Litt um aa løna og fri sine.


(Av Hermod Hejmdal).


Daa Storthinget her nokot sidan hadde for seg Pensjonarne til tvo frilynde Prestar, so sagde ein Vinstremann, at han kunne kje vera med paa aa avpassa Pensjonarne etter politiske Grunnar. Og han var visst ikkje aalene um den Tingen. Iallfal visar Avgjerderne av Thinget i slike Saker, at Fleirtalet gjer etter den same Tanken. Nokre Undatak kunne vel nemnast; men til Jamnaden hev dei faret berre etter Løn, Tenestaar og Eigedom. Og dette er vist det rette og. I so Maade hev ingjen nokot aa segja paa det. Men det er ei framifraa Tid i Politikken med liver i. Og ho krev framifraa Avgjerder. Av Storthinget hev ho kravt det og krev det framleis. Thinget hev ogsaa prøva med ymse Slag. Det skreiv til Konge, at det ingji Tiltru hadde til Raadethans; men Kongen svarad, at han hadde Tiltru til Raadet, og Raadet sat. Thinget sette Riksrett, og Retten Dømde Selmer og hans Politikk. So het det, Domen var partisk, urettferdig. Og so kom Schweigaard. Folket sjølv hev Gong etter Gong avsagt den same Domen ved aa velja fleire og fleire Vinstremenn inn i Thinget. Stødt vart det sagt, at Folket var opagiteret, vildledet af samvittighedsløse Ledere. Og Enden er, at me no stend i same Skora som for 10 Aar sidan. Mennerne hev skifta, men Regjeringi er den same. Og det ho hev stadet paa, det ho stødt hev gjort seg breid av, det er, at ho hev havt den oplyste Del af Nasjonen med seg. Med den oplyste Del af Nasjonen meinast Embættsflokken. Og det er rett. Det er Embættsstandet i Landet, som hev haldet Liv i Politikken av Stang og Selmer, og som no ogso skal freista aa halda uppe Schweigaard. Hadde kje Regjeringi Embættsmennerne aa stydja seg paa, so kunne ho kje halda seg ein Dag lenger. Dette hev Høgre sjølv sanna; meir ein ei Gong hev Høgrebladi sagt det ved aa gjeva den grundlovstro Embedsstand Lovord.

No hev Storthinget i dei sidste Aari teket framifraa Avgjerder mot Regjeringi, fordi ho fører landsskadeleg Politikk. Men det hev til dessa ikkje sagt eit Ord til Embætsstandet, som held Liv i denne landsskadelege Politikken. For mange hev dette set nokot rart ud, og ikke minnst fordi Embætsmennerne klær sig i Landsens Ull og liver av Landsens Mjølk. Og hev det kje voret sagt før, so vil det i Vissa verta sagt ette denne Dag, at Thinget maa sjaa til aa faa tyna denne Embættspolitikken. Og det kann det so godt gjera med _ Pensjonarne. Lat desse verta avpassa etter politiske Grunnar, og det vil snart syna seg, at den oplyste Del af Nasjonen ikkje er so trufast til aa tena Schweigaard som den før var mot Stang og Selmer. Dei tener tvo Herrar Embætsmennerne. Prestarne t.d. tener Landet ved aa preika ein halv Time elder væl so kvar Heilagdag, um Verkedagarne (ja some brukar ogso Heilagdagarne og jamvæl den halve Timen dei preikar) tener dei Regjeringi ved aa tala og skriva og preika hennes landsskadelege Politikk, naar dei ikkje hev Arbeid med aa krevja inn Osten og Smøret, dei skal hava av sine Faar. Og slik er det med alle desse, som kjem til Thinget og vil hava Pengar or Landsens store Fatikkasse. Dei tener tvo Herrar, og dei bør ogsaa faa si Løn etter det. Lat dei faa den halve av Landet, den andre halve fær dei krevja av Regjeringi, som dei so trutt og strævsamt hev arbeidt for. Dette er greid Rekning, og det bør ein stødt hava. Og det trengst no, at landet gjer upp Reikneskapen med Tenestmennerne sine. Lat dei faa sjaa det i Matkoppen, kvens Pengar dei liver av, og dei vil snart slutta med aa tena ei Regjering, som driv paa med landsskadeleg Politikk.

Høgreflokken vil kanskje koma til aa skulda Thinget for aa føra Matpolitikk. Men dette kann Thinget taka med Ro. Regjeringspolitikken er Matpolitikk av beste Slaget. Embættsstandet held seg til Regjeringi, som deilar ut feite Embætte. Og Regjeringi held paa sitt Embætte ved aa segja, at ho hev den oplyste Del af Nasjonen paa si Sida. Dette er Matpolitikken i System.

