Tanketull.

 
Den gamle Almueven gjeng vist i Barndomen no.

I No. 25 av Adressebladet hev han eit Stykke, som han kallar Begrebsforvirring og noko høvelegare Yverskrift kunde eit slikt Stykke aldri faa.

Det er liksom Gamlen sjølv hev ei Kjensle av at Tankarne hans no tek til aa koma i Ulag. Eg trur no for Resti at Johnsen inkje er den einaste Høgremann som det no tek til aa ganga rundt for, so ein inkje maa undrast formykje paa slike gamle Folk.

Kann ein sjaa noko større Tull hell detta at Kongen er Folkets Repræsentant til aa segja Stop, at Kongen er den som skal passe Friheiti i Grunnloven mot Stortinget, som vil øydeleggje Folkets Frihed. Heve Historien lært Johnsen det, at det er Nasjonalforsamlingarne i Verdi, som hev øydelagt Friheiti og at det er Kongarne som hev vara henne? _ Hossi kann Gamlen tru, at han skal faa innbilla Folk slikt? Trur Johnsen, at dei som les Almuevennen er so godtrugne, at det hjelp aa skrive slik Usanning?

Ja det er noko reine Tullingar desse Vetofolki og det er noko dei sjølvsagt lyt verta. For den som skal forsvare Usanning, han lyt ende i slikt.

Lud. Lud. Daae segjer, at Friheiti er so fin paa papiret, Johnsen segjer at vi heve Friheiti i Grunnloven, ein annan stor Mann, som kallar seg Petter Johansen Neste segjer at det var ei Tid daa Odelsbonden hadde Grunnloven i i Glas og Ramme paa sin Stueveg. Alle desse tek Grunnloven, som noko Ervesylv, hell som eit gamalt Minnesmerkje, som slett inkje maa endrast paa nokor Vis, men som berre skal gjøymast og haldast vedlike til aa sjaa paa liksom Pavefolki gjer med alle Fillurne, Beinknokarne o.sl. etter alle dei daude Heilagmenne, som hev livt og gjort sine Storverk i Kyrkja.

Med andre Ord: Dei vil hava Friheiti hangande i Glas og Raame paa Veggen. Men det dei inkje vil, det er at Friheiti skal brukast. Nei, brukast maa ho inkje, for daa vert ho inkje haldi vedlike, daa vert ho sjølvsagt utsliti. _ Grunnloven skal hange i Glas og Raame, men lærast av Borni i Skulen daa? _ Hu! hu! nei, nei daa! det var daa fælt! Politikk i Skulen! Hutetu! _ Folket maa inkje det hell bruke Friheiti, t. D. § 100 til frimodige Ytringer om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand? Nei hutte meg tu, daa! Men Stortinget daa? _ Maa inkje dei hell bruke Friheiti, Grunnloven hev gjeve det? _ Aa nei bevare oss vel! _ Daa vert ho lemlestad, Veto, Veto, Veto!

Eg vil spyrja: Kvat vondt hev Stortinget gjort?

Ingenting annat hell at det hev bruka Friheiti i Grunnloven, i § 112, 30, 75 h o.s.v.

Grunnloven segjer ingenstads, at han inkje maa endrast. Grunnloven vil tvertimot at han skal umbrigdast, naar Erfaring visar at det trengst.

Og det segjer alle vituge Folk i heile Verdi. Bancroft segjer um Nordamerika: Grunnloven er inkje ein daud Bokstav, som uruggeleg er sett fast. Han kan vikkast ut og gjerast betre. Han kann taka dei Umbrøytingar, som Aalmannviljen og Tidi maatte krevja og han er trygg for aa forfalla so lenge Aalmannviljen hev Krafti si. So segjer vituge Folk. Difor ser me au, at alle frie Grunnlovar i Europa kann umbrigdast ettersom Tidi og Nasjonarne krev det. Der er ingre Grunnlovar, som kallar seg uruggelege, andre hell dei absolutte hell kongelege. Dei vil gjerne vera uruggelege. Kongeloven aat Fredrik den tredje av 14 Novbr. 1665, segjer at ingen inkje eingong Kongen sjølv kann rugge den. Den skal standa uumskifteleg og uruggeleg.

Det maatte vera ei undarleg Friheit Folket hadde gjevet seg, dersom dei hadde bunde seg so paa Hendar og Bein at dei inkje kunde bøte og rette paa den vigtugaste Loven sin, naar det fann at han trong ei Rettarbot. So galne var Gudskjelov inkje Eidsvollsmennerne, og difor gav dei § 112.

Johnsen er so snild aa segja, at Regjeringi inkje bør hava nokon utilbørlig Yvervigt yver Stortinget.

Eg vil segja: Regjeringi hev inkje, skal hell inkje faa noko Slags Yvervigt yver Stortinget anten ho so heiter tilbørlig hell utilbørlig.

Yvervigti hev legje, ligg og skal liggje hjaa Stortinget for der hev Grunnloven lagt ho, der hev Høgrefolki au baate sagt og fengje kjent at ho ligg.

Johnsen kann skriva um at Stortinget daa vil lemleste Friheiti so mykje han vil. Stortingets heile Historie syner kvat som um den Ting er Lygn og Sanning. Historia syner, kven det er, som hev freista paa aa lemleste Friheiti og kven det er, som hev varna og vart kringum ho. _ Eg trur at Historia er væl so paaliteleg, som det Tullet Almuevennen vil innbilla Lesararne sine.

Johnsen segjer at Kongen er Folkets Repræsentant til aa segja Stop.

Til al Lykke er inkje Almuevennen vaar Grunnlov. Kvarhelst stend det i Grunnloven at Kongen er Folkets Repræsentant til aa segja Stop _ ? _ Ingenstad. Paragraf 70 er ingen Stoppar, som Johnsen væl veit.

Ein kann nokk vel skyna, kven Johnsen meiner med Folket her. Det er alle Vetofolki, Embættesfolki, Kantorfolki o. s. burtigjenom, med eit Ord: Dei som er Faatalet (Minoriteten) i Landet. Dei vil hava Kongen til Repræsentant til aa segja Stop, mot heile det andre Folk, som heve Stortinget til sin Repræsentant. Og so vil inkje desse Folk hava ein Repræsentant til aa leggja fram Grunnar for hell mot ei Sak, men berre ein, som kann setja Pinnen i for Stortinget. Naar dei inkje heve Grunnar aa setja fram so vil dei hava Veto istaden. Difor er dei so rædde for aa faa Statsraadet inn i Stortinget, for der nyttar det inkje berre med Veto, der maa Grunnar til.

Ein Bonde