[Tidender.] Statsministar Ole Richter

 
er no 55 Aar, 13 Aar yngre enn Johan Sverdrup. Paa Farsida er han ættad fraa ein av dei Tyskaranne, som i Fyrstningi av fyrre Aarhundradet kom hit til Landet for aa driva Gruvurne ved Kongsberg, Røyros og fleire andre Stadar. Ættarfaren, Kristian Richter, var ei Tid Styrar av Gruvurne paa Røyros, seinare vart han flutt til Kopargruvurne paa Ytterøyi, og daa han vart gamall fekk han eit Lensmannsumbod paa Frosta. Der livde Ætti i mange Aar. Garden dei budde paa heiter Sundalen, og der dreiv dei med Sagbruk og Skogbruk i lange Tider. Ein av Ætti, som heitte Jonas gjiftad seg inn i ei gamall Bondeætt, Rostadætti paa Inderøyi, og paa Rostad vart han Ole Richter fødd i 1829. Det hadde voret slik fraa gamalt av, at ein av kvart Ættarled skulde studera, og no trefte dette paa han Ole. Han vart Student i 1849 og allt daa tok han til aa tala og skriva um Politikk. Han skreiv i Kristianiaposten saman med Ludvig Chr. Daae og i Krydserensaman emd Ditmar Meidell, og støtt skreiv han djervt og frilyndt. Den Tidi var ein Jurylov mykje paa Tale, og Richter drog difor yver til England for aa studera Rettsgreidurne der. Denne Turen gjorde honom godt og vart til mykje Gagn for Norge. Han fekk Tilhøve til aa setja seg inn i det politiske Livet der i Landet, og samstundes gav han seg til aa skriva i dei store Verdensbladi Times og Globe. Det er Skrivingi hans fraa den Tidi, me mest hev aa takka for, at me fekk istand Traktaten med England i 1851. Seinare kom Stathaldarstriden, og i den var Richter ein av dei djervaste til aa halda fram, at Svenskarne inkje hev nokot med vaart Lands Styr og Stell aa gjera. Storhopen av Svenskarne livde den Gongen i den Trui, at Norge laag under Sverike og Storbladi andre Stadar i Utlandet meinte nokot so nær det sama. Men daa kom det i Londonblades Timeseit langt Stykkje, og der var det framhaldet med stor Dugleik, at Norig er fritt og sjølvstendugt, og at korkje Sverike hell nokot annat Land hev nokot aa segja yver det, som Statsmagterne her gjer. Og dette Stykkje var skrivet av Ole Richter.

I 1862 vart Richter Tingmann fyrste Gongen. Han hadde inkje voret lenge i Salen, fyrr han vart ein av dei gjævaste. I 1878 vart han Generalkonsul i London og derfraa er han no komen for aa verta Ministar i Stockholm. Richter hev altid voret ein gjæv Mann, og me vonar, at gamle Noreg skal faa baade Hugnad og Ære av aa hava honom som Statsministar.