Ein strengare Dom


hev aldri nokon norsk Statsmann fenget, ikkje av sin verste Motstandar enn den, som Selmer no i dei siste Dagar hev fenget av sine eigne Menn. Dette skal staa fast som klinka i Berget. Høgremenn stod upp i Tingsalen og sagde, at det ikkje var aa undrast paa, um Regjeringi hadde gjort ubruklege Byrsurne paa Eksismoarne og samla Vaapen paa Akershus Festning; for det var kje vist, kva Folket kunne finna paa, so uppøst som det var . Regjeringi hadde Grunn til aa bua seg paa det verste. Dette vart sagt av Høgremenn i Noregs Tingsal. Og det vart sagt og sanna av kongeleg Statsraad Dahll, daa han skulde gjera Greide for det for heile Landet. Og Høgrebladi tek det uppatter. Morgenbladet, Aftenposten, Fædrelandet og alle hine forsvarar Aatferdi av Regjeringi med det same og paa same Maaten. Her gjeng det kje ann aa skulka seg unda og skulda det paa nokre einskilde Menn, heile Høgre hev som ein Mann sagt, at denne Byrselaasgreida var ein nødvendig Forsigtighedshandling mot Folket. Det skal staa vitnefast, at sjølve Regjeringi og Høgre hev gjenget med Otte for, at Folket kunne gjera Uppreist. Dit førde altso Selmers Politikk likevel. Høgremenn hev sagt det, Høgreblad hev sagt det, og ein kongeleg Statsraad hev sanna det. Selmer styrde Landet lik, at han sjølv var rædd for, at Folket kunne taka til Vaapen.

Riksrettsdomen var hard med Selmer; men det er kje Likning med den Domen, som han her hev fenget av sine eigne Menn.

Og endaa var kje Riksrettsdomen rettferdig!

Og endaa hev dei same Menn og dei same Blad sagt, at Selmers Politikk var Fredspolitikk. Selmer og hans Menn vilde Fred. Og so førde dei ein slik Politikk, at dei sjølve var rædde for Uppreist i Landet!

Desse Vitnemaali skal staa fast. Heile Høgre hev sagt det, og ein kongeleg Statsraad hev sanna det beint framfor Augo paa alt Folket.

Og for denne Politikken sin fekk Selmer Serafimerordnen med ein egenhændig Takkeskrivelse av Kongen. Folket utyver Landet log, daa dei fekk sjaa dette. Løni som Mannen fekk, høvde so godt til Daarskapen hans. Men ikkje det berre. Dei kjende denne Løningi av Daarskapen som eit Slag under Øyra. Fire Femtepartar av det norske Folket kjende dette Slaget. Og det var denne Kjensla, som Bjørnstjerne Bjørnson gav Ord. Men den kongelege norske Regjering skjynad det ikkje. Og so sette ho Bjørnstjerne Bjørnson under Tiltale!

Dette er kongeleg norsk Politikk i Noreg i 1884.


Hermod Hejmdal