Fraa Vinje.


Hr. Bladstyrar! Daa eg fraa Vener og Motstandarar (sjaa Bratsbergs Amtstidende No. 26 d.a.) er paaskundat um aa kunngjera nokot i Bladi um Vinje Vinstresamlag, so maa eg beda deg, Hr. Bladstyrar, gjeva Rom fyr det vesle, eg hev aa fortelje.

Vinje Vinstresamlag vart skipa den 12te Januar 1884 og vedtok fyr seg Folkehøgskulelærar Jakob Sverdrups Lovutkast, umsett paa norsk. Medlemstalet er 70; derav er 44 røysterettuge. S. B. i Bratsbergs Amtst. kann nokk segja dette er smaatt; men no vil eg beda han likne dette ihop med Røystetalet, som det fall ved seinste Valmannsval. Daa møtte, ettersom eg minnest, 77 hell 78. Derav kom paa Høgre 22 og paa Vinstre 55 til 56. Tak so med i Reikningi, at Grungedals Aneks er meste heilt uttamed. Det er berre tvo Mann i heile Aneksa med i Samlage, so maa S. B. kunne skyne, at Samlaget heve Stordelen av dei røysterettuge i Hovudsoknet og Nesland. Men det sama vil eg spyrje S. B., kor han vil finne dei mest fremragende Venstremend, som han viste inkje vilde teikne seg i Samlaget, etter som han skreiv i sit fyrre Stykkje i Brtbs. Amtst. Og so kann eg fortelje, at der inkje er gjort hvad gjøres kunde for at samle Medlemmer. Me hev inkje gjort oss nokot Stræv med aa faa inn Likt og Ulikt. Det er i den Retning at Høgre plaga hava sin Styrkje. Kvi hev inkje Høgre i Vinje gjort ein grundlovstro Forening? Det høyrdest daa inkje ut til annat hell at det var i Gjersla ei Tid. Eg er rædd at det hev seg, som sagt er eg, at dei totte, dei befandt sig i en meget liden Kreds. Dei maatte vist slaa Lag baade Vinje og Rauland og kanskje Mo med før dei fann 44 røysterettuge Høgremenn.


Vinje 11/ 4 84.

Aslak Haugen.