[Tidender.] Fædrelandet No. 78
ser svært surt paa
oss for, at me var so glade yver Ministeriet Sverdrup. Bladet
trykkjer fyrst av ein Bolk av det me sagde i fyrste Stykket av Numer
26. Etterpaa trykkjer so Bladet av det Bruun hev sagt um Riksretten
og so inkje mindre enn sju Bibelspraak, som det no trur skal tyna
Gleda vaar. Det som Bruun hev sagt, det tykkjer vist Fædrl. er
det vigtugaste, daa det stend med store feite Bokstavar; Bibelspraaki
derimot stend med vanlegt Redaksjonstrykk. Me kann ellest fortelja
Fædrel.,
at me kjende baade til det, som Bruun hev skrivet um Riksretten og
desse Bibelspraaki, daa me skreiv um det nye Ministeriet, so Bladet
for den Skuld kunna spart Papir aa Svorte for aa minna oss um det.
Meiningen av dei Delarne kunna hindra oss fraa aa vera glade. Me
trur, at Bruun er ein av Noregs beste Menn; men at han kann taka
imist han som alle andre, og me hev aldri kunnat semja med honom i
det han skreiv um Riksretten. Ellest trudde me, at den politiske
Teologen
Fædrelandetskulde
vera nokot so nær den siste, som skulde kunna lera oss den rette
Tydingi av Bibelen. Hans teologiske Skriving hev i det siste synt seg
altfor litet lagleg til aa fange Visdom av
_
for vitugt Folk daa. Aa nemna upp desse Bibelspraaki, som
Fædrelandet
trur skal vera so tynande for
Fedrah.og Vinstre, det skal me inkje innlata
oss paa. Helder inkje skal me innlata oss paa aa visa, kor vrangsynt
Fædrelandeter,
naar det vil bruka Bibelen til aa slaa Vinstre med. Me hev altid
haldet oss fraa aa draga Guds Ord inn i Vetostriden og andre reint
verdslege Spursmaal, og me hev tenkt aa gjera likeeins i Framtidi og.
Derimot skal me svara Bladet, naar det spyr, kvifor me vart so glade
og kvifor me takkad Gud, daa Sverdrup vart Ministar. Me vart glade
for, at Selmer og Vanstyret hans fekk sin
retferduge
Dom og, at denne
retferduge
Domen verkad slik, at me no hev fenget Menn i Kongens Raad, som vil
hevda Landsens Lov og arbeida for Landsens Framgang. Me er og, som me
fyrr hev sagt, glade i den Voni, at kvar Mann heretter skal faa nytta
sine Evner til Noregs Framgang og Noregs Ære. Naar Bladet til
Slutten med ei heilag Mine spyr:
Hvad, om en Røver
vilde takke Gud naar hans lumskelig anlagte Plan endelig var lykkets
,
so skal me svara
Fædrelandet, at det skulde agta seg for aa koma med slikt.
Folk minnest endaa Byrselaasi og Kartetsjarne. At
Fædrel.
liknar Vinstre saman med Røvarar, det lyt ein tilgjeva, det som so
mangt annat av det, som Bladet hev komet med i det siste, daa myket
av det Vaaset tyder paa, at det inkje toler Varmen.
Me hev inkje øydt myket
Svorte paa Fædrelandet i det siste, og me kjem snaudt nokk til
aa gjera det so snart. Det lyt iminsto vera nokot Vit i det, som ein
bryr seg med aa svara paa.
Me hev paa ein annan
Stad i dette No. av
Fedrah.
synt Folk, at
Fædrl.
endaa inkje hev lert aa skjilja millom Høgre og Vinstre.
Publisert