er og vert han likavel ein Russe, liksovisst som Spaniaren er spansk, kor mykje norsk Fisk han eter upp i Fastetidi, og um ein klædde ein Tyskar i graatt, norskt Vadmaal fraa Topp til Taa, so vart han korkje meir elder mindre enn ein Tyskar, um han so budde i ei Hytta attmed eit Berg og hadde aldri so mange klaare Kjellur umkring seg; for Norskdomen ligg inkje i Mat, Drykk og Klædebunad. Ei onnor Sak er det, at den, som i Sanning er norsk, vil i desse yttre Ting retta seg etter det, som høver best fyre honom og Fedralandet hans. Ein so fullt ut norsk Mann som Olav Tryggvason totte, det var høvelegt fyre hans Stand aa gaa med Silkjekufta; men hadde han voret Bonde, so hadde han visst brukt annan Bunad. _ Helder inkje paa Likamen elder Kroppen er det so endefram aa skjilja Nordmenn fraa andre Folk av den germaniske Ættargrein som til Dømes Svenskar, Danskar og Tyskarar. Gjeng du soleids paa Bygata, er det jamnaste umogelegt fyre deg aa peika ut dei svenske, danske og tyske Herrar og Damur, som saman med norske stryk att og fram. Men hermed er helder inkje sagt, at der ingen Skil er paa norske Folk og Utlendingar i det Lekamlege. Berre so mykje er sagt, at Norskdomen helder inkje ligg i Kroppsformi. Ein maa djupare fyr aa finna det sermerkt Norske, for det ligg i sjølve Aandi elder Sjeli, og den Del av Aandi, som skil det eine Folk fraa det andre, kallast Folkeaandi. Her er me daa komne til det rette Ættarmerkje; men daa ei Aand er usynleg, so kunde me inkje koma lenger i Utgreidingi vaar, ifall Folkeaandi inkje hadde sit visse fastsette Uttrykk. Men det hev nettupp Folkeaandi i Folkemaalet og i nøgje Samband med Folkeaandi og Folkemaalet stend naturlegvis Folkelivet. Av Folkemaalet skal ein kunna skyna, kvat Folk Mannen høyrer til, det er eit Merkje, som inkje slær feil, og difyr brukar dei Lærde alltid Folkemaalet til Merkje, naar dei skal finna ut, kvat Folk som bur i dei ymse Lond. Detta er so aalmennt vedtekjet, at ein mest kann lesa det i kvar einaste Geografi elder Jordkunna, sjølv den allra minste. Etter detta er der so mange Folk paa Jordi, som der er Tungemaal, korkje fleire elder færre.

Er det no so, at der i desse 3 nordiske Londi er 3 Slags Folk, Nordmenn, Svenskar og Danskar, so lyt desse liksom alle andre Folk paa Jordi kunna kjennast paa deira Maal; men skulde berre 2 Maal, nemleg det danske og det svenske, hava Rett til aa liva her i Nord og det 3die vera dømt til Undergang, so hadde O. Guldberg, som styrde Danmark og Noreg fraa 1772 til 1784 inkje Urett, naar han sagde: Ingen Nordmann er til; alle er me Borgarar av Danmark. Og legg du Merkje til det Maalet, som brukast i den store Mengde av vaare Bøker og Blad, so skulde du mest au tru, at ingen Nordmann var til lenger; men tek du deg ei Færd gjenom desse 3 Londi og høyrer etter, korleids Maalet lyder paa Folkamunnen, tvistar du inkje eit einaste Augneblik paa, at enn er der Nordmenn i Noreg. Nordmennerne er i det Heile enno norske i Aand og Munn; dei er berre danske i Pennen. Fyr aa koma etter, korleids det kann hava seg, at dei segjer Eit og skriv nokot Annat, lyt me venda oss litetvetta til Noregs Soga.

