Tidender.

 
Kristiania, den 4de Juli.

Framlegget hans Livius Smitt B som var innstelt til Samtykkjing, vart vedteket um Maandagen. Det var daa siste Gongen denne Saki var framme i Stortinget, og alle viste korleids det kom til aa ganga. Difor vart no denne Saki, som fyrr hev teket endelause Tider, fraaseggjort paa eit einaste Møte. Av Vinstre var det berre ein, H. Bentsen, som gjorde nokre Motlegg imot Høgre. Og det var rett, at Vinstre der heldt paa Vyrdnaden sin og inkje vyrde aa ordskiftast med Høgrekararne. Det var grøtelegt aa høyra paa dei, endaa for dei gamle Tankar og sveiv som Draugar i Skolten paa dei, alt dette um Garantier, Upløysningsrett, Yverhus og alt slikt som no er ute av Soga.

Han er inkje til aa ovunda Stang no, som endaa skal vera nøydd til aa føra slikt fram. Men so høyrdest han ogso motlaus og sturen ut. Hellest maatte han ogso no liksom byggja paa Riksrettsdomen um suspensivt Veto, han torde inkje slaa inn paa at det var absolutt eigong. Aa nei det er nok alt gravlagt det no.

Alle dei gamle Framleggi vart forkasta, Framlegget aat Løvenskjold, Segelke det kongelege o.s.v.

Desse Framleggi hadde berre millom 1 og 26 Mann med seg.

For det som vart vedteket røystad 84 (Vistre og Roll, Smitt, Flor, Didrichsen, Hansen, Motzfeldt). Imot var 25. Thomesen og Amtmann Rynning var inkje til Stades.


Kongenhev godkjennt Lennsmannsloven, Statsraadsaki og Stortingsavgjerdsla um Jarnvegsstyret. Det merkjest no, at det hev komet nye Raader.

 
Lønerne aat tvo Høgsterettsdomarar vart umhandla i Stortinget igaar. Statsraadet var til Stades. _ Nemndi hadde delat seg, 2 Mann vilde hava tvo nye Løner, 3 Mann vilde hava ei ny Løn, og 3 Mann vilde inkje hava nokor.

Jaabæk bad um aa faa Saki sett ut til eit annat Aar, og vilde hava Regjeringi til aa granska, um dei inkje let seg gjera aa faa Høgsteretten sjølv burt fraa all Medverknad ved Utnemningi av Domarar. _ Statsministar Sverdrupkravde 40,000 til faste ekstraordinære Assessorar, Statsraadarne Sørensen og Arctander var og med i Ordskiftet. Sverdrup fekk sitt igjenom, ingen røystad imot. _ Ministeriet hev nok Sigeren med seg, kor det kjem, ser det ut til.


Løni aat Krunprinsen vart aukat til Kr. 80,000.00 endeleg iaar. Berre 24 røystad imot. Det kom til aa ganga gjenom. Hadde det voret hellest, burde det inkje gjevast honom, men som Tidi no hev vendt seg, og daa det fyrr er gjort til ei politisk Sak, var det vist det klokaste og mest i Samhøve med den fyrre Stillingi av dette Spursmaalet, at han fekk det likevæl .


Kongen reiser idag. Stortinget vert ferdugt fyrst i Vika kjem.


Folkevæpningssamlagi vart det eit skarpt Ordskifte um i Tinget igaar Kveld. Skuldingar for Revolutionstendenser til ei Sida og Statskuptankar til den andre flaug gjenom Salen. Emil Stang og Jacobsen førde mest Ordet. StatsraadDaae talad ogso. _ Det var gjevet 20,000 Kr. aat Folkevæpningi og 10,000 Kr. aat Sentralforeiningi. Som Skadebot for miste Pengar under Selmerstyret vart det gjevet 22,500 Kr.; Folkevæpningi skal hava tvo Tredjedelar av dette.


Til Præsidentar i Tinget i Staden for dei som vart Statsraadar vart det valt: til Stortingspræsident S. Nielsen, og til Odelstingspræsident i Staden Hans Nielsen Konov, til Lagtingspræsident Lange.


Tilleggi i Valloven um Røysting i Løynd er godkjende av Kongen.


Det er ille med Høgrebladi no, alle Voner er slokne.


Diktaren A. Munch er daaen og vart gravlagd her i Kristiania idag. Han hev haldet seg i Danmark i dei siste Aari.


Konstitusjonsnemndi hev no gjevet fleire Innstellingar til Odelstinget. Ei Innstelling er um Generalmajor Munthe og Byrseboltarne hans, ei er um det, at Selmer var med i Statsraadet etterat han var dømd, og ei er um dei Pengarne, som Statskassa miste ved Sluskestellet aat Stempelpapirforvaltar Schøyen. Nemndi mislikar dei fyrre Statsraaderne si Framferd i desse Sakerne; men ho vil inkje, at Tinget skal gjera nokot ved det no, daa me hev fenget frilynd Styring og med den Von um, at Landsens Pengar og Landsens Lov skal faa sin rette Vyrdnad heretter.


