Paa Havet.


(Skildring fraa Sunnmøre).
 
(Del 1 av 2.) 


Ondt ofte lider den Fiskermand segjer Claus Friman, og det er sannt. Det er mangt eit surt Tak, mang ein svolten Mage og mang ei vaat og svevnlaus Nott der ute, ute paa det ville Havet, som inkje dei forstend, som heile sitt Liv igjenom ruslar paa Landjori og aldri set sin Fot i ein Baat utan for Lyst Skuld. Det er mang ei grufull Nott med Forlis og Mannetap, mang ein tung Støyt for dei, som liver att, naar Uveeret hev rast yver, og mangt eit ofjelgt Syn av svolne sundslegne Lik og rekande Vrakstompar, som vilde setja ei livslang Kjøld i Bloe paa uvante Folk. Men i all den Kamp mot Veer og Vind, millom Holmar og Skjer, i Kave og Myrkr; heile den Rædsla for det fælande Kav, som til kvar ei Tid er ferug til aa sluka eit Menneskjeliv, berre Baaten gjeng runnt _ i alt dette er det likevel nokot lokkande, ei Kraft, som dreg sjølve den rædde ut paa det faarlege Kvelv, og det er _ Rikdomen i Djupet.

Heile Havet er liksom ei stor Gullgruve men tekt; so alle veit, at det er Rikdom; men ein veit inkje plent kvar Rikdomen er, hell naar ein treffer honom. Og det er Tanken um aa slompa paa ein Gullklomp, som dreg so mange ut. Enn um eg i Dag finn ein slik Klomp, ein Klomp, som kanskje kann berga Livet i Kona og Born ei heil Vika, ein heil Maanad, eit heilt Aar _ ja enn um; og so dreg dei ut med gilde Voner utan aa tenkja paa Faaren.

Det er eit undarlegt Liv Fiskarlivet; utan nokot Grunnlag, utan nokot fast aa stydja seg til. Det er villt og fritt, utan Band og utan Fyremaal i seg sjølv. Det er fullt av Fatigdom og Faare, Latingskap og Helseslit, fullt av store Innbilningar um Lukka og Slompetreff. Og Slompetreffet er det, som gjer rike Fiskarar. Difor er der helder inkje nokot Framstig hell Tiltak i Fiskararne. Dei liver seg inni gamle Domar imot alt nytt, og dei vannvyrder all Utvikling, daa dei ser, at Daning og Upplysning lite hjelper til, at Fisken biter paa hell gjeng i Garni. Det einaste, som dei ser hjelper, det er Trott og Mot. Og dei er trottuge desse Folk. Sitja Dag ut og Dag inn med Snøret i Handi og venta paa, at nokot skal bita i! det skal Trott til slikt. Aa men det er nokot som leitar paa aa liva heile sitt Liv i Svikne Voner. Den sterke Trui paa Slompetreff kverv vekk med Aari, og heile det rike Innbilningslivet verte sistpaa berre eit tongt, seigt Vaneliv, utan Framstig og utan aandeleg Bløming. Det vert traatt og løyndomsfullt som sjølve Havet. Alt dette med Lik og Vrak, all den Faaren og alt det vonde, som Fiskaren lyt bita i seg, venjer honom til aa taka alt med den same kalde Ro. Naar Fisken spralar i Hundratal innyver Kjempa, naar Baaten i Kolmyrkr og rivande Blaastr tomlar millom Skavlar og Skjer, naar han i full Vødning med ei Lina um Livet kastar seg i Havet for aa riva ein sundslegen Kamerat fraa dei hjartelause Byljurne _ han er støtt den same rolege, innestengde Karen. Eit gledelegt Smil og ei underleg, tong Hyrping med Lippurne er mest alt, ein kann merka paa Sinns-skifte. Han kann bøygja seg yver det styggaste Liket og sukka for seg sjølv: Det var hans Lagnad. Idag deg i Morgon meg. Han klagar inkje med eit Or, jamrar seg inkje for dei andre; kanskje ei salt Taare trillar nedyver det veertekne Andlitet; men det er ogso alt. Var det ein av dei fine, som stod og saag paa ei slik Stund, vilde han verta arg, kalla honom eit følelslaust Beist og gaa. Men innunder den store ubendslege Skinnstakken, under den kalde, rolege, veertekne Hamen _ inne i Hjarteroti, der er likevel ein merkjeleg Yl*) so fjelg og go, at dei vilde undrast dei fine, um dei kunne faa ein Blink av det. Og denne Ylen kann stundom loga sterkt upp inkje til Or, men til merkjelege Gjerningar.

