Svar aat Hr. O. Aa.


Me ser, at O. Aa er ute i Fedraheimen med eit langt Tilsvar aat oss. Me tenkte fyrstundes, at det ikkje var noko aa svara paa, for det er berre eit Uppsod av det gamle; men so kom det nokre Mistak som me gjerna vilde utgreida litevetta um. Hr. O. Aa. hev sett oss saman, lat gaa, det kann me au gjera i Svaret vaart. Han synest Maalformi hans Ivar Høyem er so overlag gild, men sjølv skriv han ikkje etter henne; for gjorde han det, so skreiv han daa konsekvent iminsto. Men med di tek han det ikkje so strengt, han gjer plent som ein Mann fyreslo i Dølen 1859 Nr. 16:

Liggerviis borde mand ogsaa indbeføre en større forvexling og Varigasion i Skriften, saa at man icke altid skrev ordene altid ligedant, for dette er ensformeligt og kjedeligt. Imeller-Thid er jeig endnu ikke kommen til Ret fuulkommenhed i min Reglemangel o.s.fr.

Soleids skriv Hr. O. Aa. ymist: har, ette, vist vokse, vi, segje, have, some, om, ymist: hev, etter, viss, vakse, me, segjer, hava, sume, um, o. s. fr. Han skriv til Dømes baade vi har, me hev, vi hev og me har (oss har hev han ikkje lel!

Slikt er det Maalet, som Hr. O. Aa. vil innføra. Det finns so mykje unorsk hjaa oss enno, so mykje Vesaldom og Skrap, segjer han, og det kann væl vera sannt.

Hr. O. Aa. hev lagt oss i Munnen dei Ordi, at Landsmaalet er so godt, som det kann verta, og at Maalsaki hev vorte ei Folkesak; det hev me ikkje sagt; men at Landsmaale vert skrivet heile Landet yver, det hev me sagt, og det stend me ved. Me kann ikkje tru, at O. Aa. kjenner stort til Bygdemaali, naar han segjer, at Formi hans Ivar Høyem er ei Maalform, som liknar meire Uttalen aat Fleirtale av Landsfolkje. Han hev berre høyrt det, segjer han; han kjenner det ikkje av eigji Røynsla, _ nei, me kann sjaa det. Han tok til aa tenkja paa, at I. Høyem si Maalform var meire lik Bygdemaalet hans _ og daa laut naturlegvis me andre Maalmenn au taka den Formi, kann ein vita; det var oss andre, som laut ofra for aa faa det Maalet, som I. Høyem og kanskje O. Aa. skriv. Kvat høver best, anten at me skal gjeva upp den Formi, som hev utviklat seg i 30 Aar, elder at ein hell tvo skal gjeva upp ei, som ingi Utvikling hev? Me kann ikkje skyna, korleids Høyem og O. Aa. kann elska dessa Diktararne rett, naar dei freistar aa riva ned den Bygnaden, som hine i snart 40 Aar hev bygt upp. Det, O. Aa. segjer um, aa elska Diktarar som Bjørnson o.s.fr. kann me ikkje skyna hev det Grand med denne Saki aa gjera. Han hev fulla misleset seg, hev han, det kunna kanskje vera høvelegt aa lesa uppatt aa tenkja seg litevetta um, som han segjer so ofta.

Det er mange, som hev freistat aa skipa nye Maalformer, men ingi hev kunnat halda seg, og det er Prov paa den Livsmagt, som ligg i Landsmaalet. Det er ikkje godt aa hava fleire Maalformer paa ei Gong; det vert so mykje Vingl paa den Maaten. Det beste Vaapn, Motstandararne vaare hev mot oss, er, at me ikkje hev noko heilt, noko me alle er samde um. Me skal minna um, kvat Henrik Krohn segjer (sjaa Ferdaminni fraa Sumaren 1876 av G., Lauvduskar IV S. 121). Her er ikkje Tid til aa skilja seg aat no og liggja og rivast um Smaating. Vilde me vinna nokon Ting, so fekk me kasta alle desse Paafund og bera upp eit heilt Merke. Var me aal vaarleg samde um Tanken, so maatte me kunna semjast um ei Form.


Ingjald Kj. og Jonas N