Paa Etterstad hadde dei Kappkøyring og Kappriding no um Sundagen. Det var svært so gjilde Hestar ein fekk sjaa der. Dei var so feite og skjinande, at du mest kunna spegla deg i dei og so rappføtte var dei, at det var reint morosamt aa sjaa paa. Hadde ein av dei Bøndarne paa Vestlandet, som inkje hev set ein skjikkeleg Hest, men berre nokre smaae, utsvelte og skjinnmagre Dyr, som det nokk kunna vortet Hestar av, naar det vart stelt skjikkeleg med dei, fenget sjaa desse glupe Dyri der paa Etterstad, so vilde han truleg hava tenkt, at det var Elefantar hell Kamelar hell nokot so-voret. Han vilde hava vondt ved aa tru, at ein Hest kann verta so stor og gjild. Men dei skulde voret der og set paa, so hadde dei kanskje fenget Hug til aa faa seg skjikkelege hestar sjølve og. Kom dei so til aa røda med Eigararne, so vilde dei og fenget vist, at ein Hest inkje treng so myket for aa verta stor og ven, som dei fraa fyrst av vilde tru.

x.


Telegramkjem fraa alle Kantar baate Innland og Utland med Lukkynskjingar aat Sverdrup og Stortinget.


Dr. O. J. Broch er paa Reis i Telemorki.


Det nye Styret skal byta Arbeidet soleids: Johan Sverdrup, Statsministar, Marine- og Postdepartementet og Revisjonsdepartementet (til den 10de Mannen vert utnemnt), Arctander Indredepartementet, Blix Kjyrkjedepartementet, Daae Armedepartementet, Haugland Finansdepartementet, Sørensen Justitsdepartementet, Richter, Stang og Jakob Sverdrup skal vera med Kongen i Stockholm.


Øversteløytnant Hjort vart utegløymt fyrre No. som vald Statsrevisor.


Slegen ihel. Jonsokdagen Klokka 11 um Kvelden vart det Slagsmaal millom nokre Gutar fraa Underoffisersskulen og nokre andre paa Bustrud i Smaaleni. Det var ein Maalarsvein fraa Rakkestad, som fekk Slagsmaalet i Gang. Seinare kom ein Underoffisersskulegut, Hans O. Næss fraa Skeberg og skulde ganga inn i Kassernen. Daa han gjekk framum dei, som slogst tok Maalarsveinen upp en Stein og kastad like i Hovudet paa honom, so han svimeslegen datt ned. Hans Næss vart lagd paa Sjukehuset, og der døydde han. Maalarsveinen hev sagt, at det inkje var Meiningen aa raaka nokon med Steinen. Han sit no i Fengsel, og Folk trur, at han fær Straff for si uvyrdslege Frameferd.


I Kjøpenhamnsom hev voret reint Høgreby fyrr hev Vinstre vunnet i 5 Valkrinsar.


Krunprinsen av Holland er daaen no, og med honom er alle Prinsarne av Huset Oranien burte. Kongen hev ei ung Dotter, og ho er den som etter Loven skal erve Kruna no.


Utsendingar fraa Stormagterne sit no i London og samraader um, korleids dei skal laga det med Pengestellet i Ægypten.


Det ser ut for, at Frankrike endaa skal faa nokot aa gjera i Tonkin. 10,000 Villstyringar fraa Kina hev Hug til aa skjifta nokre Hogg endaa med Franskmennerne. Styringi i Kina skal inkje hava nokor Skuld i dette.


I Polen og Galisia hev det voret stor Flaum no. Ei Elv som heiter Weichsel hev gjenget yver Elvebakkarne og voret større, enn nokon Tid fyrr i dette Aarhundradet. Engjer og Vollar er øydelagde, Bruer og Jarnvegar er ille medfarne, Hus og Husbunad er vekkskylt og mange Menneskjeliv hev vortet sløkkte av Flaumen. Der, som det for ei Tid sidan var fagre Engjer og Aakrar, der hev sidan gjenget Baatar og Skjip; der, som det fyrr var Landsbyar og gjildeBondegardar, der er no berre Grushaugar. Folk hev gjort, kvat gjerast kuna for aa berga; men Flaumen kom paa mange Stadar so braadt, at flestalle hadde nokk med aa berge sjølve seg. Berre det Høyet, som vart øydelagt av Elvi, kostar 100,000 Rublar; ei Jarnvegsbru, som vart vekkskjyld kostad 200,000 Rublar. Skaden vert naar alt kjem til alt fleire Millionar og so alle Mannslivi. Det hev voret mykjet Fatikfolk paa dei Kantarne fyrr, og no vert det inkje betre.
 
 
Retting. Merkjet under Stykkjet um Landbruk i No. 25 skal inkje vera P, men T. Aa.