Fraa gamal Tid hev der butt 3 Folk her i Nord, Nordmenn, Sviar og Danar, og solenge Kongar av Ætti hans Harald Haarfagre raadde fyre Noreg, vart Nordmennerne inkje haldne fyre di veikaste korkje i Hand elder Aand, og fyr ikring 600 Aar sidan, daa Noreg var mest vyrdt i Evropa, treivst eit Bokrikje(Literatur) so blømande, at Makjen inkje fannst i nokot annat Land paa den Tid. Daa der er Austlendingar, som trur, at Gamal-norsk inkje var nokot Riksmaal, men berre eit vestlandsk Maalføre, og daa der au er deim, som hev so ravgali Tru, at dei meinar, Norsk korkje no elder fyrr hev voret høvelegt fyr Austlandet, lyt me halda oss litetvetta ved det gamle norske Maalet. Det meste av det gamle Bokrikje inneheld Sogur. Soga kjem av aa segja og tyder Forteljing. Sogurne var til lengje, fyr dei vart uppskrivne. Dei vart sagde og lærde fraa Munn til Munn. Kongar og Stormenn hadde jamnaste ein Sogemann hjaa seg. Han var som ei livande Bok, og naar det var Veitslor, laut han upp med ei Soga til Gleda og Gaman. Daa Sogurne helst handlar um Kongar og Stormenn og allra best vart fortalde i sjølve Kongsgarden, tarv me inkje tvista paa, at dei vart sagde i det same Maal, som Kongarne brukad, og sidan vart dei uppskrivne paa same Maaten, som dei hadde vortet sagde. Men no lyt ein merkja, at Kongarne inkje var ættade fraa Vestlandet, men fraa Austlandet. Harald Haarfagre var ein Austlending. Um han var av Ynglingaætti i Sverik, er etter dei nyare Vitenskapsmenn uvist. Trulegare er det, at han høyrde til ei gamal austlandsk Smaakongeætt, som litt etter litt hadde gjenget fram i Magt, og daa han hadde lagt under seg alle norske Smaakongar, held dei fyre, at politisk Klokskap dreiv honom til aa gjera si Ætt so stor som mogelegt, ja tilmed faa det slik til, at han skulde vera ættad fraa sjølve Guden Odin. Men korleids ein enn tek det med Ætti hans, so er likavæl so mykje visst, at han var ein Austlending, som fyr nemnt, for sjølv etter Sogurne hadde fleire av Federne hans butt paa Austlandet, og naar no baade Harald haarfagre og Kongarne av Ætti hans paa Sverd- sida talad Oldnorsk sovelsom dei gjæve Mennerne deira det eine Hundradtalet etter det andre, so kann det inkje berre hava voret eit vestlandsk Bygdemaal, um so Islendingarne og dei fornemste Skaldarne var ættad fraa Vestlandet, men eit Maal fyre heile Landet, og difyr hev Austlendignarne liksovæl som Vestlendingarne Del i denne hæve Fedraarven. Elder vil de inkje vita nokot av denne Arven, so er de mindre norsklyndte enn Danerne, som fyr aa faa Del i honom hev funnet paa aa kalla det gamle norske Maalet Oldnordisk, so litet Rim der er i dette, for ingen dansk Mann hev skrivet i dette Maalet.

I 1319 døydde den siste norske Kongen, som i Tale og Skrift nyttad norskt Maal. Han hadde ingen Son, men ei Dotter. Ho vart gift med ein svensk Hertug, Eirik, og Son deira vart Konge baade yver Sverik og Noreg. Daa han var fødd og uppvaksen i Sverik, brukad han stødt svenskt Maal, endaa han paa Slutten av si lange Regjering berre hadde Noreg aa styra. Likeins gjorde Son hans. I den Tid kom Svensk i Mote blandt Stormennerne her i Landet. Den siste av desse Kongarne var gift med Dronning Margreta, som fekk istand Kalmarsamlaget, og fraa den Tid og lika til 1814 vart Noreg styrd av Kongar av tysk Ætt. Dei 3 fyrste, Eirik av Pomern, Kristofer av Bayern og Kristjern av Oldenborg, var fødde i Tyskland, og alle dei andre var ættad fraa den siste. Dei talad paa Kongsgarden helst Tysk, sume au Fransk elder Dansk, men ingen Norsk, og budde alle i Danmark. I Fyrstningi av denne Tidi gjekk Noreg svært attende. Vikingsferderne, som i gamle Dagar gjorde mange rike, var det no slutt med, og Federne vaare hadde inkje istaden lært aa handla med Grannariki. Sjøfart og Handel reiv Tyskararne til seg, og daa der i denne tyske Dansketid vart innsett ein Mengde Danskar og Tyskarar til Embættsmenn i Noreg, var der helder inkje Raad fyr Normenner aa slaa seg vidare upp som Høvdingar. Dei norske Adels- og Høvdingeætter døydde ut elder gjekk ned til Bondeætter. Dermed vart no Bonden inkje verre; han var vist likso god som i Noregs Velmagtsdagar og væl so det; men han hadde inkje norske Høvdingar yver seg. Difyre vart Norsk skubbad tilsides, og Dansk sett i Høgsætet.

