Han Godfar¹).


Han var Smed han Godfar. Han var inkje mykje heima; han for jamnaste kringum i Bygdom og gjorde Smidjested elder vølte gamle. Fraa desse Ferdom hans er det mange undarlege Forteljingar; og eg skulde skriva ut ei heil Bok med slike; men eg minnest inkje att Helvti taa alle dei, eg hev høyrt.

Det er nett so mykje eg minnest honom no. Han var i ei Likveitla, og etter den vart han laak. Han laag ei Stund heima hjaa oss; men sidan vart han flutt heim, og der døydde han fælt gamall. I 1808 var han med i Krigen; men han var inkje med i nokot Slagsmaal med Svenskom.

Heima paa Garden sin hadde han Smidja si, og ho stend der endaa. Der heldt han seg stødt, naar han var heima. Han var inkje braadhastig; og det var sjeldan aa sjaa honom sinnad. Men vart han fyrst upptergad, var han inkje god aa hava med aa gjera. Han var støtt spøkjande, helst naar han var i Smidja. Naar ein taa Drengjom hans slo feilt stundom sa han: Du treffer inkje Smidja helder du. Og naar han totte, dei slo forlitet til, sa han: Daska berre til du, Jarnet er inkje saart.

Han var ofta i Bergen, og der hadde han mange Vener. Eingong han var der, gjekk han framum ei Smidja. Der inne stod tri Mann og smidde paa eit stort Skjepsankar. Dei hadde nettupp fenget Hiss paa og skulde sveisa; men so fingo dei inkje detta til, og daa hadde inkje Ankaret voret brukande meir. So sprang han inn i Smidja og ropte. Rom! so det glomde i Veggjom og treiv Hamaren or Handi aat Smeden og byrjad hamra paa Hissen, so det song i Stedet og sveiste det soleides ihop aaleina. Det var so heitt, at Hudi rullad paa Armom hans; men slepte gjorde han inkje.

Eingong skulde han til Støls. Um Morgonen, daa han skulde fara, spurde han Kona si, um Biskjen²) var ferdug. Nei, sa ho. So gjekk han burt i Smidja og smidde fira nye Sko og Saum aat Øyken, og la deim under til dess Biskjen var ferdug.

Ja, han Godfar han var ein taa det goda, gamla Slaget. Ret han Godfar! Eg gløymer honom aldri.


Olav Voss.


¹) Dette er ein norsk Stil av ein Skulegut _ inkje Latinskulegut, dei er nokk inkje komne so
langt endaa.
²) Morgonmaten.