Presten Frantz Bruun


hev teket seg til aa reikna upp Synderne hans Oftedal no, i Adressebladet.

Fyrr hadde han sett ut skjemmande Ord um Oftedals private Liv, men det lyt han taka i seg att no og beda um Tilgjeving. Men so tek han sin Mun att i Klagingi yver hans offentlige Liv, som han er saare bedrøvet og forarget yver. Og skulde det verta rigtig godt mellem ham og mig, segjer han, saa maatte ogsaa han (Oftedal) erkjende og beklage sine Feiltrin, hvormed han har givet offentlig Forargelse.

Jau det er rette Gjerdi paa forsonlegt Sinnelag, som høver seg ein Prest det! Fyrst gjeng han stad og skamraskar ein fagna Mann og framifraa Prest paa ein slik Maate, at han maa skrifta sine Synder, trega og avsanna sine Ord baade i Brev og Blad, men endaa krev han at ogso den andre skal vedstanda seg nokot galet, fyrr han sjølv kann verta god att.

Oftedals Synder byter han sund i tvo Slag, rimelegvis dei store og dei smaae. Paa den fyrste Lista set han 4, og 9 paa den andre.

Her er dei store:

1) Han hev inkje stridt imot dette ugudelige Folkehovmod, at Folk skal faa styra og stella seg sjølve. (Han er imot absolutt Veto).

2) Han hev inkje brukat rett Rom. 13, 1 og preikat imot den Nylæra, at det skal finnast andre Styremagter enn Konge og Keisar. (Oftedal gjeng inkje med paa Statskup).

3) Han hev inkje vitnat med alvor imot den syndige Betragtning af Ægteskabet, som kom fram i Stortinget. (Oftedal vil inkje at Kvinna skal vera Træl). Og er det at være lydig mot Jesu Ord: Haver Salt hos Eder, eller mod Pauli Ord: Paaminder de uskikkelige? spør han.
4) Oftedal hev voret med og røystt for Riksrett. Slikt kallar Bruun for Synd, som Guds Straf og Forbandelse er over. Og naar Oftedal jamvæl kann vove at juble over en saadan Domstols Arbeide, maa han minna um Profeten Esaias i hans 5te Kap.: Ve dem, som sige om det onde godt og gjøre mørket til Lys.

Dei 9 Smaasynder hev Oftedal gjort i Vestlandsposten, og dei er umlag paa same Gjerdi.

X.