17de Mai-Song.

 

70 Aar alt sidan 1814!

 

70 Aar alt, sidan me vart eit fritt Folk

 

 

Kven kann tru det? Naar ein hugsar paa, at me endaa maa liggja og dragast med Atte- gangarar fraa Einvaldstider, ja naar dei hev bitet seg so fast, at det lyt Riksrett til for aa verta kvitt dei _ og endaa er dei traude _ Mannsaldrar hev gjenget, og me hev inkje vortet vaksne i Fridomen vaar endaa.

 

Her hev voret Vaar, Vaar, altid Vaar, men ingen Sumar. So mange Tiltak, so mange Voner, so mang ein Knupp, so mangt eit gildt Mannsemne, men kor hev det vortet av det alt? _ Faae Tiltak hev vortet førde fram, faae Menn hev vortet heilvaksne og mogne. Aa for alle dei Sprettingar som inkje hev vortet til Blom _ Frost og Snjo hev kjøvt dei ned for tidleg.

 

Men nye Renningar hev sprottet upp att til kvar Tid, nye Emne, nye Voner _ vaarfriskt hev her voret altid, men aldri meir, aldri full Sumar.

 

Ja Vaaren, han er ven nokk. Det er gildt, naar Snjoen braanar, Vatnet silar, Æarne fløymer og Fossarne durar. Det er gildt, naar Mai turkar Jordi og Soli kjem so varm og god og fær Vollarne til aa grønska og fær Lauvet til aa spretta, og Dagarne verta so lange.

 

Aa ja det er gildt vera Ungdom _ naar Livet brusar, og Lengslurne strøymer _ dei gjenge og drøymer um ukjent Liv.

 

Men det er inkje godt hava Vaar altid – det armast ut Folket med desse Nyskapingar til kvar Tid. Gjev me helder fekk ala fram det gamle. _ Tru korleids det er laga med oss?

 

Skal me vera berre evig unge, skal me vera dømde til aldri aa faa full Vokster _

 

Skal me aldri verta Menn?

 

Skal det vera ein Folkesong hjaa oss til ævelege Tider, dette me syng og lengtar yver ”dei høge Fjelli”, men aldri kann koma, aldri kann naa?

 

Skal me vera dømde til ævelege Tider aa hava Fridom i vaare Lovar, hava Fridoms Lengslur i vaar Bringa, hava Fridoms Pris paa vaar Tunga _

traa, men aldri faa,

hava, men aldri bruka,

eiga, men aldri njota? _

det er gagnlause Ting.

 

Skal me sitja umynduge Menn paa vaar eigi Tuft i all Æva? Skal me ganga og tola Neising og Hæding av vaare eigne Born, skulde vera, til alle Tider? _

Det er ”vondt i Blygslo aa stande”.

Skal det vera Lagnaden vaar dette?

Nei, nei; me trur det inkje, det er inkje

annat enn den Lagnaden, som dei ”lagar sjølve”.

 

Her er daa eit Folk, det finnst daa Karmannshugen i oss. Og me trur at ogso ”Gud er attaat”.

 

Maidagen spratt med Blom og Ber i Hagen, og Bjøllur uppunder Lid.

 

Men me hev daa havt ein Junidag ogso, den 9de; han skal aldri forgløymast _ raud og ven som den friske Jordber, som fyrste Grøda um Sumaren.

 

Me hev alt naatt Fyresumaren _ og so hugs naar Juli kjem. Ja det kjem nokk. Me treng ein Dag til, før det er magnat og mogjet det norske Folket. Det skal vera ein Juli-dag, varm og tendrande klaar, med Høgfjellsluft . Vaare Glitretindar hev endaa ein ukjend Glans, dei hev inkje straalat fraa seg alt.

 

Dei segjer her er kaldt, her er ingen Sumarvarme, her finnst inkje Eld i det norske Folket.

 

Aa jau, berre rette Ylen kjem i Veeret.

Me tarv inkje syta _ me vil frygda oss i Vaaren, me vil sælka oss i den 17de Mai.

For sosannt det er Vaar, so vert her nokk Sumar.

Det kjem nokk.

 

Fraa baarutte Hav til lauvklædd Heid, fraa gulnande Aakrar til glitrande Tind _ her er Rikdom, her er Kraft. Og me skal nytta det alt saman.

 

Fridomen vaar skal blenkjast upp fullblank, Flagdet vaart skal fløyma fullreint og bera Folkeæra vaar ut til alle Land.

 

Det kjem nok _ ja, ja!

 

Frå Fedraheimen 17.05.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum