Udvalg af Dr. Martin Luthers Skrifter. _


Udgivet ved I. K. Kornbrække og A. F. W. Prytz, Kandidater i Theologien. (P. T. Mallings Forlag).


Fyrste Hefte er utkomet, det inneheld Utlegning av Davids 121 Salme.

Det er eit godt Tiltak dette aa faa umsett Luthers Skrifter i ei Utgaave, som det vert yverkomande for kvar ein aa skaffa seg. Allvist no var det høvelegt, naar Reformationsfesten hev kveikt upp att Minnet um den store gjæve Mannen.

Luther er av dei faae Stormenn, som aldri vert for gamle, det er slik Kraft og Friskleike i alt som hev komet fraa honom, at det kveikjer oss endaa.

I den vitenskapelege Granskningi er det sjølvsagt, at vaare Tider hev komet langt framum honom. Men det er likevæl eit Spursmaal, um inkje hans Maate aa halda Fyrelesningar paa*) kunde vera væl so fruktrik for Prestemni som den Maaten den tyske Theologia driv Bibelutleggningi paa no um Tider. Den vil hevda seg Ord for aa vera meir rein vitenskapleg, men solenge det inkje er fullkomen fri Gransking _ so held me det for at Luthers Maate var sunnare, og daa er inkje den Fyremunen so stor lel. Me likar Luthers Maate mykje betre.


n. r.