Paa Reformationstidi vart der i mange Land Liv i Folk. Daa skulde dei faa den reine Læra paa sit eiget Maal. Danskarne vart snart kjende med den lutherske Læra, tok med Gleda imot den nye Tru, og det danske Maal vart Kyrkje- og Bokmaal. Paa same Tid reiv Svenskarne seg lause fraa Danmark, tok den lutherske Læra og eit svenskt Bygdamaal til Bokmaal. Men Federne vaare sov daa paa det tyngste. Dei kjende knapt Luther av Namn, daa det dansk-norske Styre med Magt nøydde deim til aa skifta Læra. Det høyrde med til den nye Tru, at Folk skulde faa Guds Ord paa Morsmaalet; men dei danske Prestarne, som skulde innføra Reformationen her i Landet, kunde inkje Norsk, og Nordmennerne, som i Hjarta var katholske, vilde inkje vita av Norsk til Kyrkjemaal. Dei vilde, den heilage Latinen skulde lyda i Kyrkjurne no som fyrr. Dei var imot den nye Tru, men inkje imot aa dyrka sin Gud paa eit framant Maal. Daa dei i Grunnen var katholske umkring 100 Aar etter Reformationen skulde reiknast fyre aa vera innførd, let dei seg nøgja med aa byta det framande Kyrkjemaal, Latinen, med eit annat framant Maal, Dansk. Men daa det siste Maalet liknad det norske, lærde dei litt etter kvert aa skyna nokot av det, og daa den nye Læra seint og sidan naadde Hjarta aat Folk og vart til Tru, var der Ingen, som var god fyr aa taka det norske Maal upp til Kyrkjebruk. Tidi var daa helder ikkje so høveleg til eit sovoret Tiltak som Reformationstidi. Der skal store Menn og ei stor Tid til slikt. Tvertimot kom Dansk nettupp daa meir og meir i Bruk. Kristian den 4de let dei gamle norske Lovarne umsetja paa Dansk og baud alle Nordmenn aa studera ved Høgskulen i Kjøbenhavn; dei gamle Bøker, som var skrivne paa Norsk _ inkje prentad _, kom meir og meir i Hendarne paa danske Menn, som inkje skynad dem, og etter Uppmoding av Danskar umsette Presten Peder Klausøn Snorre Sturlasons Heimskringla paa Dansk. Denne Boki vart prentad 1633, og daa der inkje fannst trykte Sogur paa Norsk, laut dei Bønder, som vilde faa Kjennskap til Federne sine, læra seg til aa lesa um deim paa Dansk. Bibelen hadde dei fyrr paa Dansk, som fraa den Tid vart det einaste Bokmaal i Noreg.

Men Bøker var i dei Dagar lite i Bruk, og Avisur fannst det inkje. Det innførde Bokmaalet brigdad inkje stort Talen aat Bonden. Han var lika norsk; han song sine Kvad og Visor paa Norsk og fortalde Eventyr og Sogur fyr Borni sine paa det gamle Maalet. Nordmennerne vart difyre under heile Dansketidi reknade fyr eit eiget Folk, kor mykje det danske Styre gjorde fyr aa smelta Nordmenn og Danskar ihop, og ein lærd dansk Mann Dr. E. Pontoppidan, som de aller kjenner av Namn, gav ut ei Samling av norske Ord.

Mot Slutten av Dansketidi gjekk Nordmennerne fram i mange Maatar, og daa byrjad Norskdomen so smaatt aa gjera seg gjeldande. Ætlingar av innflutte utalandske Embættsmenn og Bymenn var inkje daa reine Danskar; dei talad daa som no eit Blandingsmaal, som lyt kallast daarleg Dansk med norsk Uttale. Tankar um Fridom vaknad, og i denne Fridomstid song Diktararne um den gjæve norske Odelsbonde. 2 skreiv Vers paa gudbrandsdalsk Maalføre. Thomas Stockfleth(+ som Skrivar paa Eiker 1808) gav nemleg ut Diktet Heimatkomsten, og ein Presteson fraa Vaage, E. Storm(+ i Kjøbenhavn 1794) diktad dei kjende Songarne. Markje grønas, Snjogen braana osv. og Os ha gjort, kva gjeras skulle, ysta Ost og kjinna Smør osv.