Fraa ei Amerika-reis.


(Brev til ein Kjenning uppi Telemarki fraa Tarkjell Landsverk ).
 
Du veit, eg lova deg Brev, naar eg kom til Amerika. Men eg veit mest inkje, hot eg skal skrive um. Sumt kann du vita fyrr, og sumt kann vera litet aa høyra.

Paa Reisa hadde me fint Veer og alt gjekk godt. Sjøen var blank som ein Haalis; og me Fjellgutane totte det var reint Moro aa sjaa so vie Sletter. Det var aa sjaa til, som me skulde sigla like inn i Himmelen der vestpaa. Men naar me so vende oss umkring og saag dei siste Tindar av gamle Norig blenkte i Kveldsoli, daa greip det so undarleg kring Hjartat. Der vestanfor Havet seig Soli stilt ne i den milde Kveldsfreden. Hengjebjørkji ut paa Neset stod og blakrad med sine mjuke Lauv. Alt sveipte seg snart inn i Dimma. Eg vart tung i Hugen.
Maanen med sitt trugne Andlit kom siglande upp austmed Bruni. Der nor yver Baaneheimen flagra Norlysune med sine gjylte Vengjer. Eg saag liksom kjende og kjære Andlit fraa Heimen smilande til meg sitt siste Farvel. Eg svinga med Hatten enno ei Gaang. Ei Taara stal seg utor Augo svalande det, som hadde gjort Hugen saar.

Daa eg gjekk ned i Rome, hadde me alt glie langt ut paa Havet. Eg sat endaa lengje ved Vindaugat og saag utyver den blanke Havflata. Det maatte vist vera i ei slik Kveld- stund, at Havfrua song sine hildrande Songar for dei gamle.

Den trea Dagjen kom me til England og for daa paa dei fine Jønnbanevognene vestyver til Liverpool. Dei var so gjilde desse Vognene, ustasa med Gull so blanke at du kunne spegle deg i dei.

So fine Landskap som eg saag her, heve eg aldri set, og eg trur det er knapt dei finst finare. Eg stirde og stirde og vart aldri mett av aa glaame paa dei vene Hagar, med Ber og Blom og Buskar og Tre og Bygningar utkrota og maala i so glimande Fargar. Det var so du ikkje kunne tru dine Augo. Ute paa dei vene Vollar millom droplutte drustelege Kjyr og kaate Lamb gjekk fagre Gjentur, som svinga til oss med dei kvite Lummedukarne sine. Me var daa ikkje seine til aa vifta med Hattarne og helsa utfraa Vognglasi. Men nar me sat slik med desse fagre Utsyn for Augo, kunne me ikke gaa aat, fyrr det bar av inn i harde Fjellet, du høyrde berre ein fæl Dur og saag einkvar Skjimten av ei Lygt; naar daa dette hadde varat eit Bil, so bar det atter ut i Dagjen og yver høge Djuv med lysande Liar og Lauvlundar under deg. Me saag ikkje Brui, som Vognerne gjekk paa, og det var, som um me i Fugleflog vart borne av usynlege Magter ut i tome Lufti. Me fekk liksom ikkje puste, fyrr me atter trilla inn yver desse fagre Vollarne, som enno ligg i Hugjen min. Daa me kom til Liverpool kom me inn under eit Glastak so langt og breidt. Der var saa tett med Skjinnegangar, Vogner og Eimhestar, at du viste korkje att helle fram. Rundt umkring deg høyrde du kvar paa sitt Maal ropa ut sine Handelsvarur. Der var Kuskar med Gulborur umkring Hatten, og med Selagreiur som skjein av Sylv og Hestar saa viltre, at det spila i kvar ein Segjen. Kom du ut paa Gata, saag du Folk av alle Slag, Damur og Herrar saa fine, at Soli maatte ikkje skjine paa dei, men og Folk saa fillute, at Soli fekk skjine paa Kroppen meir hell godt gjorde. Du saag Hundar saa feite, at det glittra i Haari og Barn saa graasvelte at dei saag ut som Apekattar. Eg fekk eit kleint Inntrykk av det vesle eg saag av Skjikkar og Vis og Folkeferdsla ute paa Gaturne.

Herifraa kom me daa inn paa eit Emigranthotel. Det saa ut som ein Festning; sotutt og svart som det var av Steinkolrøykjen, og digre Murar og Staaltraaer fyri Vindaugom. Hadde ikkje Slavarne havt det betre paa sine Festningar, enn me, so maatte dei snart umkoma, for her saa eg meg ikkje Livbergning. Men Uppasararne var snilde; dei let Folk koma inn med Søteple, Apelsinur og Sodavatten og slikt. Dei var daa Tolk for oss desse Uppasararne og lagde daa altid ein Skjelling tilbeste, for dei spikulera i Uvitugheiti til Emigrantarne. Naar du berre hadde Pening, saa kunne du faa kvat det var for Ting. Her var endaa Kvinfolk inn aat oss tilmed. Skulde nokon vera so uheppen aa koma paa dette Hotellet, saa vil han vist treffe sama Seljarane, og kanskje han vil finna at det er Kauparar au. Krake finn Make den og, segjer dei.
So bar det daa vest yver Atlantern, og alt gjekk godt. Paa Skjipet var meste Irlendarar. Dei dansa og bar seg, som dei var galne. Det var kanskje Folk, men i Grunnen nokre fæle Svin. Me Norske var meir sturne.

Det hadde alt ifraa Kristiania vore med i vaart Rom eit par Ægtefolk, som var so fælt ulilege. Det var: Hr. Juling og Fru Sveltihel. Desse var daa allvist med dei Norske. Kjøtet me fekk var like raatt; og so fekk me ei Vassvelling med roten Sirup i attaat og noko anna Ruskomsnusk. Hadde me ikkje sjølve havt noko i Travlesekken, so hadde det set ille ut.
Me lengta derfor fælt etter Amerika, og me sto ofte innmed Skanseklædningen og saag i Vest, um me kunne sjaa Land. Eg trur ikkje Kolumbus lengta meir fyste Gaangi han for her.

Me var endaa mange Hundra Mil uti Havet, daa me møtte folna Straa og Blomar, som kom drivandes med Vinden. Me er like eg og du, tenkte eg, me leitar baae etter ein Heim, der me kann faa fast Rot og fritt kan liva og veksa. Det kann godt hende seg, at baade eg og du kjem burt i Byljurne. Men Voni liver, daa tilvissa hjaa meg.

Som Blom paa djupe Bylja vankar,
Me og sig fram paa Livsens Fjor.
Titt villande blandt Skjer og Bankar,
Me tapar stundom Rettesnor.
Men um i Villa titt me fer,
Mot Heimsens Hamn det endaa ber.

Naar eg kjem til Amerika og vert litt meire kjend, skal eg fortelja deg um Folkeskjikkerne og alt mogelegt.