Straks Etterpaa.


Den, som for eit Par Dagar sidan hadde Høve te sjaa paa Tinget, og den som idag ser paa det og vil gjera ei Samstelling, han vil sjaa ein merkjeleg Skilnad. Her fyrr var der Uro i Hugen og samsnakkande Flokkar av Tingmenn saag ein Bonde her og der, ingen hadde Ro nokk elder Tid te aa høyra paa kva som var Forhandling. Idag er Tinget uppe i eit fjukande Ordskifte um Skipsavgifter, for Lastepenge, Høgre aa Vinstre kappast um aa snakka um Næringsvegjer og økonomiske Forhold. Einkvar Repræsentant er paa sin Plass og gjev Gaum; der er Ro og einkvar er buen te taa fatt paa eit Stræv fyrr Reform og Framstig. Kva er Grunnen te detta Umslag? Den er nærliggjande. Me er alt no komne inn i rolege Forhold, ei ny Tid byrjar aa lysa, og alle Vinstre aa Høgre _ kvar paa sin Maate _ vil byrja med Arbeid paa Utvikling.

  Ein Tingmann