Noreg.

 
Ja, Noreg, som hev fostrad meg ved din eigen Barm,
eg vil um deg og dit med Hugnad svalla,
og fyre deg eg gjerne av Kjærleik rein og varm
vil strida og vil døy, naar du meg kalla.


Du lærde meg aa elska mi fagre Fedratuft
og Garden, som dei gamle eigong rudde;
du lærde meg aa elska min Sjø, mi reine Luft,
mit Fjell og alt, som millom Fjelli budde.


Du lærde meg aa elska mit Folk, som heve lidt,
men reist seg att og vil seg sjølve vera;
du lærde meg aa elska kvart Stig av Folket mit
mot meire Fridom og mot større Æra.


Og gjeng din Veg enn stundom gjenom Spott og Larm,
so veike Vener ræddast og lyt vika,
eg sverja vil deg Truskap i Gleda som i Harm,
eg elska deg og kann deg aldri svika.


Vel veit eg, du er fatig, som du hev voret stødt,
og litet vyrdat vert du vist av fleire;
men fegre Moder hev eg i Verdi inkje møtt
og aldri nokon, som var elskad meire.


Eg elska vil dit Vit, som av Stein og magre Jord
kann lokka fram det Braud, du hev meg gjevet;
eg elska vil kvart Gjetord av deg i Sud og Nord
um Fortids fræge Ferd igjenom Livet.


Eg elska vil din Ande, som ungdomsdjerv og kaat
vaks ut av Vettrens Gru mot Vaaren bjarta;
eg elska vil dit Gaman, eg elska vil din Graat,
eg elska vil dit moderlege Hjarta.


So gjev eg deg min Tanke, mi Hyllest og mi Hand,
og ingi Magt i Verdi skal oss skilja.
Mitt heile Liv er bundet med Blodets sterke Band
til deg og dit _ til Fedraheimens Tilja.


Jon Tonnes.