Bokmelding.


(Av Gjurd.)

B. Paus og H. Lassen: Læsebog i modersmaalet . 1ste skoletrin. (Cammermeyers og
Steens forlag.)

Der finnst ikkje eit einaste Stykke paa Norsk i denne Leseboki . Det gjer so mykjet, at ho er ubrukeleg i Skularne, daa allvist ut paa Bygdarne. Som De veit, so skal Lærararne no bruka Borni sitt eiget Maal i Skulen so godt, dei vinn. Det var baate Tinget og Regjeringi samde um. Men skal det verta til nokot med detta og kje berre ganga upp i Prat og Tufs, so lyt me faa Bøker, som kann gjeva Studning og Rettleiding. Bøkerne maa verta so norske, som det finnst Raad.

Men daa aa skipa til ei Lesebok, der i lige grad kunde egne sig for almuskolen og den høiere skole¹), og so ikkje taka upp eit einaste Stykke paa Maalet _: nei, nei! Boki vert ubrukeleg ved det.

Detta er 1ste Skuletrin: Dei tvo næste kjem fyre Jol og det fjorde til Sumaren att.

Kanskje er Utgjevararne meinte paa aa taka upp Landsmaalet i dei hine Deilarne? Kvifor daa ikkje i fyrste? Der trengst det mest .

Hellest er Boki nok so greid og lagleg oghev ikkje litet gjild Lesnad. Men dei hev aldri voret rædde for aa vøla paa sumt og skjera ut slikt, som kunde vera usmakande for dei
fine. Stilen er mange Stadar klein og fælt ubaansleg. Og so inkje eit Stykkje paa Norsk. Jau det er Gutar, som fylgjer med si Tid det!


Major K. von Kracht: Lomme-raadgiver ved kjøb af ride- og trækheste . Oversat af Løitnant O. I. A. Nielsen. (Cammermeyers Forlag.) Pris 1 Kr.

Ei ørliti Bok paa 39 Sidor, passe til aa putta i Vesteloma. _ Der stend ein Stad i henne: Man skal i Hestehandel kun tro, hvad man ser. _ Det er visst ei vitug Bok.


C. Freyer: Lidt af hvert af og for Livet . Umsett fraa Tysken. F. Beyers Forlag, Bergen. 178 Sidor. Pris Kr. 2.00.
Ho høyrer til dei, denna Boki, segjer Pastor D. Chr. Frich i Bergen i eit Fyreord, som med Tryghed kan gives enhver, ogsaa de unge, ihænde. Det er uppbyggjeleg Lesnad med smaa Fortelnader og Uppsett um gudelege og verdslege Emne. Ho er friskt skrivi og fri fraa detta unaturlege, som so ofta fylgjer med gudelege Bøker.
Eg trur, mange vil synast Hugnad i aa lesa henne.


¹) Som det stend i Fyreordet.