Gull.


Der det er mykjet Fjell meiner jamnast Folk at det ogso maa finnast nokot i dei. Hertelands der det er so mykjet med Berg og Nutar skulde det daa au vera Nøgdi med Gull og Sylv, Kopar og Jønn o.s.b. Men det er svært lite komet for Dagsens Ljos av all denna Rikdomen. Bergverksdrifti har helder gjenge tebakers enn fram. Det er berre Kongsberg, Viksnæs og Røyros der det er ei Drift som det er nokot te snakke um.

I dei siste Aari er det lel framkomet sumt som tyder paa at det skal verta ei Forandring te det betre. Nordland ser ut te aa skulle bli vaart beste Gruveland. Der hev dei Sylvgruvur som teiknar godt (Svenningdalen) Kopar, Nikel og heile Fjell med Jønn. Men mest Bisn vart det daa det for eit Aars Tid kom Segner om at dei ha funni Gull paa Bømmeløyi. Og Gull fannst der og. Dei fyste Finnarar hadde dreve eit Skjerp etter Koparkis, men det vart berre smaatt og dei heldt paa og skulde standse; daa vart ein var, at ein Stein som han kløvde, hekk ihop i nokre fine gule Taggar som baate kunde tøygjast og bøygjast. Det var Gull og soleides kom dei te aa granska gløggare ette i Skjerpet og dei fann smaae Gullgnit fleire Stelle i Skjerpet.

Dei fyste Eigarar har no selt denne Gruva og 6 andre Anvisningar te eit engelsk Bulag for £ 75000 = Kr. 1.350.000, Engelskmennerne held no paa og set ei stor Drift i Gang der.

Men det er ogso mange andre som hev skjerpa etter Gull der paa Bømmeln. Det skal vera ein 400 Framlysingar (Anmeldelser) men Størstedeilen er no som rimeleg kann vera berre Skrapet.

Amund Hellandhar ivaar vore burtyver der og har no gjort ei Bok som heiter:

Guldet paa Bømmeløen og dets Gange , ho er aa faa i Bokhandelen og kostar 75 Øyrur.

Der kann ein faa Greie paa korleides Gullet finst, kvatslag Stein det sit i og korleides ein skal kjenne det att. Han fortel um dei ymse Gullgangar der paa Øyi og meinar det at um det ikkje er fullt so gruskt som Bladi hev gjevet Fraasegn um, er det lel gode Voner um lønverdig Drift, naar Gangarne kjem i Hendom aat Folk med Omtanke og Pengar.

Ogso i Telemarki fortel Helland hev dei ivaar funnet Gull. I Svartdalen ved Seljord har det franske Gruvebolag i Bamle muta 14 guldførande Ganger. Ogso fraa mange andre Stader i Lande hev me sikkre Tiender um at Gull hev vore funnet.

Ein fær soleides sjaa seg fyre nokon kvar Staden.

Naar Gullet finnst i Fjellet, fylgjer det altid med Kvarts (Kvitstein) og Kvartsgangar er ikkje sjeldsynte: sjaa difyr vel etter um de skulde sjaa noko smaae gule Gnit som de kann pirke paa og banke paa uta at dei smell sund, for det er lett aa mistaka Gull og Svovelkis.

I Utlandet vinn dei meste Deilen av Gullet av Sand og Grus; Fjellet tærest upp og Vatnet fører det med seg, men Gullet er ædelt hell skirt og løysest ikkje upp, og styggeleg tungt, so det fyk ikkje paa Vidotta. Slik finst det t.d. ogso i Tanaelvi, og vart det berre væl ettersett, er det væl ogso mange andre Stader.

Baate um korleides ein skal vaska etter Gull og kor helst det er Von um aa finna det fær ein Greie paa i Boki hans Helland.

P. M.