Og ingjen skal tru, at det er for annat enn Maten, at Embættsmennerne so trutt tener Regjeringi. Fekk me ei Vinstreregjering, so vaagar eg, me skulde faa sjaa ein Generalomvendelse i Embættstandet. Vart Sverdrup Statsministar, so vilde han faa Takkebrev i Haugevis fra dei same Menn, som i dei siste Aari hev voret so takksame mot Selmer. Og ingjen skal tru, at dei vilde gjera dette, elder at dei no so truget hev stræva for Politikken av Stang og Selmer berre av Pliktkjensla for aa visa Vyrdna mot Øverheiti. Det er berre Matøverheiti ein skuldar aa visa Vyrdna, meinar dei. Storthinget er ogso Øverheit, det hev Høgre sjølv sanna, men det hev stødt voret smaatt Stell med Vyrdnaden for det hjaa Høgreflokken. Og Loven pliktar ein daa ialfall aa visa Vyrdna. Men koss var det kje med Riksretten, og koss er det kje med Riksrettsdomen? Høvre hev kje visa nokot framifraa Vyrdnad for dei. Aa nei, det er Samanheng i dette, det heng fast i Matkoppen altsaman.

Some vil kanskje synast, at det vilde vera hardføni aa løna Embættsmennerne paa denne Maaten, og at det ikkje vilde vera alt so rett helder. Ja hardføni er det; men det er det som skal til no. Det er Aalvor som trengst. Og Retten vil vera plent den same for Thinget som for Regjeringi, som i lange Tider hev gjort og framleis gjer det same. Høgrebladi hev lengi og ofte sagt, at Regjeringi umogeleg kann gjeva større Embætte til Menn, som ho veit vilde arbeida imot seg i Politikken. Og Regjeringi hev gjort etter denne Læra. Det er fleire Døme paa det. Og ho vil nokk framleis gjera det same. Nokre Menn fraa Thrøndelagen hev no sent eit Upprop til Thrøndarne, at dei skal faa Advokat Qvamtil aa søkja Amtmannsembættet. Men no segjer alle Høgrebladi, at dette er gjort berre for aa hava nokot aa agitera med ved neste Valet; for desse Mennerne maa daa kunna vita sopas, at Regjeringi ikkje kann verta med paa aa gjera til Amtmann Qvam, som benegter Kongens absolute Veto. Dette hev den rette Laaten, og dei som ikkje skynar dette, kann faa meir av same Ulli med det same. Presten Ebbesen i Trondheim hev no søkt Thinget um Vartpengar. Han hadde voret Prest der i 12 Aar og vart utifraa godt lika av Menigheiti. No i Vetter vart Hjelpeembættet gjort til eit Embæte for seg sjølv. Ebbesen søkte um aa faa dette Embætte, som i Grunnen var det han hadde, og Menigheiti vilde gjerne hava honom. Men Ebbesen fekk ikkje Embættet. Han var so uheppen, at han hev voret Formann i ei Vinstreforeining.
Men hadde dette so sannt voret Novemberforeining, so hadde han nokk fenget havt Embættet sitt. Men Regjeringi hev gjort meir endaa.

Ho hev negta Ebbesen Vartpengar. No hev Ebbesen søkt Thinget um det; han stend paa berr Bakke og hev stort Hus. Kva tru Thinget no vil gjera? Ja det er i Grunnen ei Fornerming mot Thinget aa spyrja slik; for det er greit, at det hev berre ein Ting aa gjera, og det er aa gjeva Mannen full Løn, til han fær seg Embætte. Og her kjem eg til det, eg helst vilde faa sagt. Thinget maa no syna, at det gjeng ann ogso for Embættsmenn aa hava andre politiske Meiningar enn Regjeringi utan aa svelta ihel for det. Paa denne Maaten er det, Thinget skal løna og fri sine. Det skal ikkje fri dei for Loven, slik som Regjeringi i den siste Tid hev gjort med sine; men det skal fri dei fraa aa forkomast av Næringsut. Og tek Thinget Tiltak i dette Stykket, so vil det snart minka paa Talet av grundlovstro Embættsmenn, som fær Lovord av Morgenbladet og feite Embætte av Regjeringi. Av Menn med Kjering og Born er det kje aa venta, at dei skal staa fram og uppsegja Tenarskapet med Regjeringi, naar dette er det same som aa gjera seg og sine braudlause. Og dette er nokk største Grunnen til, at Landet hev so faa frilynde Embættsmenn for Tidi.

Og som sagt, naar det vert Spursmaal um Pensjon til ein trugen og strævsam Regjeringsmann, so maa Thinget taka det paa same Maaten, som Regjeringi sjølv hev gjort og framleids gjer det. Me kann umogleg gjeva denne Mannen meir enn halv Pensjon; for i heile si Embættstid hev han arbeidt imot det, som me trur er rett og til Gagn for Landet. Han burde i Grunnen ingen Pensjon faa; for til dessa hev han fenget Løn av Landet, men tent Regjeringi ved aa arbeida for Framgong for den landsskadelege Politikken ho fører; det rette vore, at han no fekk Pensjon av dei han hev arbeidt for. Men me skal Naade gaa for Rett og gjeva honom halv Pensjon. Paa denne Maaten maa Thinget taka desse Sakerne heretter, til det vert Skikk paa Politikken i det heile.

Den oplyste Del af Nasjonen hev so lenge og so ofte sagt, at Folket ikkje skjynar seg paa Politikk. No bør Folket visa desse Kararne, at det iallfall skjynar seg paa Maten.

Og byrjar Folket med aa føra Matpolitikk, so vil snart Bjølla aat den oplyste Del af Nasjonen faa eit annat Ljod.