Eg var liten endaa, berre 13 Aar; men likevel gjekk eg og drøymde um Baatar ladde med spralande Fisk, um store Byljur, rjukande Storm, og oftast var eg sjølv Styremann og sto med Volen i den eine Handi og Skautet i den andre, med stort Skjegg, store Styvlar, ei stor Hette paa Hovude og stirde fram i myrke Notti med Snødriv og Sjøskvett like i Syni.

Dei var lange desse Skuleaari før eg slapp for Presten _ og før kunne eg inkje ro Fiskje. _ Fleire Skulekameratar, som berre var ei 2 _3 Aar eldre, sat alt og prata so vitugt med Gamlekararne um Bodanne, Klepsgagna, Hoggaskallanne, Vaulen og alle desse Skjer og Fall og Fiskeplassar og Innlaup og Utlaup, som er so naudtrongt aa vita for ein Fiskar. Dei flirde aat meg og kallad meg Smaagut. Det skar meg vondt i Bringa, og kom eg berre ut, so skulde eg nokk visa dei, at eg inkje var nokon Smaagut.

Det leid aat Kyndelsmyss. Karfolket hadde alt fraa Nyttaar havt det annvint med aa gjera istand Fiskegreidur, og daa det leid aat Tidi, at dei skulde reisa, vart det endaa verre. So kom Reisedagen. Kjeringarne sprang fraa det eine Hus til det andre, spurde og frettad, pakkad saman og styrde til, og Gjenturne hjelpte dei. Karfolket sprang fraa og til Sjøs, stritad og bar og kastad i Baaten, og Ungarne sprang og slogst og gjekk i Vegen for dei andre. Og so bar det avstad. Kjeringar og Gjentur, Ungar og gamle Kallar sto att, bibrad og skalv i Vintersnoi og stirde paa Segli, som for ut etter Fjoren, til dei smatt framum eit Nes og var vekk; men daa var det som eit Ljos sloknad. Neset stengde alt Liv, all Gleda og all Trøyst ute. Det vart so tomt og øyde og so fælande tungt. Sjølve Gardarne saag ut som dei sturde for den lange Vinterbolken; dei klengde seg upp under Fjellveggerne og vart graae i det kalde Vinterveeret. Enno eit Augnakast ut etter Fjoren; Taare trillad nedyver Kinni, eit hjartelegt Vaarherre vere mæ dei og so gjekk kvar til seg.

Der gjekk eg Dag ut og Dag inn, berre lengtad ut til Fiskeværi, lengtad etter aa verta stor.

Men ein Dag skreiv Far, at eg skulde faa koma ut for ein Snartur. Eg vart hoppande gild, gjore meg færug i ein Fart og reiste med fyste Far. Leidi gjekk i mange rare Krokar, igjenom tronge Sund og stride Straumar, og eg kunne inkje skyna, at Folk skulde finna Vegen. Etter kvart som me reiste, opnad det seg nyesmaae, tronge Sund; men attanfor gjekk Oddarne ihop og stengde som ein Mur. Endeleg var eg paa Nerøyi, ein stor, vid Holm med naken Bergskrantar, Moldmyrar og Lyng. Der var Øyar og Holmar runnt umkring, utafor og innafor, som stengde Havbaara ute; men likevel hadde Vaarherre fyr Sikkerheit gjort eit stort Grip inn i Holmen for aa gjera det endaa sikrare. So der var det ei oveleg go Hamn med trongt Innlaup og ei vid romsam Vik innafor. Tvo Dagar gjekk, og det var fælt fint Veer. Daa sa Far, at verte dæ slikt Veer i Morgo mæ, so ska du faa vere mæ paa Sjøen.



*) Yl = Varme.