[Tidender.] Statsraadsaki

 
hev komet til Fullnads, Framlegget hans L. Smitt hev vortet samtykt av Konge og Folk. Endeleg hev det vortet Semjing um dette Spursmaalet, som gjenom so mange Aar hev voret eit Stridsemne i Folket, og som hev skapat eit uløyselegt Tvidrag millom Konge og Storting. No er det gjenomført ei av dei Umbøter, som tidlegst var paaemnad, men som heile Tidi hev møtt Motstand av den atterhaldne Del av Folket, snart millom Bønderne og snart millom Embættesstandet. Det var seint, at Umboti kunde faa so stort Fleirtal med seg i Stortinget, at ho kunde verta Lov. Regjeringi sette seg imot, og Stortinget vilde heller inkje driva det fram med Magt, det let Folket samla seg Gong etter Gong til Val og Vedtak av Saki, fyrr dei utropad si Avgjerd som Lov 9de Juni 1880. Daa var det Regjeringi gjorde sin siste Freistnad med aa vilja setja eit absolut Veto som ein stengjande Bomm for alle Tider. Men so kom Riksretten og sprengde den, og 17deMars-avgjerdi vart standande i sin Glans. Det trongst berre Menn i Regjeringi, som var lovlydige nok til aa retta seg etter henne. Det ser nokot underlegt ut, det som Stortinget no hev gjort. Var det daa verdt aa gjera nye Vedtak um denne Saki? Ser det daa inkje ut som um dei fyrre Avgjerderne og 9de Juni vert haldne for tome Ord? Hev inkje Stortinget slept av paa sin Vyrdnad og si Ære med dette?

Nei me trur det inkje. For um Vinstre no gjekk med paa dette Vedtaket, so avsannad dei dermed paa ingen Maate sine Avgjerder fraa fyrr. Desse var Lov, anten so Regjeringi sagde nei hell ja. Men her var det eit heilt nytt Brigde, ei Forandring av det Grunnlovsbodet, som 9de Juni godkjende.

Inkje nokor Grunnlovsendring hev gjenget fortare enn denne, ho var inkje framlagt Folket til Gransking og Vedtaking gjenom Val, ho var hell inkje serleg dryft gjenom Bladi, ho vart umhandla i Komiteen ein Dag, framlagt og vedteket i Tinget den andre, og underskrevet av Regjeringi den tredje.

Paa fire fem Dagar vart det fult ferdigt ei Grunnlovsavgjerd, som fyrr hev kostat Arbeid og Strid i Mannsaldrar.

Men Lukka var den at Endringi var daa inkje stor, og dertil kom no serskilde Umstende, so at ein inkje av dette treng fæla for at dei andre Stykkje i Grunnloven vaar skulde vera like snare aa umbryta; nei Grunnloven vil heretter vera like so fast og uruggeleg som fyrr. Den gamle Loven av 1880 gjekk ut paa, at Statsraadarne hadde Rett til aa møta fram i Tinget; den nye legg til, at avgjengne Stats- raadar skal kunne veljast til Stortingsmenn fraa kvat for ein Valkrins det kann vera i heile Landet, anten dei so bur der hell inkje.

Ein kann inkje annat segja enn at dette Tillegget vil vera til Gagn og Framgong for vaart politiske Liv; det vil tena til, at all Magt og Dugleik og Vyrdnad vil samla seg innafor Stortingsveggjerne og der hava sitt Liv og sitt Arbeid, der føra fram sine Tankar og strida for dei ærleg og fritt for Allmanns Augo.

Det vil vera til Styrkjing for Fridomen vaar, med di at det vil sikre Mindretalet, at det inkje vert nedkjøvd, men fær fram sine dugelegste Talsmenn. No er fridomen so sterk og stød i Landet, at han hev opet Syn for aa vera rettferdigimot alle Meiningar og Flokkar. Den Fyremunen, som den eine Flokken fær med at han hev det største Talet med seg, den fær dei andre Flokkar ei Motvigt i derved, at dei meire fritt fær setja upp imot sine beste Krefter. Alt som hev Dug og Livskraft i seg fær daa friare Spilrom, og dei sanne og gode Grunnar for og imot ei Sak vil vera dei, som mest fær raada.

Men det er inkje berre ei Rettferds-sak hell dette, ei Gaave aat Mindertalet. Nei det er ei Trong for all Utvikling, at Mindertalet inkje vert stengt ute. Det vil hindra, at me braastupar oss inni nokot nytt, men ogso gjera, at me inkje vert hangande ved det som er utlivt og for gamalt; det vil gjera Fleirtalet fast og Framgangen jamn i Landet.

For naar me talar um Mindertalet, so maa det inkje tenkjast berre paa det gamle Bakstræv, men ogso paa dei nyeFlokkar, som skyt seg framumdet store Fleirtalet. Det er baate det radikale Bakstræv og det radikale Framstig. Baade tvo desse Leiderne treng me, skal inkje Livet vaart trena og stadna i Voksteren, dei fyrste med Kritikken sin og dei siste med sine nye Tankar.

Og dette nye Grunnlovsbrigdet er det inkje utenkjelegt, annat baade desse Flokkarne vil kunna koma til aa njota godt av. For etter vaar nye parlamentariske Riksskik vert det inkje meir utenkjelegt, anten at den eine hell den andre av desse tvo Utendarne for ei stutt Tid kunde koma til Regjeringi.

Men det er ogso hermed gjort eit Grip inn i dei gamle Reglarne, som bind Mannen til aa veljast berre fraa Bustaden sin. Det er uvist kor ofte det kann verta Statsraadskifte no heretter, og daa vil det verta heile Flokkar, som vil ganga Frikarar og bjoda seg fama paa kvar ein Stad dei trur seg til aa hava nokor Von. Og til større den Flokken vert, til fleire vil det verta som vil ynskja

og krevja same Retten for seg, um dei ogso inkje hev voret Statsraadar endeleg.
For vaart Folk kann ein segja, at dette her er ei Utvidging av Røysteretten, inkje so- leids, at det vert fleire, som kann velja, men at det vert meir aa velja paa, altso at Grensurne inkje vert so tronge, og difor større Fridom.

Likevæl hadde nok inkje dette her Grunnlovsbrigdet gjenget so braatt, hadde det inkje voret dei serskilde Høve i Politikken no um Dagarne.

Høgreflokken hadde gjort Politikken sin umogeleg og seg sjølv uverdug til aa vera med i Riks-styret, det galdt for dei aa finna paa Utveger for aa vrida seg undan og faa umattgjort sine Uraader so snart som mogelegt. No er det væl so, at Høgre aldri hev faret aat slik, at det hev fortent nokon Naade og Milde av Vinstre. Men me hadde Hensyn til ein høgre, til Kongen vaar, han som Høgre vilde narra og lokka til so mangt, som no vilde hava vortet til Skjemsla for Kongemagti i Landet, soframt inkje Vinstre hadde lagat denne Brui, der han utan Vanheider og Avsanning av sitt kongelege Ord kunde faa sleppa fraa den Einrøma, Høgre heldt han i som Partikonge og faa ei Stelling som var honom verdig som fri konstitutionel norsk Konge.

Slike Hensyn hev Vinstre set etter, naar dei no hev gjort dette Grunnlovsbrigde.

Kann endaa nokon segja, at me hev Einvalds-lyster? Kann endaa nokon neisa oss for at me er Kongedømet sine Fiendar?