Ein Sumarmorgon.

 
Klokka var berre halv fem, daa eg vakna upp av ein lett Halvdorm. Det var Geiti, som vakte meg, ho reiv ned ei Fjøl utafor Veggen. Eg knipte Auga ihop for aa faa sova att; men eg fekk det kje til, og so laut eg upp daa. Det var forvitneleg aa sjaa koss Vedret lagad seg og _ alt det Høyet, me hadde liggjande ute! Men det var kje mykje hugnadleg aa sjaa ut: Heile Himelen liknad eit myrkt, graatt Teppe, sundbytt i Smaastykkje, men det var smale ljosgraae Rispur imillom. Fjelli var so myrke og aalvorsklege, dei stod som i Venting paa den Laugji, som det saag ut til inkje var so langt burte, Aasusen høyrdest jamt og so tungt gjenom den stille Lufti; det lyddest som um Elvi vontest aa bli større og sterkare snart. Og Bjølla fraa Bugrindi totte eg berre ropad so sagte: Regn, Regn, Regn. Lauvtrei hengde Bladi ende ned og var sturne fordi Fuglarne tagde seg so. Blomarne var syvjuge, dei stod og dubba, men knipte tett innaat seg Bladi, at Regnet skulde daa kje koma mitt i Krona.

Nei naar det er so lagat ute, so er inne betre, tenkte eg; og so tok eg inn Ved og nørde paa Varmen. Eg sat so ei god Stund trur eg.

No høyrer eg væl snart Regnet paa Toka, tenkte eg.

Men det drygde, og so vilde eg ut daa og sjaa um det inkje snart var der.

Men daa eg kom ut, vart eg var, at dei ljosgraae Vegjerne uppi Skyi hadde blivet breidare og blaaare, og den Liten, dei før hadde havt, hadde flutt seg burt i Dottarne. Der aust som Soli var ventande fyrst skulde glytte fram, var det reint for Skyer, der var ein grøn-blaa Lit skjiftande i gult. Den nedlengste Skjykanten var som berre Gull, lenger innpaa roseraud og han blei myrkare til lenger upp det kom, so at det tilslutt berre høvde dei Flokarne, som hekk lengste ned i Lufti.

Aai song no kvikare og med reinare Maal, ho hadde nokk maatt slept Tanken um nokon Vokster no, men gløymde det yver Gleda av aa faa Solstraalarne nedi til seg. Bjørkji reiste no Hovudet og riste Lauvi, og nokre Fuglar tok til aa syngje. Lauvros reis upp og skok seg, og daa song Bjølla so greit.

Det ljosnad alt fort, og snart laag Morgosoli og blenkte Toppen paa Vestfjelli av den smale Dalen, ho gleid nedetter seint men jamnt. Eg gjekk ned til Vatnet og saag paa dei smaa Baarurne, som rullad sagte og lognt inn mot Straandi og skjylde berre dei laagaste Steinar, glidande attende eit Stykkje for paa Ryggen av ei større Motbaare aa leggje seg til Kvile.

No hadde Soli komet ned paa Flaten, gleid utom Vatnet og strauk seg uppyver Bakkarne paa austre Sida, i det same kom ein frisk Noravind, som gjorde Baarurne større og riste i ein stor lauvtett Vier, so at ei Mengd Doggdropar rann av og ned paa Markje i alle Regnbogens Fargar; ein av desse blei hangande i ein liten kvit Klokkeblom, som stod derunde, og som reint av eit Nauvingel var spard av den drepande Ljaaen. Han nikkad og smilte so glad fordi han enno eit Bil fekk njote det fagre Livet, men han hadde Augat fullt av Taarer yve alle dei burtrykte Kameratar, som laag ihopkarad der burte visna og livlause.

No hadde Vegjerne deruppe blivet store og myrkeblaae, Flokarne kvite og tome og løyste seg upp til ørsmaa Prikkar, som ein etter annan blei burte, og snart var heile Himelen blank, Soli sprette seg og lædde yve heile Andlitet, for no var ho eismall um det store Romet; Fuglarne song no alle, som hadde Liv og Nebb, so det ljoma i Lidarne; og Bjørkji turvte kje hell lenger syte yver at det var for stillt.

Ingebjørg.