"Fædrelandet"


hev det voret løglegt aa lesa no i den siste Maanaden.

Daa det fyrst var Tale um at Broch skulde dana ei ny Regjering so likad dei no inkje det, som rimelegt kunde vera. Men dei maatte daa tola det likevæl, for Broch det var daa ei god konservativ Mann det, trøstad Bladet seg med. Det var ordat ut um alt daa, at kanskje Vinstre-tingmenn vart med ogso. Men aa taka 9de Junimenn, det kunde det naturlegvis inkje vera Tale um, forsikrad Bladet, det vilde daa Høgre aldri ganga inn paa. Men Bladet lovde nok sine Lesarar meir enn det kunde halda. Sidan vart det til det, at det var inkje so faarlegt lel med 9de Juni, men det var Ting som var verre, Riksrett og Aktionskomite og slikt; berre ein kunde faa halda ute dei Menn, som hadde voret med der, so maatte ein nok taka det som vart bodet.

Daa Meldingi kom um at Johan Sverdrup skulde taka paa seg aa greida Saki, daa kunde Fædrel. ingen Ting segja, rimelegvis for Graat Skuld. Det tagde seg, det fekk inkje annat gjort enn aa taka imot.

Endeleg daa alt var vist, bar det laust; dei strammad seg upp og skulde jamvæl vera so kaute paa det, at dei sette upp eit Program for Høgre i Framtidi.

Høyr her: Ministeriet Sverdrup, segjer dei, betyder i Virkeligheden:

Enevældets Indførelse i vort Statsliv .

Stakkars Blad, det hev vortet so fortulla, at det minnest inkje lenger, at det daa er Høgrepartiet og Bladet sjølv, som hev strævat for Eneveldets Indførelse i vort Statsliv, men no var det Meiningi, at det skulde verta ei Endskap paa alle slike Lyster.

Uppgaava for Høgre er daa den:

Kamp for vor Folkefrihed, Kamp mod Parti-Enevældet og for Magtens virkelige Fordeling mellem de to Statsmagter, Kamp for Opretholdelsen af det norske Kongedømme af 1814.

Altsaman nettupp dei Ting, som Vinstre hev strævat for, og no hev fengjet Magt til aa føra fram.

Men naar dette er so, kvifor vil daa Fædrel. vera slik Einstøding, at dei endeleg vil hava Kamp imot oss, naar dei vil det same; var det alvorleg Meining i dei, so valde dei daa mykje fyrr aa kappast medoss.

Daa kunde dei prøva, for med Vinstre maa den ganga no, som hev ei Meining um aa faa nokot fram, for der einast er det Framstig og Liv.

Men dei store Ordi i Fædrel. vart nok nedstemte endaa meir. I Bladet for 3dje Juli er det berre Motløyse, Sut og Otte:

Alt er tabt uden Æren og Livet, som er i Behold.

Ja daa hadde det inkje voret nokon Sak, men dei er nok inkje so rike, skal eg tru.