Til Olav Sande.


Gode Ven! I Fedraheimen No. 10 sender du ei nokot urimeleg Helsing til Styret fyre det norske Samlaget fraa ein god Maalmann her i Sogn.

Det (Samlaget) heve inkje gjort det, det skulde og kunde. Seg til det at dei maa taka seg meir saman, liksom setja ifraa nytt, drivne av Berners Freistnad paa aa skipa eit nytt Lag. Han hadde vel inkje prøvt med det, hadde det inkje voret ein Slendrian ved det det gamle... Saki veks no og krev meir Liv og Rørsla av deim, som sitt inne med Styringi. Samlaget burde gjera større Affærer no i desse Tider, daa Huglagi er mottakelege fyr Maalpaaverknad. Kannhenda, det inkje gjeng, som det skal, med Sendingi til Lags- folket helder. Bøkerne kjem inkje alltid so regeljamt og stødt, som dei skulde. Slikt vil inkje vera fyr ei slik Sak.

Kva er det fyr nokot, Samlaget skulde og kunde hava gjort, men inkje heve gjort?

Tru det inkje skulde vera sannare aa segja, at Samlagsstyret hev gjort baade det, det skulde og kunde, gjort baade myket og godt, so me er det stor Takk skulduge fyre Arbeidet?

Nei det er nog inkje Samlagsstyret, men me, som inkje hev gjort, det me skulde og kunde. Hadde me voret nokot meir um oss, so hadde me kannhenda fenget nokre fleire lagsmenner til Laget enn der no er, so Laget hadde havt fleire Pengar. Daa hadde og meire voret gjort.

Eg trur mest, det vert illt aa prova, at Samlagsstyret heve lagt seg paa Latesida. Er det Bokvalet, som er uliklegt? Heve Styret kannhenda vandat gode Bøker og prentat daarlege? Heve det kaupt nokot for dyrt? Elder kva er det?

Veit nokon ei god Raad elder ei Rettleiding aa gjeva Samlagsstyret, so meinar eg, at slikt vert umotteket med Takk. Men det maa daa segjast, kva det er, som skal rettast paa.

Ja, dei skal taka seg saman, drivne av Berners Freistnad paa aa skipa eit nytt Lag. Hev Samlagsstyret verkeleg leget paa Latesida likavel? Det er daa, og hev voret ihopesett av Folk, som i Kjærleike til Saki hev ofrat baade Tid, Arbeid og Penge fyre Saki.

Berner vilde nog inkje prøvt med det nye Samlaget, hadde der inkje voret ein Slendrian ved det gamle.

Undrast det? At det skulde vera slike Grunnar, Berner hadde fyr aa faa istand det nye Laget, det kann eg inkje faa ut av det, han hev skrivet um Saki. Berner, som sjølv hev voret Formann i det norske Samlaget, maatte no vel alltid vita aa finna ein annan og betre Maate til aa retta paa Veilor ved det norske Samlaget, um det var det, han vilde, enn aa skipa eit nytt Lag.

Samlaget burde gjera større Affærer no i desse Tider, daa Huglagi er mottakelege fyr Maalpaavirknad.

Ja, gjev det var so vel, at Folk no var slik, at Huglagi er mottakelege fyr Maalpaaverknad. Det maa syna seg paa den Maaten, at mange melder seg inn i det norske Samlaget og _ bitalar. At der er nokre fleire no enn fyrr, som talar um ein Interresse for Maalsagen, det kann vera bra nog; men lat deim i Gjerd visa, at dei er Maalmenner! lat deim tala og skriva Norsk, og lat deim ofra berre dei Kr. 4 um Aaret til det norske Samlaget, (desse Kr. som dei no etter mitt Skyn fær so rikeleg Bitaling fyre) _ og so skal me sjaa, kor stor Interessen for Sagen er! For man prøver Verden bedst, saa snart det gjelder Mynt, veit du.

Sannt er det, at Huglagi no er meir mottakelege fyre Maalpaaverknad enn fyrr; men det er vel det norske Samlag, som me skuldar mest Takk fyr det, og dei dugelege Bokskrivararne, som hev selt Bøkerne sine til Laget fyr den vesle Bitaling, det kunde bjoda.

Gjera Affærer, ja! Hev det norske Samlagsstyret Bøker liggjande, som det inkje hev gjevet ut, er det fyrdi Pengar til aa faa dei prentad fyre vantar. Det skortar inkje paa god Vilje elder Dugleik, det eg kann tru, hjaa Styret. Fyre Samlagsstyret aa byksa lengre enn Staven rekk i Pengevegen, um ellers nokon hev bodet det gode Bøker til Prenting, det kunde nog kallast aa gjera Affærer, men inkje gode Affærer. Skulde Samlaget senda ut Folk til aa halda Fyredrag um Maalsaki? Ja det kunde kannhenda inkje vera so galet, og hadde Laget Pengar, gjorde det vel ogso detta; men Mynt maatte daa til , helst um ein skulde faa dugande Folk til eit slikt Arbeid.

Korsomer trur eg no mest, at eit sovoret Arbeid inkje trengst so hardt um no lengre, daa venteleg kvar Bygd hev ein Maalmann sopass, at han kunde taka paa seg aa gjera Folk kjende med Saki.

Bøkerne kjem inkje alltid so regeljamt og stødt, som dei skulde.

Ja, det er sannt, at so gode Bøker, som Samlaget hev voret istand til aa gjeva ut, er det inkje rart, at Folk lengtar etter aa faa Fat i trast; men hender det, at dei inkje kjemi rette Tid, so er det no berre 5 Øyror det kostar aa melda dette til Reikneskapsføraren fyr Laget.

Til Slutt lyt eg faa Lov til aa bera fram mi varme Takksemd til Samlaget og dets Styre fyr det, det hev gjort fyr Maalsaki, medan me andre hev leget i Daudvatnet elder og inkje hev dugt til aa gjera nokot. Eg skal berre nemna Salmarne, Bibelen, Norigs Soga og Vinjes Skrifter! Det er Bøker, som til alle Tider vil gleda Norigs Folk!


Gloppa d. 20de Marts 1884.
  
Din Ven
 
Elias Melvær.