Johan Sverdrup.
No fortel Folk, at
Høgremennerne hev prenta eit stygt og fælt Upprop, som kallast
Johan Sverdrup og Arbeidarne.
Der fislar dei fyre
Arbeidaren og slikkar og sleikjer so det er ulkelegt aa lesa det. Og
so lyg dei evlaust paa Sverdrup og skuldar han fyre, at han inkje hev
det mindste Hjartelag fyre Arbeidsfolk.
Kven det er, som hev
skrivet dette, er det ingen, som veit.
Inkje er der Navn under og
inkje hev Bokprentaren Navnet sitt elder Boktrykkjarstaden. Det stend
i Loven, at den Boktrykkjarne, som trykkjer nokot og inkje set paa
kor det er trykt, han skal bøta.
No fær me sjaa um
Regjeringi gjer nokot for aa faa vita kven som hev trykt dette og
brotet Loven. Det er trulegt at Regjeringi let dette ganga stilt av
og aldri ansar nokon Ting.
No sit dei, som hev
studera ihop dette stygge Skriftet og den Bokprentaren, som hev
prentat det i Løynd og gjort Lovbrot
_
no sit dei og tenkjer paa at simple Folk skal tru paa denne
store Lygni deires. Men dei veit litet dei Folk. Det er vist av den
fornemme Pøbel. Ingjen Mann er so stuven, at han trur paa den
Lygjesvæa at Sverdrup er imot Arbeidsmannen. Nei Folk veit godt, at
dei, som hev skrive dette stygge Brevet og sendt det ut, det er
sovorne Folk, som vil halda Arbeidsfolk under seg og suge Saft av
dei. Difyre er dei vonde paa Sverdrup daa, dei ser han vil vekkje Liv
i Landet, so kver Mann kann faa sin Rett og so at dei Store inkje
kann faa eta upp dei Smaa.
Publisert