[Tidender.]

 
 
Tinget vart uppløyst no um Maandagen.
Det var Sverdrup som gjorde det. Det er vanleg slik, at ei heil Horg med Embetsmenn og Departementsfolk er med ved slike Tilhøve; men det var faa av dei, som var med denne Gongen. Prestarne hev no fyrr møtt fram i Flokk og Fylgje; men denne Gongen var det berre ein einaste ein. Naar Selmer og Schweigaard er Ministrar, daa ærar dei Kararne Styringi; men naar Sverdrup er Ministar, daa held dei seg burte. Tru dei den Dagen mintest, korleides dei preikte for oss for ei Tid sidan.

Daa Sverdrup kjøyrde fraa Tinget var det mange som ropad hurra og svingad med Hattarne.


Kongen vart motteken med Fanar og Fagnadrop daa han kom attende til Stockholm. Ikring 20,000 Menneskje møtte fram for aa beda honom velkomen. Kongen var svært blid og takkad. Det ser inkje ut for, at Svenskarne er vonde paa honom for, at han forlikte seg med Nordmennerne. Høgrebladi her nemner helder inkje det minste um, at me skal faa Krig med Sverike no.


I Tingets Forsamlingssal hev dei no sett upp ei Byste av Johan Sverdrup. Ho er hoggi i Marmor av Bilæthoggar Cartberg og liknar svert godt. Tingmann Qvam og President Steen heldt kvar ein gjev Tale den Dagen Bysta vart uppsett.


Statsmininstar Joh. Sverdrup hev framleides fenget mange Telegram med Lukkynskjing til det nye Styret og til Kongen.


Ein svensk Tingmann, Lis Olof Larson og Fruga hans hev voret her paa Vitjing. Nokre Vinstremenn her heldt Æresmiddag for dei. Der vart haldne fleire Talar. Larson talad for Norge og rosad Nordmennerne.


I Aar er det25 Aar sidan President Steen vart Tingmann fyrste Gongen. Han hev heile TIdi voret ein frilynd og dugande Mann, og for den Skuld vart han heidrat no ein av Dagarne av Vinstre i Tinget. Dei hadde lagt saman til nokre Sylvsaker, som dei gav honom. S. Nilsen heldt ved dette Tilhøvet ein god Tale. Han sagde bland annat, at det inkje skulde lukkast Høgre aa rakka til Steen, kor gjerne dei vilde.


Tingmennerne Steen og Oftedal vart mottekne med Hurra og Fagnadrop av minnst 10,000 Menneskje, daa dei kom attende til Stavanger. Steen heldt ein Tale til Folket.


Dr. Sigurd Ibsen, Son aat Skalden, er her i Byen no. Han hev vitjat Statsministar Sverdrup.


I England er, som me fyrr hev nemnt tvo Ting, Yverhuset og Underhuset. I Yverhuset hev dei Rett til aa sitja, som kallast Lordar*); men i Underhuset sit dei, som er valde av Folket. Dei enkle Medlimer av Styringi hev møtt fram i desse Tingi etter som dei hev voret valde elder Lordar; men no er det Tale um aa endra det. Marriott er tenkt paa aa koma med Framlegg um, at 7 Medlimer av Styringi skal hava Rett til aa vera med i baade Tingi, anten dei so er Lordar hell valde.


Yverhuset i England hev sagt nei til Vidkingi av Røysteretten. Høgre krev Garantier der som her, fyrr dei vil ganga med paa nokot. Styringi hev haldet eit langt Samraad um, kvat som no bør gjerast.


I Underhuset i England var for ei Tid sidan framme Forslag um aa gjeva Kvinna Røysterett. Det gjekk inkje. Mange av Kvinnfolki likad inkje den Avgjerdi, og difor hev dei no nektat aa bitala Skatt. Ei, som heitte Henriette Müller, let Politiet panta for Skatten, endaa dette vart langt dyrare. Inkje fyrr var ho pantat, fyrr ho lyste til eit stort Kvinnemøte. I det vart det vedteket eit Uttal um, at alle Kvinner i England burde gjera som Miss Müller hadde gjort like til Kvinna og fekk Røysterett.


Kolerasjukener framleides i Marseille og Tulon. Sotti skal hellest vera mild for asiatisk Kolera aa vera, og Mesteparten av dei sjuke vert friske att. Men Folket i Tulon er likvel mest galne av Rædsla. Dei flygtar mest alle som kann ut paa Landet, og det verste er, at dei dreg Sjukdomen med seg.


I Parishev dei arbeidt ei stor Stytta, som skal bilda Fridomen. Dei vil gjeva henne burt til dei sambundne Statarne i Nordamerika. Ho er so stor, at ho kann røma 40 Mann berre i Hovudet sit.

Det er Meiningi, at ho skal staa paa Hamni i New-York.


¹) Menn av høg Byrd.