I Danmark


er det utrulegt framkomet.

Folkeskulelærar Kuløy var her nyleg og tala i Ungdomslage her i Sparbu. Millom anna fortalde han au fraa Danmarksreisa si til Minnefesti etter Grundtvig. De var morosamt aa høyre han fortelje om henne. Eg skal inkje nemne anna enn de han fortalde om dei store gilde Samlingshus i Danmark, der Folk kom saman og høyrde Foredrag og samtalde om ymse Ting. Idrottsøving hadde au Ungdomen gjerne i dei Husom. Dette laut vi her i Noreg faa til au. De laut i de minste vera eit sovore Hus i kvar Bygd. Og vi, som gjerne hadde Raa til aa tømre oss so store Hus, maatte vel vera Kar til aa faa til eit sovore Samlingshus for heile Bygden lel. Eg synes og, at de er reint naudturvelegt, at de vert sovorne Hus her i Lande ogso. Folk fær no meire og meire Hug til aa koma saman og samtala om de, som er oppe i Tien, og likeleis tek Folk meire og meire aa faa Hug til aa faa sume Menn til aa koma aa halde Foredrag aat seg. Men de er leitt me di no aa faa i lagleg Husrom til sovorne Møte, imot naar ein hadde eit stort Samlinghus berre til de Brukje. Eg trur, at fær vi inkje snart til sovorne Hus, so kjem de til aa seinke Utviklingja hjaa oss inkje so lite. Men eg vone, at om nokle Aar, so er de sovorne Hus i mange Bygde. De er inkje so faa, som held paa aa snakke om dette no, og i some Bygde har dei kanskje tekje aat me Arbeie au. De gjeld om aa vera samhalduge.

Ein Ting skal eg nemne enno om de, han fortalde om ifraa Danmark. Han sagde at han hadde vore i ei Kyrkje i ei Valsokn. (Eg trur de var nær ve Aarhus, og sovitt eg hugse, so heitte Presten Theilmann): De var framifraa huggelegt aa vera der, sagde han, baade de aa høyre paa Presten og so paa den væne Salmesongen der og so aa sjaa paa, kor naturlegt alt var og gjekk for seg der. De var inkje so stivt og kaldt som i vaar Kyrkja. Presten budde tett ve Kyrkja, og de var fullt av Folk inne hjaa Prestefolkje den Sundagen, sagde han. Han og dei andre Normennerne vart reint op i Gap over aa sjaa dette, og ein av dei spurde, om de var soleids kvar Sundag der. Prestefolkje sagde, at de var so, og dei ynskte gjerne, at de var so; for daa fekk dei tale me Folkje, som dei so gjerne ville. De var lett aa sjaa, at Presten høyrde til Folkje, var inkje framand for dei, sagde han.

Aa, jau, de er noko soleids hjaa oss au ja. Men eg trur au, som Kuløy og trudde, at de vart betre hjaa oss au me Samlive imillom Menigheitom og Prestom, vart de Valsokner.


Sparbu _31 _3 _84.

O. Aa