Fraa Karl Johans Gata.


For nokre Dagar sidan kom der ein Bonde stavrande upp gjenom Karl Johan. Paa eit Hyrna stod der ein liten Gut og delad ut nokre Plakatar til dei framumfarande. Bonden ruslad burtaat Guten, fekk fatt i ein Bladmole og byrjad lesa. Daa han hadde starvat seg vel gjenom Bladet, høyrde eg han mullad eitkvat millom Tennerne; kvat det var fekk eg no inkje rettugt Tak i, men best det var, saag eg den samankrullade Papirlappen fara blakrande millom Føterne paa nokre Damur, som for framum. Paa Lappen var det Tidend um Krunprinsessens lykliga Prinsaføding.

Nokre Dagar seinare vart der burtmed Tinget av ein annan Smaagut delat ut nokon raude Ministarplakatar. Der kom tvo vene, fint tilkrusade Damur svivande framum. Den eine hadde fenget fat paa eit raudt Blad. Daa ho hadde hoppat det gjenom, krullad ho Bladet saman og hivde det fraa seg med ein Ljod, som ein stundom kann raaka høyra, naar ein vandrar i Skogen og er so uheppen aa træda paa Rova aat den langlagde Skapnaden millom Lyngen. Berre det, at han hjaa den fint tilstasade, tvobeinte Skapnaden, maatte lyda so myket finare, daa rimelegvis Ljod og Kropsbygnad maa hava haldet Samhøve under Utviklingi.

Dama kvæste nokk ut sit høgste Mistykkje med ei slik stridande Avgjerd som den aa setja ein Bonde med i eit av Statens høgste Æresæte. _ Dessutan kunde ein og kanskje koma til aa tvila paa, um ein Bonde kann duga til Dansemeistar.

Ein Bonde.